Ǫmð, Åmd

Klikk for stort bilde"Håløygminne"  2-1994 og 4-1996.

Av Finn Myrvang

Dei som var fødde og oppvaksne på Anda alias Andøya gjorde seg neppe vidløftige refleksjonar knytt til namnet og landskapet og levekåra på øya, i alle fall ikkje i sitt daglege strev, naturen berre var slik. Geita trivst best der ho er alen, så med andværingane og. Men når gutane reiste bort på fiske, og når jentene reiste ut for å tene, eller for å gifte seg, kunne nok ettertanke og samanlikningar melde seg. Det var her som elles at «gløgt er gestsins auga», det er den fremmende som observerer skarpast – derfor eit par førstehandsskildringar. Ved 1850 var Hans Henrik Schreiber Schulze skrivarfullmektig i Lofoten, Vesterålen og Andenes, og ei av tenestereisene han omtalar i boka «Fra Lofoten og Solør» gjeld nettopp Anda:

«En Aastedssag kaldte mig op til Andenes, det nordligste Punkt af Andøen, og en vakker Morgen stode Hestene sadlede udenfor Døren paa Risøhavn for at føre os afsted. Andøen bestaar nemlig af en stor Myr, der kun efter Midten gjennemskjæres af en Fjeldkjæde, og da Myren langs stranden er temmelig fast, lader den sig befare fra Ende til Ende – en Befordringsmaade, som man naturligvis med Begjærlighed griber, naar man ellers altid og altid maa ligge og skvulpe i en Baad.

I god Betids brød vi op og afsted gik det i fuld Galop. .. men jo længer vi kom opover, desmer nordlandsk blev Prospektet, og desto tristere og sørgeligere viste sig den uendelige Myr, der i Horizonten syntes at skyde sammen med Andfjordens brede Flade.. Myren rødmer af Multer, og paa den anden Side af Andfjorden ser man Senjens imposante Klippeøer, hvoriblandt Bjarkø 1 , hvor Thorer Hund havde Tilhold.

Hist og her skar en Ur lige ned til Søen, og vore Heste maatte da vise deres Færdighed i at klatre; andre Steder gyngede Myren under os, Hestene sank ned og vi maatte gjøre lange Omveie for at undgaa at omkomme paa den mest prosaiske Maade af Verden. Somme Steder var endog Landjorden aldeles ufremkommelig, og vi maatte tilsjøs. Klisk! Klask! Gik det da ud efter Fjæren; men pludselig veg Bunden under os, og nu maatte Hestene til at svømme. .. Reisen opover frembød omtrentlig den samme behagelige Afvexling af Klippeexercits, Balance paa hængende Myr og Svømning. Hist og her mødte vi et par Vildgjæs med deres halvvoxne Unger, som bleve staaende ganske uforknytte og gjorde lang Hals. Heiloer peb paa alle Kanter, og af og til fløi en Rype op, naar vi red igjennem noget Krat ..»

 

Vi har også ei anna skildring av det same myrlandskapet frå ein utlending, Georg Hartung, som var her nord sommaren 1876 og som gav ut «Farthen durch Norwegen und die Lappmark» (Stuttgart 1877): I 1882 kom ei omsetjing «Rejse i Norge» ved M. Sundt. Den direkte årsaka til at Hartung kom var kolfeltet på Ramsa, han fekk kapteinen på d/s «Tromsø» til å sette seg i land der. Han samla først kolprøver, men då det klårna opp, tok han seg ein fottur langs Gårdselva, i boka hans som så ofte elles kalla Ramsaa etter garden:

«Vejen var ikke bekvem, men ved de bøjninger, som jeg hist og her undgik, havde jeg alt skjønnet, at vandringen over myren vilde være endnu besværligere. Thi en av vand bugnende myr bedækker de vidstrakte lavere egne av øen fra ende til anden. .. da elveløbet bragte mig for langt ud af retningen, betraadte jeg for alvor myren for at gjennemskride den paa tvers. Foden sank dybt ned i den bløde mos, og vandringen var trættende som i klitternes sand eller nyfalden sne. Dertil kom endnu vandet. Ikke nok med, at dette paa mange myrlændte steder hindrede gjennemgangen, det dannede ogsaa utallige kulper, dammer og smaatjern, som jeg maatte omgaa til højre og venstre. - Ofte maatte jeg gaa paa strimler af kun faa fods bredde, og hvorhen jeg vendte øjet, overalt glimtede vandflader mig i møde. .. i de omgivende vidstrakte sletter sees mer vand end land; ja dette synes kun at svømme paa hint som et belgbrunt tæppe, ligesom et netverk».

