Sonnisthenn og andre namnegåter.

Klikk for stort bilde«Håløygminne» 4-2017  
Av Finn Myrvang

Lensrekneskapen år 1567, heretter forkorta LR 1567, er ikkje folkelesnad akkurat, for korkje innhaldet eller målforma er tillokkande. Like vel har han interessante sider, og av visse grunnar bør vi sjå nærmare på leidangen frå «Sanndtz Tinngstee» (Hm. 1933 s.40f): Gardane Berg (Berig), Røykjenes (Regenes) og Årneset (Ornes) kjem i fin ge­ografisk orden, til det avgløymte Kjelhus (Kiellhuus) blir hanka inn, og så kjem Aun (Ouend), Elgsnes (Elssnes) og Grytøya (Grotønn), Alvestad – derpå ein gløymd post frå Aun (Ouind) – så Dale (Dall), Vaskinn (Waschen!), Varmedal, Lundenes (Landel­snes), For (Forre), Helsing (Hellseng), Bessebostad[1] (Besbusta) og Skjellesvik (Skeil­lsuig). Etterpå kjem Vestnes og andre Bjarkøy-gardar følgt av Helløya, Flatøya, Krøt­tøya og Meløya, dvs. seinare gnr. 10, 9, 8 og 7.

Då dukkar ei ugrei gruppering opp: «Erlannd paa Sthrome», «Halord y Sonnisthenn», «Anders paa Aa» –vidare «Florwog» (Frovåg)[2] og Lemenvær (Lemmenuer). Deretter kjem Sandsøya: Slagstad, Kolsland (Kolensland), Altevika, Sand (Stan[n]d el. Stond), og Ageuig (Rygh les Altheuig), og Kochøen (visst Kiottøen lik Kjøtta, sjå fotnote 2).

Hovudrekkeflg. i ein slik rekneskap er ein ting, å presse detaljane er vanskelegare, då ettersleng kan komme til, som vi alt har sett, og usikkert er det kor i geografien vi bør plassere «Sthrome» og «Sonnisthenn», Norske Gaardnavne er til lita hjelp. Straume i Ibestad må vi sjå bort frå; der heiter det forresten «i Sthrome» same år. Uaktuell er òg Straumen inn til Hofsøybotn, med Straumsneset i nord og Straumsjøen i sør, ettersom Stonglandet låg under Dyrøy tingstad.

I upåklageleg orden kjem òg gardane i husmannslista frå Sands tingstad (Hm. 1935): Røykjenes (Rogginis), Stornes (Siornis), Aun (Ouind), Grøtavær (Grothe)[3], Alvestad, Dale, Vaskinn, Bjørnrå (Bottneraa!), For (Furen!), Bessebostad, Skjellesvika, Fenes, Dyping, Akkarnes. Vidare Vestnes og dei andre gardane på Bjarkøya, og etter det blir Flatøya nemnd, sist Lemenvær og Sandsøy-gardane. Også her er siste posten dunkel: P[e]ther Landzkraffue paa Kiallmo[4]. – Viktigast i vår samanheng er likevel at Dyping og Akkarnes tydelegvis berre er husmannsplassar, og at gnr. 21 Skarstein er unemnt.

Forvanskingar i fleng

LR 1567 er frå hundreåret etter at mellomnorsk skriftspråk døydde ut. Ei rettskriving for dansk låg langt, langt fram i tid. Vi er i ein språkleg båredal, og gardsnamna er ille medfarne iblant. Døme: Bottneraa for Bjørnrå på Gryta, Heimmelstand, Himmelstaa for Himmelstein i Buksnes, Kettingleenn for Kringelen i Sortland og Qualinngh! for Kvalvika i Malnes, Sualen for Solum i Hadsel, Wackuoff for Voktor i Kvæfjord. Ikkje rart at fagfolka òg les ulikt iblant: Der Rygh ser Inderstendh = *Inderstøen (Instøya) i Langenes, Nierdøn i Øksnes, Stoanstrand (Sandstrand i Sortland), Vockuoff, Elssnes, Battneraa, strir Orholt med Jnokrsthend, Nierdou, Str(?)andstrand, Wackuoff, Elffnis, Bottneraa. Omvendt les Orholt Kind og Kinde for Kinn, nettutgåva har Kend, Kende. Ei heller er dei samde om lesemåten Reggi- el. Ragginis for Røykjenes, eller i bruken av V- kontra W-. Skrivarane 1567 bala minst like ille med namneformer frå sine eldre førelegg, så ikkje utan grunn vart resultata tidt nok «eventyrlege».

