Massing i stadnamn

Klikk for stort bilde Av Finn Myrvang

Metallet massing, no helst messing, heitte somme stader og masing (Aasen), tydelegvis også i stadnamn som Masingmyra i Alvdal, Masingtjørna i Oppdal, Masingvollen i Vefsn kontra Massingtjernet Øystre Slidre, Massingtjørna i Røros og Gausdal. Men som Indrebø sa, «det synest vanskelegt at dei skulde kunna innehalde metallnemnet massing, um dei so kanskje no associerer seg med det ...... Sidan ein i Kvikne i Nord-Fron ved sida av gardsnamnet Massing har det samansette elvenamnet Massdøla, lyt vel gardsnamnet der òg vera samansett ...... Men det synest underlegt at eitt og same elvenamnet – burtkome no – skulde ha funnest so ofte samansett nettopp med ordet eng f. (um namneleden -ing er ordet 'eng' då) (Indrebø 1923: 133). Framfor alt tenker han då på Massengen |''massingen| gn. 61 i Askim, historiske former Maßeng 1593, Maßengh 1604, Maßing 1612 og 1616, Maseng 1723. Jf. Norske Gaardnavne 1 s. 43: «Aabenbart en Sammensætning med eng f, forandret som ved Trøgstad 94,4 og flere tidligere anførte Navne. Samme Navn vel Massing i Kvikne [sjå kartet under], S, N. Fron. Hvad 1ste Led er, bliver ganske usikkert».

Klikk for stort bildeMassing i Nord-Fron. 

Historiske skriveformer for Massing i Nord-Fron er Misßinng 1604, Masingen 1668, Maßingen 1723: «Maa være samme Navn som Massingen i Askim...Sidste Led er vel her, som der, eng f. Skulde man ved 1ste Led kunne tænke paa Mas n., der bruges om møisomt, tidsspildende Arbeide og lign.? Paa Vokalen i 1ste Stavelse i Formen fra 1604 tør jeg ikke lægge nogen Vægt» (Rygh, NG 4: 102).

Kor det no enn kan ha seg, går masing, massing og messing igjen i ei rekke namn frå Nordland, Trøndelag og Austlandet. At dei austpå også har Massingsmed-haugen, -myra, -sundet, -tjernet og -vollen synest gje meir meining, ettersom yrkesnemninga messingsmed var kjent, og her bør kanskje Massingsteinåsen i Rømskog reknast med, men flesteparten av namna elles er uforståelege. I omtalen som kjem er dei uforståelege ordna grovt alfabetisk:

Massing

i Nord-Fron er ein gard i skråninga under Massinglia. Nedanfor garden, ved elva Vinstra, ligg dei bratte Massingbakkan der smale, parallelle jordryggar ligg tett i tett, tydelegvis eit erosjonsfenomen (s. 1, kartutsnitt). Sideelva Massdøla fell ut i elvebøygen tett ved.

Massingen

(Massengen, Maseng) i Askim ligg, til forskjell frå Massing, i fullstendig flatt lende, men like vest for Masseng-bruka har erosjon laga fleire tungeforma oddar. Noko av naturlandskapet er skipla under bygginga av E18, men innskjeringane er framleis tydelege.

Klikk for stort bildeFjellet Massingen (ikkje Messingen) i Rana 

Massingen

|''massiᶇen|, eit fjell i Rana, har gitt namn til gnr 69 Massingsletta med avfolka underbruk Massingenget |''massiŋeᶇᶇe|. Lenger nord kjem gnr 70 Massingslettsætra, i flg. NG og ein informant frå nabogarden Stormdalshei berre kalla Loppheia. Ein bekk mellom Massingsletta og Massingenget ber namnet Massingåga, men det heiter også den mykje større åa som renn i dalen på austsida av Massingen og ut i Ranelva. Trass i at tradisjonsrett Massing- i alle desse namna er blitt «korrigert» til Messing- på karta har tradisjonsrett uttale av eldst type overlevd i namnet Masinggjuta, nær osen av den store Massingåga austafjells.

