Silda – ei øy

"Håløygminne" 2-2015

Av Finn Myrvang

Øya Silda høyrer Loppa kommune til. På samisk heiter øya også Sildi (Lehnw. 287). Sildsporden i sør har på land- og sjøkart både vore kalla Sildspolen og Spelen, i sam. Gal'vegæčče, og Sildmylingen alias Sildnebben i nord vart både kalla Sil'degæčče og Dii'na, men med den tilføyinga at Sildnebben også «kalles av Isak Olsen Zieuia» (Qv 1938: 68f). På dagens kart har faktisk Diidna som samisk namn på Sildnebben kome med.

Magnus Olsen tolka øynamnet som ei avleiing til dyrenamnet sel: *Selhiðō > *Siliðu, ettersom historiske kjelder fortel om kobbeveide (selveide) på denne Silda og på øya Sild i Kvinnherad (NG 11:27, 18:392). Sakleg er det ei grei namnetolking, iallfall for Sild i Kvinnherad. Men sjølv om Magnus Olsens hypotese i og for seg ser grei ut, for Loppa med, er det – i fall namnet skal ha med sel = kobbe å gjere – ein stor vanske at øynamnet plent som fiskenamnet blir uttalt med i og palatal l. Vi ser ingen teikn til ei tilsvarande lydutvikling i genitiv flt. sela- av gno. selr m «sel, kobbe» i t.d. selabátr m (båt brukt til selfangst), selahúðir, selaveiðr osv.

Ved Silda er å merke, topografisk, at ho frå havet sedd har to vide søkk, Sildadalen og Ytterværdalen. Derfor dukkar eit heilt anna ord opp i tankane, nemleg seild f., eit ord som på Vestlandet også finst i formene sæld og søyld, om (inn)søkk eller deld i ei eller anna form. Beiarværingar seier "seᶅᶅ", men seld f med denne uttalen er helgelandsk helst (Korgen, Velfjorden, Vefsn). I Beiarn kan dei også seie at landskapet er seᶅᶅåt.

Ivar Aasen fører frå Sunnmøre opp sæld f, «en liden Sænkning eller Fordybning», men viser elles til hankjønnsforma seil m "bøyg, innsøkk i ein kant eller rygg; søkk, dokk i ei flate» (NO 9: 933); han nemner også isl. seila f. Forma seild osv. er ikkje kjend frå norrøn litteratur, men i norske målføre finst ho i talrike variantar (Torp o.a.)

I dag er seld = seild i første rekke eit Helgelands-ord, men lenger att i tida kan former som desse ha hatt langt vidare utbreiing. Vi skal her merke oss at også stadnamn frå Sogn og delar av nabofylka har forma seild f, og topografisk gir det framifrå meining til namn som Sildaheia i Suldal og Sildanipen i Tysvær, begge Rogaland, der fisken sild må ha lite med saka å gjere, medan seild er i beste samsvar med topografien, og det gjeld òg for Sildfjellet alias Silldevárre inst i Skjerstad, i dag i Bodø kommune, men her skriv Qvigstad faktisk Sil'davārrē. Dette i jamføring med Rogaland gjer det i sannsynleg at vi bør tenke i tilsvarande banar når det gjeld øynamnet i nord, trass i at formbruken der er skiftande, med Sil'da og Sil'de, Silda-gad'de men Sil'de-gæčče, alt i Qvigstads ortografi. (Ei sak for seg er det på karta seinare innkomne Sirddavággi for Sildadalen.)

Dette gir oss god grunn til å fokusere på opplysninga om at Ivervær, «alm. kalt Silla», på samisk heiter Stuora-Sil'da «storsilda», i dag skrive Stuorsildi. Mellom Hǫll-æv'ro (Holøra) og Ut'ter-værra (Yttervær) er ført opp Sildagad'de «Sillalandet». Namn frå austsida av øya er opprekna frå sør mot nord, så det er truleg strandstrekninga mellom dei to væra det er snakk om, neppe heile austerlandet på Silda, frå Larsvær eller meir. Vi skal merke oss at den aktuelle strand-biten i all hovudsak ligg rett ut av Sildadalen.

Ivervær er ingen naturformasjon, så det ligg fjernt at Stuorsildi, kortform Sildi / Silda, har noko med kroppsforma på sild å gjere. Derimot vart kanskje Ivervær og Yttervær kalla for Silda eller Silda samnemnt, presisert Stuorsildi når det var snakk om Ivervær åleine, av di Yttervær var mindre? Sjølve namnebruken gir oss eit hint om det. Av dei to dalsøkka alt nemnt, Sildadalen (Sirddavággi) og Ytterværdalen, er jo førstnemnde det største (vidaste). Legg vi seild, seld «(inn)søkk, deld» til grunn for tolkinga av øynamnet, blir *Storseildi eit naturleg opphavsnamn på Sildadalen, samanlikna med den mindre Ytterværdalen.

Frå gammalt av kan det ha gjort liten skilnad om du sa Ivervær el. *Stor-seilda, sam. Stuora-Sil'da, men så gløymte værfolket at Stor-Silda eigentleg var logisk motstykke til Ytterværdalen, det ser vi av at det dukka opp eit nytt namn Sildadalen. Stor-Silda gav ikkje lenger klar meining, som områdenamn vart no kortforma Silda naturlegare. Stafettpinnen får gå vidare til dei som har den lokalkunnskap som trengst. Det gjeld i grunnen òg teorien om at Silda har namn av selveide i gammal tid: Det burde det vere råd å ettervise i gamle rekneskapsbøker eller via andre stadnamn mynta på sel eller kobbe, dersom det er substans i teorien.