Sømna

Klikk for stort bildeNyredigert etter Håløygminne 4-1996

Av Finn Myrvang

Under omtalen av "Gammelt Bygdenavn" i Norske Gaardnavne fører O. Rygh opp ei hypotetisk historisk form *Søfn for Sømna. Det relaterte gardsnamnet Sømnes går for Sem- heile 1600-talet utover (NO 16: 31).

Rygh refererer skriveformene "a Sømpnenne AB 89. Jfr. af Sømpnhofde, af Sæmnese, Swæmfnese smst. 89.90. Sempnes, Semphoffuit OE. 13. Søndersem, Nordsem, Norsem 1567. Sørssøm 1661. Kaldes nu Sømna el. Sør-Sømn og Nord-Sømn, det første betegnende Vik, det andet Brønnø Sogn, dog vel kun Kyststrøgene af dem". Rygh refererer også Sophus Bugge, som i Norsk historisk Tidsskrift I: 98) har "fremsat den Formodning, at Søfn er opstaaet af *Svefn og dette igjen af "Sveifn, som kunde være afledet af *sveifa, jfr. Folkespr. sveiva, svinge, dreie og oldn. svífa, der bruges om et Skibs Svingning. *Sveifn kunde da betyde "et sted, hvor man lader (Fartøiet) vende". Strøget kunde være kaldet saa paa Grund af sine mange Bugter og Fjorde. Forsaavidt passer Navnet mest paa Sørsømn, og Gaardnavnet Sømnes kunde ogsaa tale for, at det oprindelig kun har tilhørt dette".

Sømnes er ein stad der det er naturleg å legge om kursen, enten du aktar deg inn eller ut Sørbotnet eller Nordstraumen. Så seier ein som ytra seg om bygdenamnet Sømna:

"Det er truleg at namnet har noko med svinge, dreie å gjera, for her har kysten mange bukter og fjordarmar - landet er mykje innskori av havet. Dei fleste svingane har vi på Sør-Sømna, og derfor skulle namnet høve best her som heradsnamn. Ein kan tenkja seg at ein ror eller fylgjer strandlina på annan måte frå Brønnøy og sørover til Bindalsfjorden. Då får ein ein lang tur, for her er mange "sveivingar" å gjera - langt inn, og så ut til havet - og så innover att" (Kåre Bjørklund, Håløygminne 6: 380 flg.)

Klikk for stort bildeOversynsfotoet viser Sømna med Nordstraumen oppe i høgre del av biletet (blå markør) og den like smale Sørstraumen sørover til Sørbotnet.  

Problemet er berre at det hypotetiske namnet *Sveifn > *Svefn, laga til svífa “svinge, dreie” får ei så generell tyding at det kunne passe på altfor mange stader ved leia med talrike nes. Ikkje uttrykker eit slikt namn noko som er udistabelt særmerkt for Sømna. Fokuserer vi mindre på Sømnes og meir på sjølve halvøya, frå Sømnes til Sømnhauv (Sømnhovd) og Vik, ser vi snart at Sømna ikkje gir gode vilkår for segling og navigering: Strekninga er tvert imot ekstremt utgrunn, og det er langt meir karakteristisk for det noverande Sømna (Vik) enn for andre nærliggande bygder.

No har landhevinga i Sømna vore stor. For mellom 4000 og 5000 år sidan stod havet 20 m høgare enn no. Det inneber at ovstore delar av det grøderike Sømna-landskapet enno var havbotn. Sømna var på den tid rett nok ei øy, og det som no er Slyndemyran var eit sund mellom Sørbotnen og Vik. Men sjølv om grensa mellom hav og land blir endra på den måten, var farvatnet utanfor den aktuelle strandlina svært utgrunt då òg. Samtidig forstår vi, med utgangspunkt i Nord- og Sørstraumen pr. i dag, at der må ha vore ei mengd straumsund og smotthol.

Her vil vi ta ein pause i resonnementrekka og sjå nærmare på eit heilt anna stadnamn: Lengst søraust i Nordland, i Hattfjelldalen på grensa mot Sverige og Nord-Trøndelag, ligg Saaksen-tjahke (Saksinfjellet) og det langsmale Saaksen-jaevrie (Saksinvatnet). Herifrå renn Saaksenjohke (Saxån) gjennom Saaksendurrie over riksgrensa og blir til den store Saaksen-jeanoe, som skaper "Saxåns breda dalgång" og så fell ut i innsjøen Gålto (Kultsjön). Men ein ser også elva kalla Suöne og dalføret Suöne-mahke, derfor også halvsvensk elvenamn "Suvnemak-ån".

Det same elvenamnet Suöne er også nemnt i Collinders "Ordbok til Sveriges lapska ortnamn", tilvisingsform suvne og hovudoppslag suou'ne. Collinder er berre inne på suou'ná "lätt rök eller annat som vädras" - jf sørsam. suavna "røyklukt (fra telt, kåte, stue); ølrøyk" – og med spørsmålsteikn hengt på litteraturtilvisingar i den samanheng.

I samband med ei elv som denne byr det seg ei anna forklaring, ei som går noko betre saman med suönue /suone/suvne, og det er sørsamisk swövnie "delta, flodavlagring" (synonymt med sorrke); suenne alias swövnie kan òg tyde "sel, delta" (jf. Qv 761 og Aasen, sel adj.) eller "lugnvatten". Merk dessutan swevnie som synonym til veälma "spakvatten" (Nilsson-Mankok).