Særmerket for Massingen er parallelle ryggar som strekker seg sørover, frå toppen av, med lange skard eller minidalar imellom, dei djupaste i vest. Dei går over i vedhenget Litlfjellet i sør. Massingsletta ligg tett opp til, og den minste Massingåga er sørgrense. Liknande ryggar sluttar seg forresten til Massinghammaren ved Alsvik i Gildeskål.

Klikk for stort bildeMassinghellaren under Vialoftet ved Storeide i Sørfold er ein fald eller brett i fjellet. Kartverket. 

Massinghellaren

i Sørfold ligg under den tungeforma enden av det lange, bratte Vialoftet, ei fjellhylle med bråbratt framkant. Ovanfor kjem ein ny og mykje lengre fjellkant, der òg med ei flate ovanfor. Den eine «fjellbretten» ligg såleis over den andre.

Messinghola

isolert lægd i berget som dei iblant henta sauer frå) og Messingfloten (grasflekk det òg) er lokalitetar i fjellet ved Evjen i Borge i Lofoten. Dei er små, og kartet gir eit mangelfullt inntrykk, men fjellet går i tilnærma trappeforma avsatsar tett ved, både nedanfor (i austkant av) og ovanfor (i vestkant av) Benkmyra tett ved. Også det siste namnet seier litt om topografisk samanheng, jf. neste.

Massingholet

med Massingtjønn ligg i utkant av Gausdal nær grensa mot Sør-Fron. Den vide, avrunda Fatkvolven svingar inn frå aust og ender i vest i ein lang, bratt fjellkant mot ei flate: Der finn vi Massingholet med Massingtjønn. – I nordkant er flata smal, for der stig ein ny bratt kant opp mot fjellet som heiter Nordre Langsua. Sørom Massingholet stig Hyllefjellet gradvis med meir moderate skrentar, men endar i Søre Langsua, som òg er brattkanta. Hylle- eller «fjellbrett»-strukturen er mykje lik den som er skildra frå Sørfold. Namnet Langsua går på det same, jf. su f om stad der bord blir lagt kant over kant (i vegg el. båtside). Det er især treffande for «hyllene» i framkant av Nordre Langsua.)

Klikk for stort bildeMassingholet og Hyllefjellet i Gausdal har bratte fjellkantar. Norgeskart. 

 Klikk for stort bildeMasingtjønna i Oppdal ligg under det særs uslette fjellsida ved Mjøasætra. Norgeskart. 

Massingkjølen

i Selbu er ei eller kanskje rettare to svært krokute myrar nær Renåa vestom Selbusjøen, og tett ved er ein lang, bråbratt fjellkant, ikkje særskilt namnsett på kartet.

Massingmoen

høyrer til gn 36 Rengård og ligg tett vestafor ei stor sving i Beiarelva, likt det vi ser ved fleire Massing-lokalitetar. Her er vi rett nok i ein del av Beiarn der 5 ranværingar flytta inn, frå 1820-åra av, så namneoverføring frå Rana kan ha skjedd. Masingmyra har dei i Alvdal: frå den renn Masingbekken, først i slett lende, men så kjem det eit ekstremt uslett terreng på austsida av bekken – namnlaust på kartet.

Massingtjernet

(-tjednet) i Øystre Slidre er å finne på søraustre enden av ein langsmal, bratt fjellformasjon Brummaknappen: Ein lang tange skyt seg inn i tjønna og forsterkar ei allereie bøygd eller «bretta» form.

Masingtjønna

ligg under den uslette fjellsida ved Mjøasætra i Oppdal, men eit like stort særmerke er kanskje at den halvøya som skil tjønna frå Orkelsjøen i nord har ein uvanleg, særs «innkrøkt» fasong (kart s. 4). Massingtjønna i Røros har òg bøygd form, men namnet kan like snart gå på at ho ligg sør for og tett opp til ein stor krok i Strømmeelva, som renn frå Stikkilhåa til Hittersjøen.

