Lussi-tradisjonen

Klikk for stort bilde "Håløygminne" 1-2001

Av Finn Myrvang

Årstalet 2000 fortonar seg skilsettande når det gjeld sjansen til å finne folketradisjon og tru som berre er overlevert munnleg og upåverka av litteratur eller massemedia. Det vil seie, folk fødde før 1940 har naturleg nok nok meir å fare med i så måte enn dei som er frå åra etter 1945.

Folketradisjon av interesse i samband med den etter kvart så populære Lucia-feiringa er det i alle høve lite av her nord, som elles i landet. Vi nøydest derfor å gå nettopp litterært til verks for å finne haldepunkt. Først ein oppslagsartikkel i Norsk Allkunnebok, signert Kjell Bondevik:

"Lussi (lat. Lucia, ljosgjenta), heilagmenne, leid martyrdauden i Syracusae om lag 304, minnedag 13. desember (lussimessa, gno. lúciemessa). Legenda fortel at Lussi vart ståande uskadd i eit brennande bål. Ho er symbolisert med ei brennande lampe i handa. Etter folketrua gjekk Lussi rundt i husa julekvelden. Kom ho til ein stad der ikkje alt var i orden, hemnde ho seg. - Lussiferd, daudingar som fer ikring i julehelga, jamfør oskorei".

Norsk Allkunnebok fortel vidare om Lucia-feiringa: "Frå 1927 har det vori vanleg å velja ei Lucia-prinsesse i Stockholm. Ho skal vera kvitkledd, ha brennande lys i ein krans kring hovudet og fleire terner. På Lucia-dagen (13. desember) vert ho førd i triumftog gjennom gatene. Lucia-høgtida breidde seg snart til andre svenske byar og tek no også til å bli vanleg i Danmark, Finnland og Noreg".

Norsk Allkunnebok har òg eit anna oppslag signert Kjell Bondevik: «lussinatta (gno. lúciemessu-aptann), natta mellom 12. og 13. desember, vart i folketrua rekna for lengste natta i året. Då kunne dyra tale. Kua beit tre gonger i bandet av svolt og sa: «Lussinatta lange». «Ho er som to», svara veren, og geita banna. Truene om skrømt, trolldom o.a. heng saman med solkverven»

Frå Velfjorden har Knut Strompdal tilsvarande tradisjon, i si folkeminnesamling "Gamalt frå Helgeland I" frå 1929:

"Løssilangnatta er lengste natta i året. Då snur oksen seg to gonger på båsen, og kua bit tre gonger i bandet og segjer: «Løssinatte, lange natte!» «Ja, ho er som to!» svarar veren. Den natta er horna lause på kyrne. Det var eingong ei kjerring som skulde til fjøset og bitta ei ku den natta. Ho kom uviljande til å rykka til og fekk hornet i nevane, men ho var snøgg nok i snuinga, ho sette hornet på igjen, og det grodde fast".

I si første folkeminnesamling "Folketru og folkeliv på Hålogaland I" frå 1935 fortel Johan Hveding litt av det same: "Lussinatta vart rekna for den lengste av alle vinternettene. Då kunde alle krøtera tala. «Lussinatta ho e lang!» sa sauen. Kua svara: «Låå-ng!» (Nordre Hålogaland)".

Vidare finn vi i E. Vegusdal Eriksens bok "Atterklang fra gammeltida. Folkeminne fra Beiarn I" fra 1953: "Løssinatta, natta til 13. desember, var horna lause i hodet på kjyrne i fjøset, så de kunne snus hit og dit. Den natta spøkte det, og kjyrne kunne snakke seg imellom, og klaga da over å lang natta var".

I mi eiga folkeminnesamling "Huh-tetta. Folkeminne frå Andøya I" frå 1974 fekk eg med ein rest av den same tradisjonen, slik farmor mi kjente han:

"Lussi Langnatt er så lang at då kryp tipa (lusa) 7 senglengder. - Den natta beit kua tre gongar i bandet og sukka, sa de gamle, og veren svarte ho: «Lussi-natti lange, ho e som to!»" Som vi ser, her smett også lusa inn i folketradisjonen, takk vere tilfeldig likskap orda imellom.

Heildekkande kjennskap til nordnorsk Lussi-tradisjon har eg ikkje, men om så var at denne tradisjonen først og fremst var nordnorsk, ville nok Kjell Bondevik ha nemnt det. Så eg går ut frå at vi tvert imot kan finne det meste att i andre landsdelar.