 

Klikk for stort bildeSørmyra (Bø- + Melamyran) frå fjellfoten på søre Bø. Før der kom veg, gjekk ferdselen frå Bø og Nøss innover til Bjørnskinn langsmed fjellfoten. I bakgrunnen Gavlfjorden og fjella i Langenes, bl.a. den trekanta Sørvågmelen (til h.) 

Slik tedde Andmyran seg i ei vegfattig tid for auga til den fremmende som var van med andre landskap og inntrykk og som forlet Anda så snart ærendet var unnagjort. Men vi vil òg ta med ei nyare skildring skriven av ein naturalisert andværing, ein som kom utanfrå, såg seg nøgd og vart verande, nemleg lærar Birger Balteskard på Myre, i årboka til Andøy ungdomsfylking 1924, «Andungen» s. 5-8:

«Eg såg berre ei veldug vidd, naken og snaud. Der var tuver med lyng og tuver med senegras, og vats-sik og myrtjønn og gorrdammar i tallaus mengd, vatn, vatn, vatn, rennande vatn, sildrande vatn og vatn som stod stilt og hadde stade stilt i hundradtal år, til det hadde vorte tjukt og seigt av myrgorr og alderdom og sinne over aldri å få sleppe or myra sitt velduge fang - ...

Og eg såg meir. Myra var ikkje lenger livlaus som eg tykte før. Langs med bekkjesika og elvefara var kjørr av vidje og krunglebjørk. Knuppane tok til å svelle og kjørra fekk eit slør av grønt over seg. På tuvene var det lyng, og på lynget, visste eg, vilde det myrje av blomor – og tilslutt bær, raude, svarte og blå. Så var det sevet, - og så alle fuglane. ... Det var ange av jord, av myr og av vidd, av sev og senegras og vatspyttar, av tuvene sin lyng, - og av livet som sprengde millionar av knuppar».

Vi tar med eit sitat frå eit skrift av det meir prosaiske slaget, for jamvekta si skyld, nemleg bolken Vegbygging i «Jubileumsskrift Dverberg – Andenes – Bjørnskinn 1938». Her skriv Cedolf Baraa m.a. om tilhøva på øya fram til 1880-1890 og kjem også inn på trafikken tvers over Anda, i tillegg til den som gjekk langsetter Andlandet:

«Alle kjempet og slet, ikke bare den almindelige mann – gårdbrukerne og fiskerne, men også embeds- og bestillingsmenn; presten, lægen, lensmannen, jordmoren osv. fikk nok å stå i når de skulde ut å reise. Det går fortellinger om dette, som viser at det ofte gik på liv og helsen løs. «Over myra» fra Myre til Nordmela var det umulig å komme frem med hest og kjøretøi undtagen marken var frossen. I tørrsomrer kunde en nok til nød komme frem fra sted til det annet med løshest, men det var bare grunnkjendte eksperter som tok på sig en sådan jobb. En ridetur fra Dverberg til Risøyhamn gikk an – best når det var fjære sjø».

Men også det siste var ei sanning med modifikasjonar. Tar med frå mi eiga folkeminnesamling «Huh-tetta» 1964, attfortalt etter klokkar O. I. på Dverberg sine notat:

«Presten Gloppestad var bondegut frå Nordfjord. Han åtte interesser på mange område. M.a. gjekk han i brodden for kjøp av stamhingst til øya; det var like før 1900. - Hesten sin kalte han ’Gullbrandsen’, og ridande eller kjørande tok han seg fram overalt. Det var berre ein gong han nøyddest å snu, i Breivika. «Skal jeg omkomme på mine anneksreiser», sa presten, «så dør jeg i tilfelle på min post».