Messingtjønne

i Folldal ligg på i nordenden av svært ved store elvekrokar (meandrar) i elva Atna. Det minner både om tjønna i Røros så vel som situasjonen på Massingmoen i Beiarn og om kroken i elva Vinstra ved Massing i Nord-Fron. (Heilt annleis då med Messingtjønna i Stjørdal, som er lita og rund og fri for særpreg. Ho må ha fått namn av andre grunnar, jf. omtalen av Messingkasa og Messingrød nedanfor.)

Masingvollen

i Vefsen ligg nordom Luktvatnet, for sørenden av ein lang åsrygg som saman med fleire mindre av same slag austafor gjer fjellpartiet «rukkut», jf. Massing, Massingen Masingmyra og Masintjønna især.

Messingrød

og Messingkasa er to gardar i Sarpsborg. At namn på Masing- og Massing- på sine stader kan ha blitt «modernisert» til Messing- ville i og for seg vere sannsynleg, men endå terrenget kring gardane er uslett, finn vi ikkje lange, parallelle ryggar el.l. Det viser seg dessutan at skriveformer på Missing-, Messing- og Mæssing- er historisk unge: Frå 1400- talet og framover har vi i staden talrike belegg for Missæ-, Missa-, Mise-, Meiße-, Miße- heilt fram til siste fjerdel av 1600-talet 1 . Kva det tyder treng vi ikkje ta opp her, men namneforskaren Kåre Hoel meinte Messingkasa oppstod av *Messingrødkasa, opphavleg om Ødegarden («Norske Rud-namn» s. 472).

Så langt om variantar av Massing-namn, kortfatta. Som Indrebø var inne på, er det naturleg at namna har vore assosierte med metallnemnet massing. Det overraskar då at Massing ikkje oftare er «modernisert» til messing, sml. Messingmalmvatnan i Sørfold. Elles er alt nemnt 2-3 andre namn som gir «metall-assosiasjonar»: Det lange og tronge Massingsmedsundet i Gran har ein nærpå vinkelrett bøyg (Massingsmedtjern attmed er nok sekundært). Massingsmedvollen og især Masingsmedenget i Tolga ligg ekstremt «rukkut / rynket(e)» terreng, og Massingsmedmyra på Røros liknar den litt innsvinga og tungeforma Massingkjølen i Selbu, men vi får lite på yrkesnamnet og sjå bort frå desse namna.

Kva tyder namnet Massing(en)?

Sørsam. máhts-, som nok tilsvarar nordsam. máhtsú- (máhco-), tyder i flg. Björn Collinder «vikt, lagd dubbel; tillskrynklad» (attributivt). Han nemner máhttse «fald» og máhttse, pres. part. av máhttsat «vende om» og reknar med máhts- som utmerking i sørsamiske stadnamn, med fleire døme (OSLO 125). Det ser elles ut som meir enn eit tilfelle at matts tyder «bukt, brei vik» i skoltesamisk (Qv 1944 nr 584) og at Nord-Noreg har mange Mads- og Massvika'r. Sjå også kart over Masstinden i Lofoten på s. 7.

Collinders sørsamiske máhts- kan vi samsvar med gjeldande rettskriving stave maahts-, men kva med Masing- og Massing-namna, avgrensa til sørsamisk språkvald frå Rana og sørover? I sørsamisk er det systemrett at t.d. tjaeledh v. «rite inn, skrive» gir tjaalege «rit, skrift, noko innrissa» (Bergsland 1982: §113), og i grunntyding aner vi eit tilsvarande samband mellom maahtsodh v. «falde» (så vel som maahtsedh v. «snu, vende tilbake») og maahtsege adj. «rukkut, rynket», som truleg kan brukast som nomen òg, for som det er sagt: «Die Grenzen zwischen Adjektiven und Substantiven, sowie zwischen Adjektiven und Adverbien sind fliessend» (Hasselbrink b. I: 105). Vidare er det slik at det sørsamiske suff. -ege svarar til ursamisk -*iŋe, som tidleg via namn innlånte frå samisk til nordisk kan ha levd vidare der, utan tap av nasal.