Vi ser på den andre sida ei stor gruppe namn der samanhengen viser kva gardar det er tale om, men der lesemåten likevel er tvitydig, med o versus a. Døme: Snorsetter for Snarset i Bø, Balle for Bolle i Buksnes, Vdskar for Utskor i Bø, Wati- og Wattistad for Vottestad i Øksnes; i andre høve kan o-en stå for u, å og ø. Her må det ikkje gløymast at reell lydovergang kan ha skjedd iblant: t.d. har Vollstad i Trondenes Vallestaa 1567 som historisk mellomledd mellom seg og den eldste kjende forma a Walungstadum[5].

Paradoksalt nok er likevel fleirtalet skriveformer i LR 1567 på sitt vis enkle og kon­sekvente, som når gardsnamn på -vik, -vær og -våg er stava -uig, -uer og -uog. Langt meir påpynta blir det når Vik-, Vær- og Våg- kjem først i namnet, skrive Wiigh o.l.

Diftongar

Diftongen au er tidt skriven ou, liksom i hundreåra seinare. Houge, Hou pluss Soure, Sour identifiserer vi som Haug i Kvæfjord og Haugen og Saura på Andøya, men ikkje alltid så lett når diftongen kjem fremst i namnet: Vi kjenner Austringen i Øksnes att i Oustrengh (vsa. Oustrene, Ostrenngh), mykje verre med Ouend og Ouind for Aun, og at Auvåg i Bø skrivest Wouog! og Vduog (les *Audvåg). Ganske uventa er at Ånstad i Moskenes kjem opp i så historisk interessante former som Oudinnstad og Oudenstad, her fanst det nok førelegg av høg alder. Men kven skulle tru at Ånnstad på Hadseløya skulle ovre seg i sprikande former som Aanistaid, Ondistad og Undistad i LR 1567?

Aller mest vanleg er at diftongen au blir heilt ut «maskert» med u, som når Haukland, Haukenes og Haugsnes blir til Huch- eller Huckland, Huckenes og Huxnes – eller når Saupstad i Borge og Gimsøy blir Supstad og Substad. Her kjem elles dobbelformer til iblant, som Hugelannd og Hougeland for Hokland i Kvæfjord, Hugeby og Haugebøø for Haukebø i Trondenes. Litt annleis blir løysinga for Fauskevåg, skrive Fuscheuog og Foscheuog (les Føskevåg), og for Ostrenngh (les Ø-) vsa. Oustrengh, nemnt nyss.

Inkonsekvensane kjem vel m.a. av skiftande alder på dei førelegg skrivarane sat med.

Diftongen ei er også litt omtale verd, men her har eg mest berre døme frå Vesterålen og Lofoten: Fjellgrimstad i Øksnes blir Feilgrimstad[6], Jellevoll i Borge Heieleuold, merk òg Jennen i Bø skrive Heinne (+ Hienn). Jennestad i Sortland blir Heinnestad, Gjersvoll i Gimsøy blir Heirs- (+ Hiersuold), Jerstad i Buksnes blir Heirstad, Jar- el. Jærbakkan i Øksnes går for Rierbachen(!) Endeleg blir Jerstad (Jarstad) i Hadsel til Heirstad  (+ Hirestad). Skeillsuig[7] for Skjellesvika er alt nemnt. Litt mindre eksotisk  opplever vi det nok når Reite i Lavangen i eitt tilfelle skrivst Rethe, i det neste Ritte.