Ein haustkveld i beke mørkna kom han på tur heim frå Bjørnskinn. Då han nådde Finnåen’ sørom Å, eit strøk langs fjæra som har namn av tre bekkesik, såg han sjøen sterkt oppflødd; det var hav over heile Leira. Men over måtte han. - Då mann og hest kom eit stykkje utpå, sette han til med kov og dam, og presten såg ingen ting, ikkje eingong sjøen han reid i. Det gikk då likevel framover på eit vis. Men litt etter litt blei det så djupt at sjøen nådde hesten langt opp på sidene. Presten trudde då han var kommen ut av kurs, og snudde mot land – trudde han. Men same kor han vikte hesten, blei det berre djupare. Snart nådde sjøen jamt med hesteryggen. Kanskje bar det rett ut i Andfjorden? Det var snytjuka som før, men det blei blikke stilla, så ikkje eingong vinden hadde han å rette seg etter. - Då fann presten det likast å slakke på taumane og la hesten ta seg fram åleina. Og ’Gullbrandsen’ fann fram: han delvis svømte i land, med presten på ryggen. «Dette var den eneste gang jeg kjente følelse av redsel på mine anneksreiser», sa han seinare» (Huh-tetta 162f.)

Etter alle «litteraturprøvene» er tida inne for å sjå litt næmare på dei norrøne namneformene: I Þulur i Snorra-Edda er nytta øynamnet Ǫmð, og Olafs saga Tryggvasonar har Ǫmd, medan Flateyjarbók har Ǫnnd og Ǫnd. Fornmanna Sögur har Avnd: her er Av- ein annan skrivemåte for a med u-omlyd. Jamfør Norske Gaardnavne b. 16:411 der Sophus Bugge er sitert i samband med øynamnet: "Skrivemaaden Ǫmð med ð viser, at der tidligere har været en Vokal imellem m og ð». Bugge tenker seg Ǫmð avleidd av verbet ama "gni, skubbe", men i staden for vanleg bøying med preteritum amaði tenker han seg ei eldre bøying *ami, pret. *amða, og unngår då vansken med lang vokal i suffikset -aðr (jfr. Iversen:99, § 89.2.2). Bugge tenker seg at øynamnet kan oppfattast som "den (af Hav og Storm) voldsomt skubbede og forulempede Ø". Meir enn gissing er likevel ikkje dette, lyder sluttkommentaren i Norsk Stadnamnleksikon under oppslag Andøy, signert Jørn Sandnes. Meir klargjerande er ikkje oppslag Ömð, Ǫmð hos Blöndal Á. Magnússon: «Uppruni öldungis óviss", dvs. fullstendig uvisst opphav. Jan de Vries tar ikkje eingong namnet med i "Altnordisches etymologisches Wörterbuch".

Vi kan kjøpe Bugge sine lydlege premissar og likevel drage andre konklusjonar: Det nordsamiske opmu tyder «gjørmehol» (då helst av det store slaget), men kan visst òg gjelde landskap som er prega av slike. Det fleirtydige lulesamiske hopmú, også skrive håmú, tyder m.a. «ett av tät buskmark og sumpigt land omgivet sel [stiltrennande bekk el. å] som man ej kan komma över» – så forklart av språkforskaren K.B. Wiklund, i flg. Björn Collinder – og dei skildringar vi har sett av Andøya slik ho var, borgar for at dette er noko som i dobbel meining held vatn.

Fleirtal av opmu i nordsamisk er omut; fleirtalsendinga i lule- og sørsamisk m.v. er ein utlydande -h. Utlyden -t i omut i nordsamisk er (etter vokal) ein uaspirert t som i norske øyre lyder nærmast som t følgd av ein ørliten h – og i litt utydeleg kvardagstale ikkje sjeldan redusert til berre ein h-lyd. Dersom samiske uttalevanar har halde seg stabile på dette punkt, kan det for norrøntalande ikkje ha vore heilt lett å skilje den same th-lyden frå ð. I den eldste gammalislandske litteraturen skreiv dei i alle tilfelle þ for ð (Iv. 1961: 17).

Samisk omut flt. har naturlegvis einstavings tonelag, med alt trykk på første staving, og i gammalnorsk tid fall det naturleg å forstå det som eit hokjønns ord Ǭmð, med u-omlyd av framlyd ā. Lyden ǭ (lang ǫ) og lang ā (á) gleid i hop med tida, og rundinga av den lange á til å tok etter vanleg oppfatning til i norsk før 1250 (Iversen 1961:15, Skard 1967: 87f).

No er samisk fleirtalsending i område som Senja og Evenes ikkje -t, men -k. Samisk namn på Stillhøla under gnr. 27 i Evenes er såleis Omuk, for norske øyre snarare Åmog. Fleirtalsendinga -t i sentral nordsamisk blir oppfatta som språkhistorisk yngre enn -k.