Klikk for stort bildeMasingtjønna i Oppdal hadde dobbelt samband med Orkelsjøen, men eit viktigare poeng synest det vere at (halv)- øya imellom er «falda» eller «bretta». Norge i bilder. 

Samandrag:

Det å «vende, snu» eller «kroke, vike» om vi vil, høver for Massingkjølen, Massingmoen og Massingtjønnene i Fron. – Røros si Massingtjønn knyter seg til eit sidefar som «vender tilbake» til hovudelva; det gjeld også for Masingtjønna i Oppdal, som hadde samband med Orkelsjøen i begge endar, men som no er avbolka frå sjøen med vegfyllingar, sjå flyfoto. For Massing i Nord-Fron, Massingen i Askim og den rette Massingen i Rana passar «rukke, «fald, brett», vidare for Massingholet med Massingtjønn, så vel som for landskapet der Masingbekken renn ut i Auma, og for smårabbane kring Messingtjønna i Stjørdal og for det uregelmessige Massingtjernet i Øystre Slidre. Forma masing- med lang a må vere eldst, jfr. maahtsege, og endinga -ing er som nemnt like snart ursamisk som ei nyare norsk tilpassing av det sørsamiske -ege. Men kva Massing(-) tyder og médar på er for lengst gløymt. Det er berre som venta at primærlokalitetane med kvart har fått eit nytt namn (Langsua og Fatkvolven) og at denotasjonsendringar kjem til (jfr. Jarfjellet for Massingen og «Loppheia» for Massingslettsætra).

Klikk for stort bildeSlik er terrenget på sørvestsida av den 750 m høge Masstinden på Flakstadøya. Statkart. 

Fotnoter:

  1. Messingheia på Orstad, Klepp på Jæren er òg eit tvilstilfelle. Der kan ha skjedd denotasjonsendring, iallfall er namnet plassert på lågaste, austre enden av ei i utgangspunktet låg hei. ØK viser eit grustak, det er uvisst korleis landskapet var opphavleg. Men heia strekker seg i alle tilfelle mot vest, der den vel 65 m høge Varden er høgaste punkt, og i nordvestkanten av han er det ei (etter lokale tilhøve) temmeleg markert vinkelrett nov i åssida, som vel kan gjere seg fortent til å bli kalla ein brett eller fald. Det er elles tynt med namn på ØK.

Litteratur:

  • Bergsland, K. 1982: Sydsamisk grammatikk. Tromsø – Oslo – Bergen.
  • Bergsland, K. og Magga, L. M. 1993: Åarjelsaemien-daaroen baakoegærja/Sydsamisk-norsk ordbok. Alta.
  • Collinder, B. 1964: Ordbok till Sveriges lapska ortnamn. Uppsala.
  • Grundström, H. 1952-: Lulelapsk ordbok. Uppsala.
  • 'Harsson, Margit 2010: Leksikon over norske rud-namn frå mellomalderen. Oslo.
  • Hasselbrink, G. 1981 - 1985: Südlappisches Wörterbuch. Uppsala.
  • Kåven, B. mfl. 1995: Sámi - dáru sátnegirji/Samisk - norsk ordbok. Karasjok.
  • Nilsson-Mankok, E. 1976: Svensk-sydsamisk ordlista Vilhelmina – Vefsn. Vilhelmina.
  • Qvigstad, J. 1935: De lappiske stedsnavn i Troms fylke. Oslo.
  • Qvigstad, J. 1938: De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker. Oslo.
  • Qvigstad, J. 1944: De lappiske appellative stedsnavn. Oslo 9
  • Rygh, O. 1897 - 1924: Norske Gaardnavne. Kristiania/Oslo. Sandnes,
  • J. og Stemshaug, O. 1990: Norsk Stadnamnleksikon. 4. utgåva.
  • Torp, A. 1919 (1992): Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania (Oslo).