Det ser mesta ut til at skrivarane styrer «trygt» unna heilnorske førsteledd som Rein-,  Stein- o.l., men derimot freistar få fram lydsambanda jeᶅᶅ-, jeᶇᶇ- og ṛṣ-, jæᶊᶊ- ved å nytte diftongen ei, som iblant kanskje bør forståast som ei omkasting av ie? Ettersom vi ikkje kor mange skrivarar som hadde ein finger med i LR 1567, kva deira morsmål var eller kva førelegg dei hadde, nyttar det ikkje å gå like grundig inn på alle detaljar.

Itakisme og sth-fenomen

I Håløygminne 1928 gir Hans Eidnes eit par smaksprøver på itakisme i Senja-målet: «Pala du deg ikkje å jaga kjiren itur mira så ska du dikade få pril!» Også frå Meløya: «Gå tel sjien å skjer sunn hisa i litjegrita». LR 1567 har skriveformer som synest tyde på at fenomenet kan ha nådd mykje vidare. Nokre av skriveformene med i finn vi då også att seinare, i lister frå 1600-talet, og flg. opprekning kunne gjerast mykje lengre:

  • Dyrstad i Ibestad: Diresta, Diurstad
  • Dyrøya i Øksnes: Dyrøn, Dyroenn, Dirøenn.
  • Dyrøyklauva i Dyrøy: Direkleffue.
  • Grytting i Eidsfjorden: Gritting.
  • Krystad i Flakstad: Krigstad.
  • Krøttøya i Bjarkøy: Krittøen.
  • Lyngøya i Helgøy: Lingønn
  • Lyså i Kvæfjord: Lyssaa, Liisaa.
  • Mykland i Barkestad (no Bø): Mickland.
  • Myre i Dverberg: Myre, Mire.
  • Myre i Øksnes: Myre, Mire, Opmiir, Vpmir.
  • Myrland i Astafjord: Mirland.
  • Myrland i Hadsel: Murland, Mirland (samiske variantar?)
  • Sunderøya i Øksnes: Synderøen, Siinderøenn.
  • Sørrygge i Øksnes: Riigge.

Vi går ikkje inn på alle desse namna, anna enn kanskje Krøttøya, som ligg imellom og står i kontrast til Flatøya innafor og Meløya utanfor. Ei rimeleg forklaring er at Krøtt- kjem av gno. grýtt- «full av stein», som stemmer godt, sjølv om Krøttøya òg har noko sand, jf. Meløya. Lydovergangen gr->kr- må då granskast i vidare dialekt­samanheng.

Ortografisk eineståande for LR 1567 er at terrengorda stein og straum så å seie alltid skrivst med sth-: Straumen blir til Sthromenn eller Sthrommen, Straumen i Ibbestad Sthrome. Straume i Bø er stava Sthromme, medan Straume i Herøy blir Sthrame(!) Straumfjorden i Hadsel blir Sthromfiord, Straumsnes Gimsøy blir Sthromnes. Dette er frå eit vidt geografisk område.– Austeinen i Hillesøy blir tilsvarande Oudhesthen, Årstein i Vågan blir Arsthen og -sthenn, Steine i Bø og grannegarden Steinsvika går for Sthenne og Sthensuig, Steine i Hol (Vestvågøy) lyder Sthenne, Steine i Brønnøy Sthenn. Merk også Sthemland for Steinland i Øksnes og Sthrandstad for Strønstad i Hadsel, dertil Sthrengeluog og Sthod (Stø), begge Langenes. Det hender at namna opptrer med «parallellformer» på St-, men dei er sløyfa her, for forenklinga si skyld (eit unnatak frå sth-regelen er at Årsteinen i Ibestad er skrive Orrestenn. Forklaringa på fenomenet finst nok i mellomnorsk. Etter at lydane fall i hop i uttale, var det ikkje så lett å skilje gno. þ (skriven th) frå ein språkhistorisk korrekt t. Ønsket om å «vere på den sikre sida» førte då ei tid til overdriven bruk av skrivemåten th?

hest eller stein?

Sonnisthenn er i NG tolka som Senje-, Senjahesten, gnr. 4 i Bjarkøy. Geografisk får vi eit avvik eller sprang – men ikkje urimeleg stort – inn til Å, Frovåg og Lemenvær.