Skriveform med ð i ord som likna Ǫmð var vanleg i islandsk fram til om lag 1300, så avløyst av md, liksom t.d. i sœmð > sœmd, nyisl. sæmd. At område- /øynamnet *Omuth> Omuð med lang å-lyd og tonelag 1 etter norrøn språkkjensle kom inn blant hokjønsord (og øynamn) på -mð > md er naturleg nok (jf. Iversen 1961: 209).

Øynamnet Anda har jo framleis lang norsk framlyd A-, i sms. Andfjorden, Andhauvet, Andlandet, Andmyran – enn vidare Ytter-Anda og Sør-Anda og innbyggarnemnet andværing. Samisk namn på øya er Ānda-suolō eller berre An'da (Qvigstad 1938: 202, unormert). Den siste forma er sjølvsagt eldst.

Både lydleg og landskapsmessig er det korte vegen frå eit samisk område og øynamn i forma *Omut og til Ǫmð, Ǫmd og Avnd i dei norrøne kjeldene. At samane har gløymt det opphavlege namnet på øya, for så å låne inn og tilmåte ei reint norsk namneform Anda = Andøya etter eigen uttaleskikk er forresten ikkje noko eineståande tilfelle.

Klikk for stort bildeNordmyra blir vanlegvis kalla Dverbergmyran eller Skogvollmyran, alt etter kva side av øya det er tale om. Her er vi på Dverberg-sida, og i bakgrunnen ser vi eit langt vatn oppdelt av tangar som heiter Oltervatnet. 

O. Rygh har temmeleg inngåande drøfta spørsmålet om Ǫmð, Ǫmd var eit vidtfemnande landskapsnamn - slik Munch sistpå rekna med - eller øynamn, og kjem til det siste både av di «Ǫmd efter Øfortegnelsen i Snorra-Edda maa antages å være Navn på en Ø» og av di «Ǫmd efter sin Form har langt mere Udseende af at være Ønavn end Landskabsnavn» (Norske Gaardnavne b. 16: 404). Det siste seier han sjølvsagt også av di Ǫmð > Ǫmd liknar på norrøne hokjønnsord av typen grimd, sœmd o.l.

Det problemet at i soga om Olav den heilage er Trondenes plassert i Åmd kan heller ikkje Rygh løyse. Har har ei nøktern vurdering: 

«Man kan neppe med Grund invende, at Andøen er et altfor fattigt og ugjestmildt Landskab, til at det kan antages langt tilbage i Tiden at have havt Befolkning og Betydning nok til at blive saa ofte nævnt og være Sæde for anseede Mænd. Bygderne yderst mod Havet var, især hvor der som her var særlig god Leilighed til Fiskeri, i ældre Tid aabenbart forholdsvis meget sterkt befolkede, og dette Forhold holdt sig meget længe, ialfald til Begyndelsen av 17de Aarh. Navnlig var Øens nordligste Del, Andenes, tidligere et sterkt beboet Sted og havde efter gamle Skattemandtals Vidnesbyrd i 16de Aarh. meget større Befolkning end nu. Jordfund beviser ogsaa, at Andøen har været beboet allerede i den ældre Jernalder, før den Tid, hvortil vore Efter-retninger om disse Egne naar. - Hvis Ǫmd er Andøen, maa det selvfølgelig være ved en unøiagtig Udtryksmaade, at Trondenes i Olaf d. Helliges Saga er henført dertil».

Andreas Holmsen utfyller fråsegna: «Farene og mulighetene i et grenseland skapte høvdinger som hadde makt nok. Og Andenes var den nordligste og sterkest folkesatte utposten for sammenhengende norsk busetting til langt fram i vikingtida. Tradisjonen knytter sjølve håløygjarlene til Anda eller til et rike med navn etter denne øya» (Bjørkvik og Holmsen : 20).

Hos Holmsen ligg altså tanken på ein norsk eller urnordisk ekspansjon sørfrå i botnen. At desse landnåmsmennene lånte eit eldre samisk namn på øya og at dette etter kvart føydde seg meir og meir etter norrøne lydreglar er i så fall sannsynleg nok.