Merkverdig er at forma swevnie dukkar opp, jf. parallell ortografi i hwövnie "spindel, insekt" (Nilsson-Mankok) kontra hievnie "edderkopp" (Bergsland og Magga). I sistnemnde også (istf. unormert swövnie, swevnie, suenne): sovvene = såvvoen: "hå, lon, stilleflytende utvidelse av elv". Kva så med straumane i Sømna?

Formene hos Nilsson-Mankok ser eineståande ut, men er vel samandregne former av sovvene (suovane, suwwënë, suwwonë, suwwanȧ, sawwënë) om stiltflytande vassfar av ymse slag, altså nettopp "spakvatten", "sel" – og med kort avstand til "delta" i sak. Det først omtalte swövnie, swevnie alias suönue gir då meining ikkje berre i samband med Saaksen-jeanoe og "Saxåns breda dalgång", men også når det gjeld det utgrunne Sømna: stort nærmare dei hypotetiske nordiske formene *Søfn og *Svefn, *Sveifn er det visst uråd å komme. Ivar Aasen har under oppslag Svevn (e'), m. "Søvn, slummer, Dvale. Rbg. Tel. Hall. Ogsaa Svebn (og nogle St. Svebden), Hall. Vald.; Svemn, Shl. og fl., Svømn, Nhl., og mest alm. Sømn (ø')". Det siste slår tradisjonelt til nordpå, som på Senja (Iversen: 70) og i Brønnøy (Olsen: 33, 50). Forma somn m. er nok yngre.

Gno. hrafn og hǫfn osv. finst skrive med mn alt kring 1300 (DN III: 56, i flg. Iversen 1912: 70), så ein uttale -mn- fanst alt då. I Sømna-målet var nok overgangen fn > mn eit faktum på 1400-talet. Sørsam. swøvn-, swevn- oppfatta *Svøvn-, *Svevn- ville vi vente gav Sømn-, Semn- (jf. den eine forma Sæmnese), meir uventa er a Sømpnenne, Sømpnhofde, Semphoffuit, Sempnes og Swæmfnese. Dukka det opp ein overgangslyd p inne i -mn-, og dertil nordnorsk overgang pn > fn i Swæmfnese (Christiansen:164)? Sml. elles skrivemåten i Hambrøn for Hamarøy, også det frå Aslak Bolts jordbok.

Klikk for stort bildeSömnören (grøn markør) i Tierp i Uppsala län, med Sömnörssundet oppe til h. og Sömnörsflacket på vest-sørvestsida. Finst der språkleg samanheng med namnet Sømna? Lantmäteriet. 

Frå 1940 er kommunenamnet Sømna, men det er berre offisielt. Tradisjonelt skil folk mellom Nordsømne (Brønnøy) og Sørsømne (Vik). Tilsvarande innbyggarnemning er nord- og sørsømværing ved sida av brønnøyfjerding/-væring og vikværing (Olsen: 3). Gamle sørsømværingar seier visst vel så ofte Nordsem og Sørsem, rett og slett.

Namn som liknar Sømna er det få av. Strandstrekninga Sømnet i Nesset kommune er eit usikkert tilfelle. På gnr. 61 Kila i Rødøy har dei Sømnhåjen: Denne er lågast i sitt område. Det er flatland på begge sider (eine sida myr), og boniten på flatene er svært god. Det er vanskeleg å vurdere ei slik lokal namnelaging, om det er tale om samanlikning, oppkalling eller ei eller anna tilfeldig hending. M.a. kan Sømn- beintfram stå for søvn, svevn. I norsk er det rett nok ikkje eit vanleg namne-element, men i samisk er det annleis: Evenes har Nagirdievvá "søvnhaugen, blundhaugen", og det er gjetta på at ein gjetar kan ha sovna av på staden, venteleg med konsekvensar. Finnmark har fleire namn av same slag, knytte til fjell og vassdrag, utan at at vi kjenner bakgrunnen i kvart tilfelle (Qvigstad 1938: register).

Litteratur:

  • Bergsland, K. og Magga, Lajla Mattsson. 1993: Åarjelsaemien-daaroen baakoegærja/Sydsamisknorsk ordbok. Oslo/Kautokeino.
  • Christiansen, H. 1933: Gimsøy-målet. Fonologi og orddannelse. Oslo.
  • Collinder, B. 1964: Ordbok til Sveriges lapska ortnamn. Uppsala.
  • Hasselbrink, G. 1981- : Südlappisches Wörterbuch. Uppsala.
  • Iversen, R. 1913: Senjen-maalet. Lydverket i hoveddrag. Kristiania.
  • Iversen, R. 1961: Norrøn grammatikk. Sjette rev. utg. Oslo.
  • Nilsson-Mankok, E. 1976: Svensk - Sydsamisk ordlista Vilhelmina - Vefsen. Vilhelmina.
  • Olssen, O. 1958: Brønnøymålet. Lydverket. Skrifter frå Norsk Målførearkiv XIII. Oslo.
  • Olsen, A. og Myrnes, M. 1988: Samiske stedsnavn fra Lenvikmark og Evenesmark. Evenes.
  • Qvigstad, J. 1938: De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker. Oslo.
  • Rygh, O. 1905: Norske Gaardnavne. Gaardnavne i Nordlands Amt. Kristiania.