Vi forstår jo at når NG plasserer 1567-forma under Senjehesten, burde Sonni- vere ei forskriving av Senni- . Det er slett ikkje utenkeleg, for i LR 1567 møter vi spinnville former som Botilstad for Bitterstad i Hadsel, Belle for Bolla i Ibestad og Brones! for Bremnes i Sortland (Langenes fj.), Wobestaa for Vebbestad i Kvæfjord, Landel(s)nes for Lundenes. Ugreie med o kontra a er likevel vanlegare, som vi alt har vore inne på.

Påfallande er det likevel at vi her nøydest å løyse opp Sonnisthenn som Sonn-isthenn, jf. at Senjehesten i flg. NG lyder sænnihæssten. Formene Sennihest 1629 og Senihest 1661 blir ut frå ei apokopert form Senj' ikkje vanskeleg å komme til rettes med – men då bør vi jo tilsvarande løyse opp 1567-forma som Sonni-sthenn, der sisteleddet ikkje kan vere -hesten, men -stein! Som vi ser er «Sonn-isthenn» ei minst like usannsynleg ledd-deling som å lese Oudhesthen (1567-forma av Austein) som «Oud-hesthen».

For ordens skyld må nemnast at det stadig heiter Senja og senjaværing, som òg i den nylaga postadressa Senjahopen, men like tradisjonsrett er Senjehopen og Senjehesten. Andværingane og andre har nok større vanskar med å halde styr på dette! – Det bør i slik samanheng også nemnast at dei i Bjarkøya ofte sa Senjehesten om heile Bjarkøy-delen av Senja, dvs. det området som seinare vart overført til Tranøy.

Med Sonni-sthenn utlagt som *Sennistein < *Senjestein blir det vanskeleg å finne ein betre «namnekandidat» enn Steine = Steinaværan i Bjarkøy, heilt enkelt skrive Stena (DN 1490). Frå 1610 kjem former som Stenne o.l. Vi ser ikkje i noko anna tilfelle øy­namnet Senja brukt som førsteledd (utmerking) for dette gardsnamnet, på hi sida veit vi ikkje om noka anna 1567-form av gardsnamnet Steine enn nettopp Sonnisthenn.

Sannsynlegvis kunne skrivemåten like snart ha blitt Sonne-, den slags går veldig ofte på ragadus i LR 1567, jf. Baltischare for Balteskar, og i Trondenes både Rogginis og Regenes, på Andøya både Fiskines og Fischenes, vidare par-former som Barckistad + Barchstad, Thuni-, Tuni- + Thiunstad og endeleg Wati- + Wattistad, desse tre siste frå Øksnes. Forma «Fiskines» (ein stad Fislines) framstår gammalnorsk, alt det andre ser slumpesamt ut. Espejorda i Dyrøy blir heitande Asbyiord. Førelegga var mangearta.

Senjehesten er gnr. 4 i Bjarkøy, Steinaværan (off. Steine) er gnr. 6 og Meløya er nr. 7, slik sett er LR 1567 velordna nok, men ugreitt er det at «Sthrome» legg seg imellom. Er det tale om eit «uordentlig» innskot av det slaget vi før har vore inne på[8], eller om ein uidentifisert gard i Bjarkøy-området? Sundsvoll ligg ved «Sundsvollsundet», der Straumsneset stikk ut og lagar eit strøype som vel må ha heitt noko på -straumen?

«stein» rimar best

I alle tilfelle er Stena 1490 liksom sms. Steinaværan fleirtalsform, men denne merkar vi lite til elles, med unnatak for manntalet 1664-1666, der det står Stener. NG reknar då også med gno. form *Steinar: «Det er nogle smaa Øer og et Fiskevær ude i havet vestenfor Senjen», og i Den Norske Los er presisert at «været består av et stort antall holmer og skjær ved Indre og Ytre Steine, Steinflesan W for og Klakkan N for. Far­vannet mellom alle disse holmene og skjærene er meget urent». Sjøkartet viser at dei brukande leiene til Indre og Ytre Steine er krokute, og imellom dei er det knapt noka lei i det heile. – Om det busette Indre Steine blir det på siste del av 1600-talet opplyst at «denne jord er en omflødt øe, som ligger en 3 miil i havet, og er lagt for landsskyld formedelst fiskerie i fordums tid, saavelsom fugl som ønglede der, hvilke begge dele har aftaget, saa og at der intet kand saaes». Været var langtfrå noko Gosen, forstår vi, men likevel ein meir kjend stad enn kva vi skulle tru, det kjem vi tilbake til seinare.