Eit av naturen lite farande myrlandskap utgjer størstedelen av Andøya så vel som den delen av Hinnøya som høyrer Andøy kommmune til, så menn også det av Langenes sokn som snur mot Andøya. Merk at fiskeværa i Langenes er gammalt interesseområde for folk frå Sør-Anda, som etter kristninga kom til å heite Bjørnskinn sokn. På sjølve øya er det to store myrar, Nord- og Sørmyra, og Andmyran har vore gjengs seiemåte. Fleirtalsforma *Omut har slik sett solid fundament, og det er sannsynleg nok at *Omut > Ǫmð ikkje berre fungerte som øynamn, men også som områdenamn.

Ei grundigare vurdering av ei tilsynelatande fleirtalsform *Omut vil ikkje minst ta utgangspunkt i Konad Nielsens store artikkel frå 1913, «Lappiske plurale ønavn svarende til norske navn på -ø, -øy». Hans utgangspunkt igjen er J. Qvigstads klassiske arbeid Nordische Lehnwörter im Lappischen og det faktum at «en betragtelig del av de lappiske stedsnavn som antas at være av nordisk oprindelse, opptrer i pluralisform», og «at den talrikeste gruppe danner de som svarer til norske navn på -ø, -øy (på lappisk plurale tostavelsesstammer)». Men han stiller seg også spørsmålet: «Kan der i sikkert lappiske stedsnavn peges paa en lignende bruk av flertal? Og vil dette flertal være at forklare ut fra et saglig eller formelt forhold?»

Qvigstad reknar opp ein del namn på -k, dialektisk -t. Dei er svært sjeldne i Finland med Petsamo: «I Finnmark og Troms er disse navn også sjeldne og forekommer almindelig kun som navn på fjell og øer», blant desse Guoðgot (Guoðgok) og – med lang a – Anduk, på Stjernøya. Eit tilsvarande fjellnamn på Sørøya er derimot blitt fornorska til Andotten (Frette 1975:113). Qvigstad nemner vidare Awjuk (Awjut), norsk namn Rypklubbskjeret. Blant fjellnamn frå Troms har han, likeins med lang a, Addjet (Addjek), dertil Hubet, Orrut osv. Parentesformene er vel å merke Qvigstads eigne (Qv1938: 259). I lys av dette blir det då eit ope spørsmål om *Omut eigentleg var fleirtalsform?

Uavhengig av sistnemnde formelle spørsmål har vi ingen grunn til å tvile på at Andøy-høvdingane og håløygjarlane i si tid utøvde stendig ekspanderande makt, også i Trondenes-området, og at namnet Ǫmð ekspanderte tilsvarande. I langt seinare historisk tid har det gått på same vis med namnet Vesterålen.

Klikk for stort bildeFrå Elgsnes sest ikkje Nordmyra på Andøya, ho går i eitt med Andfjorden. Til v. den avgåande Okla (Okkeltåa) mellom Dverberg-Myre og Nordmela, til h. den brattare Arnipa ved SkogvollStave. Frå storhavet sedd (nordom Langenes) er det tilsvarande med Sørmyra og fjella der

Hos Halvdan Koht, som i aller første artikkel i «Håløygminne» drøftar austgoten Jordanes’ folkenemning adogit er det (sjølvsagt) unemnt at adogit etter si form like gjerne kan ha samisk som nordisk opphav. Derimot nemner han at både Sophus Bugge og Gustav Storm var inne på tanken om adogit som ei nemning for folket på Andøya, men i røynda forlet den teorien seinare.

Helge Guttormsens bind 1 av Andøy Bygdebok har undertittel «Fra Omd til Andøy». Omd er jo ikkje feil, men pedagogisk kunne det ha vore enklare om der var brukt ein skrivemåte Åmd, for folk flest les Omd «som det står», og då blir det dessverre med trong, kort o. Eintydig nok er iallfall Guttormsens omtale av dei såkalla tunanlegga, med honnør til arkeologen Harald Egenæs Lund, samtidig som vi får vite bakgrunnen for at sistnemndes oppfatning om innvandring frå Sør-Vestlandet er blitt modifisert i ettertid:

«Nye forskningsresultat har nemlig vist at gårdsbosetning med åkerbruk var så utbredt i eldre jernalder i Nord-Norge, at gårdsbosetninga her sannsynligvis var etterkommere av folk som hadde bodd i landsdelen alt i steinalderen. De ringformete tunanleggene var ikke landsbyer, men utgjorde en del av de lokale høvdingedømmene i landsdelen. ..