Men i den nordnorske tradisjonen, ser det ut til, er den trua fråverande at det fanst ei Lussi som for rundt i husa hos folk ved juletider, for å hemne seg dersom ho fann noko ho ikkje likte. Ei merkeleg åtferd, forresten, for den som helgen skulle vere! Kjell Bondevik har sikkert rett i at dette er tradisjon som opphavleg var knytt til solsnufeiringa. For å få full forståing bør ein vel også ha kunnskap om farne tiders årsinndeling (juliansk og gregoriansk kalender mm).

At nemninga Lussi langnatt har sitt utspring i feiringa av Luciemessa er det liten tvil om, og kvinnenamnet var ikkje lite brukt. Om det seier Norsk Personnamnleksikon m.a.: "Kjent i Noreg sidan 1300-talet. Ganske vanleg på Nordvestlandet, i Trøndelag og Nord-Noreg på 1700-talet, dels skrive i dei norske formene Lussi og Løssi (Møre og Romsdal)".

Det er å føye til at namnet òg var i bruk i samiske miljø, t.d. i noverande Andøy kommune. I Hasselbrinks sørsamiske ordbok er då også kvinnenamnet Lussjije heimla til Røros (etter Knut Bergsland), mens Lussi så vel som Marsja og Pirkit (Birgit) er ført opp blant slektsnamn i Grundstrøms lulesamiske ordbok.

Klikk for stort bildeLussidalen og Finnvegen (med markør) Låvong i Leirfjord. Norgeskart  

Eg har grunda noko på det at ho Lussi sjølv glimrar ved sitt fråvær mens det er "obligatorisk" i tradisjonen at husdyra kan tale denne natta, men ikkje har anna å seie enn at natta er lang. Like påfallande, om ikkje meir, er fenomenet med horna som sit lause i skallen.

Eg trur - vel å merke trur - at Lucia-tradisjonen er blitt språkleg kopla i hop med det dialektiske løsse (på), losne, laus osv. Det ligg iallfall snublande nær som forklaring på fenomenet med dei lause horna! Eg veit ikkje om denne spesielle tradisjonen også kan vere kjend blant samane og altså derfor heller ikkje om det er grunn til å tenke på ei parallell "fortolking" ut frå det tilsvarande luovos, luovas, luoves "laus".

Det finst likevel noko anna i den nordnorske tradisjonen som klart peikar i samisk lei, og det er den sterke understrekinga av at Lussinatta er så lang. I Leems samiske ord- bok finst nemleg "lus-igj, Vinter-Soelhverve, den længste Nat, solstitium brumale", noko Friis seinare tar med i si ordbok med skrivematen "lus-igja, lus-ija, men elles med akkurat same forklaring.

Nord- og lulesamisk idja (sørsamisk jijje) tyder rett og slett «natt». Men som vi ser, lus-idja (evt. lus-jijje) er snublande likt kvinnenamnet Lucia, Lucie, Lussjije. Korleis er samanhengen?

At eit samisk innlån *lussi-idja «lussinatta» kunne bli til lusidja er rimeleg. Men det kan nok ha blitt omtolka med tida, for i (nordleg) sørsamisk vil lossede seie "tung": Hasselbrinks ordbok har det både i forma lussede (uttalt lossete) og lussejes, nokså likt med formene i Nilsson-Mankoks sørsamiske ordliste, men i sistnemnde er især samansettinga lussnatur "tungsinne; svårmod" interessant, jf. det nordsamiske lossalunddot "treig, langsom" og enda meir lulesamisk lås(s)ålussjat "anse, tycka att något är for tungt" (Grundströms ordbok). I nordnorsk tradisjon er hovudpoenget at Lussi langnatt er lang og tung.

Så mykje om ein nokså utviska og utspedd nordnorsk Lucia-tradisjon. For å gardere meg mot misforståingar bør eg nok føye til at i nordlandske stadnamn finst det eit utmerkingsledd Lussi- som ingenting har med Lussi langnatt å gjere, knapt nok med kvinnenamnet Lussi heller, og det er namn som Lussidalen i Leirfjord, Lussiholmen i Vestvågøy, Lussihagen eit par stader i Evenes - truleg også Lossihagen eit par stader i Narvik kommune. Saka er at nordsamisk livvasadji «kvilestad (for dyr), nattelæger» svarar til eit sørsamiske lovvesijjie, lyvvesijjie, eller endå kortare: lusjijje (Qvigstad). Samiske målføregrenser i gammal tid, det blir eit heilt anna ordskifte.

I alle tilfelle, spor i ord av det slaget eg har drøfta framfor får visseleg ingen konsekvens for nyare tiders misseprega Lucia-feiring, der det spørst mindre om lus enn om sus i serken.