Oldtidsfunn og fornminner som peiker i retning av en økonomisk og politisk overklasse, er i Nord-Norge ofte gjort nettopp nær opptil ringformete tunanlegg. ... Åseanlegget var trolig ikke noen landsby i et jordbruksområde, men ei forlegning for en større mannskapsstyrke. .. Det foreligger dateringer fra to av de fjorten hustuftene. De er gjort ved C-14-metoden på trekull og viser at husene var i bruk på 200- og 400-tallet e. Kr. f. Alt i eldre jernalder har altså Åseanlegget vært i bruk» (86-87).

Guttormsen seier og: «Historikere som P. A. Munch m.fl. har meint at jarleætta hadde makta på Andøya i jernalderen, og at det var et høvdingedømme på Andøya før den mektige Bjarkøyætta vokste fram i yngre jernalder. I tillegg til kongesagaenes opplysninger styrkes denne oppfatninga av arkeologenes påvisning av at Åseanlegget kan se ut til å være litt eldre enn det ringformede anlegget på Bjarkøy» (s. 90).

Guttormsen er lite opptatt av spørsmålet om etnisitet, men gjennom sitat frå Háleygjatal, Snorre mm. blir vi ført inn i dei tradisjonelle norrøne tankar og tradisjonar om jarlar, heidenskap, bloting mm. – Han refererer ukommentert «Bjarkøyættas hevdvunne rett til å drive finneferd, dvs. handle og skattlegge samene», ein rett som kunne gje grunn til funderingar av etnisk-historisk art.

Annleis lyder arkeologen Thorleif Sjøvolds eigne ord frå utgravinga av Åse-anlegget: «Litteraturen om tun-anleggene er fra før altfor sterkt preget av teorier, i forhold til det som har vært framlagt av faktisk informasjon» (s. 32). Han seier og: «Det som hittil er foretatt av gravninger på disse anlegg, mine egne ikke unntatt, er utvilsomt beheftet med mange feil og svakheter, og det er neppe tvil om at nye øyne vil kunne se ting som de tidligere utgravere ikke har lagt merke til» (s. 23).

Sjøvold har tydelegvis vore i villreie om norsk kontra samisk, og fortel: «På Åse-anlegget sto jeg overfor hus av en type som var helt ukjent for meg, og min eneste trøst var at den i grunnen ville være like ukjent for de fleste andre arkeologer» (s. 10). Det heiter om to av tuftene: «Veggene består nå av sand og grus overvokst med torv, og hele anlegget får derved et langt mer diffust preg enn tilsvarende i Rogaland som har husene bygd på steinmu rer» (s. 9). Om den eine tufta heiter det: «det kan ikke sies av gravningen ga oss særlig klarhet i husets konstruksjon og byggemåte» (s. 11). Men lenger ut i rapporten kjem det, med litteraturtilvisingar: «Også i Nord-Norge fins det imidlertid en gammel tradisjon for bygging av hus med vegger av jord og torver, nemlig samenes gammer. Disse kan være rundaktige eller ovale i grunnplan, men de kan også være rektangulære .. Hvor langt tilbake i tiden gammen som hustype går er det neppe noen gitt å si med sikkerhet, men det vil ikke være riktig helt uten videre å avvise den som et mulig forbilde for husene i Åseanlegget. At det allerede i eldre jernalder har vært kontakt mel lom samer og nordmenn, er det ingen tvil om .. , og som Ørnulf Vorren har påpekt .. er gammen ’ikke noen dårlig husform slik den er sprunget fram av kravet til en lun og solid bolig i et værhardt strøk der byggetilfanget er meget begrenset’.

Disse ord karakteriserer situasjonen på Andøya ganske godt. Klimaet har vært hardt, ikke ekstremt kaldt, men med mye og sterk vind, og tilgangen på byggematerialer har vært begrenset der ute i myra, både når det gjelder stein og høvelig trevirke. Til en gamme er det imidlertid ikke noe behov for stein..» Men Sjøvold tar også med noko Oddmund Møllerop har sagt, at på eitt av dei ringforma tuna i Rogaland «har husene i de nedre lag sannsynligvis hatt vegger av tre og torv, mens husene i de øvre lag har hatt steinvegger. Dersom dette holder stikk, blir det kanskje helt unødig å tenke på noen samisk inspirasjon i byggemåten ved de nordnorske husene. Før dette kan avgjøres, må imidlertid de kronologiske forhold klarlegges meget øye, både i sør og nord» (s. 31).

Utgravingane på Åseanlegget skjedde under vanskelege vertilhøve regnsommaren 1949, med etterarbeid berre eit par dagar sommaren etter. I rapporten trykt 1971 heiter det at «bortsett fra restaureringen av de to utgravde tuftene er det senere ikke blitt utført noe arbeide på dette anlegget». Det siste gjeld nok framleis. Dei kronologiske tilhøva er truleg meir klarlagde i dag, men ordskiftet arkeologar imellom om kva funksjon tunanlegga har hatt og kor mykje dei eigentleg har til felles, pågår framleis.

Det har si eiga interesse, med Sjøvolds eigne ord, at «Åse-anlegget ligger på en lokalitet som kalles Filokneset, på en sandbanke ute i myr... En liten bekk renner like forbi anlegget, på vestsiden av det». Annleis Helge Guttormsen: «På Fyllokneset, rett nedenfor Åseanlegget danner en bekk ei større naturlig båtlending inn i landet».

Den faktiske uttaletradisjonen for desse namna slik eg har høyrt dei av solide informantar frå Åse, Lanesskogan og Bjørnskinn, er temmeleg variasjonsrik: Det kan heite både Fillåkk-, Fyllåkk-, Finnlåk-, Finnlaup-bekken og -neset. Der er ingen tvil om at første staving Fill- o.l. er eit assimilasjonsprodukt av Finnl-, og -låkk- minner sterkt om nordsam. luokta, jfr. sørsam. loekte «vik». Men Finnlaupbekken kan på si side vise ein kontaktassimilasjon -pb- < -tb- i eit opphavleg *Finnlautbekken: lauta for luokta er vanleg i sjøsamiske namn i delar av Tysfjord.

Helge Guttormsen har gått sjølvstendig til verks for å finne ut kor omfattande det samiske nærveret på Andøya kan ha vore, vel å merke på 1500-talet, og boka inneheld ei kartskisse over samisk busetting inne på øya ved denne tid – berre unnataksvis i beinveges kontakt med sjøen, etter hans oppfatning. Han har gjort ei rekke registreringar av kulturminne langs Andlandet som er eller kunne vere samiske. I lys av dette og av den interesse for Ǫmð-namnet som tidlegare historikarar og språkgranskarar har vist, er det eit sakn at han ikkje har forlenga det samiske perspektivet litt lenger attover i tid og iallfall at han ikkje nemner Sjøvolds refleksjonar kring Åseanlegget der han funderer over spørsmålet om norsk eller samisk byggeskikk.

Som ei avrunding høver det å seie noko meir om namnet på sjølve øya: Det heitte Dverberg hd. heilt til Andenes og Bjørnskinn vart skilde ut som eigne kommunar. I 1964 vart det atter samanslåing, etter den tid heiter det Andøy kommune. Andenes er atter blitt eige prestegjeld, slik det var i katolsk tid og heilt fram til trangsåra etter 1800, medan Bjørnskinn er anneks under Dverberg som før. (Frå og med 1920 er der samanslåing til eitt sokn på øya.) – I geografisk samanheng heiter det alltid Andøya, Bjørnskinndelen av Hinnøya då sjølvsagt ikkje medrekna. God historisk namnerøkt gir det likevel ikkje at øya berre blir presentert under sitt historisk yngste namn. Det var nemleg ikkje berre i kvardagstalen til småfolk at øya heitte Anda:

Statsstipendiat Edvard Ruud fekk stadfesta, i 1995, at det i reformatsen står Andens Præstegjeld, altså ikkje Andenes, slik Rygh opplyser (NG 16: 402). Også Petter Dass (i Nordlands Trompet) like så vel som Hartvig Bille (1609) kallar øya Anden. Namnet er det same på kartografen Melchior Ramus kartskisse frå 1689: Han har også gjort eit notat om avstanden «fra Andens land» og til Alsvåg i Langenes.Vidare heitte øya som nemnt Andda på samisk med. Og ikkje minst viktig, Anda (An'a) er framleis er levande som kvardagsnamn på øya, i motsetning til f.eks. Hinna. Etter intensjonane i namneloven er det derfor ikkje som det burde at øynamnet Anda er heilt utestengt frå offisielle samanhengar.

 

Fotnoter:

  1. Bjarkøya er temmeleg låg, i motsetning til Gryta og Senja m.fl., så her må vi nok lese «Senjen» i vid meining, som (administrativt) områdenamn.