At markerte små øyar i havet heiter noko på -stein(en) er vanleg nok, jf. Haksteinen aust for Skjervøya, eldre norrønt-samisk namn Áras-stæi'na (Qv 1935: 37). Derimot er det særs uvanleg at ein slik «stein» i havet har namn av ei mykje større øy innafor. Ei heilt anna sak når ein høgdeformasjon på sjølve øya heiter noko på -stein(en), t.d. Hinnsteinen, gardsnamna Handstein på Handnesøya i Nesna og Vegstein på Vega.

Dette kontrasterer mot namnelagingar på -holman og -væran, så som Olviholman og Olviværan, likeins Grøttaværan, begge i nær relasjon til øyar innafor. Likeins har det seg med Bolgværet, Engelvær, Fleinvær, Husøyvær og Torgvær – der fleirtalsformer nok er langt meir vanlege enn kva offisiell skrivemåte vil ha oss til å tru. Steinaværan synest då vere same slag namnelaging, sekundær til Steina(r) som primær geografisk eining. Altså kan vi avskrive Sonni- for Senni- = Senj'-, så vel som -isthenn = -hesten.  Å tolke Sonnisthenn som feilskriving for *Sannistein leier heller ikkje fram til noko.

Også eit anna moment talar for at «Halord y Sonnisthenn» heldt til i Steinaværan: Det året er det berre éin til med same fornamn som svarar leidang, Halort Jempt på Besse­bosta, og ingen husmenn heiter så. Flyttar vi oss fram til skattelista 1610, då vi tør tru at førstnemnde Haldor er ute av tida, er blant fem drengar frå Steine namngitt Omund Haldorsen og Pål Haldorsen, sannsynlegvis søner. Mindre interesse har truleg skipper Haldor Eidesen i Flatøya og Haldor Andersen på Ytter-Fenes same år.

Denne meldinga i NRK sist i august i år [2017] gjorde neste artikkel ekstra aktuell !

   «Verdens største private samling av kart over Norge og nordområdene er kjøpt av Sparebankstiftelsen DNB og gitt i gave til Nasjonalbiblioteket. Samtidig bevilger regjeringen midler til et nytt kartsenter i Nasjonalbibloteket. William B. Ginsbergs kartsamling er den mest verdifulle gaven biblioteket har mottatt

                                                                                                Myrvangs artikkel kom til redaksjonen i juni i år!  Red.

 

Funn frå karta til dei som «oppdaga» oss på 1500-talet.    

Av Finn Myrvang

Mange var dei som tok del i prosessen som førte fram til brukande kartegging av den norske kysten. Jacob Ziegler var frå Bayern: Kartet hans frå 1532 listar opp Wardhvs castrum (festning) og Stappen (Gjesvær), Hielsoo (Hillesøy), Trvnis (Trums), Rodes­holm (Røssholmen), Saniam, Andanas, Quedefiord, Skafen (Skagan?), Varo (Værøy).  Men nederlendaren Jan Huygen van Linschotens kart over Skandinavia og Arktis har Lappen (Loppa), Arnou, Steen, Anenes, Loffoet, Moskestroom med de Welle, Wero og Rust: Det kom i 1601, noteringane skjedde 1594 –1595. Også på karta til J. Blaeus frå 1602 og 1662 er Steene med, så Steinavær var ein anst stoppestad.

Vanskeleg er det ikkje å finne namn som vitnar om den hollandske aktiviteten i nord. Trondhjemsbukta på Andenes heitte også Hollendarbukta, og i Skjervøy og Gamvik har dei Hollendarvika. Inni Målselv-deltaet ligg Hollendernes, der hollendarane skal ha etablert handel på første halvdel av 1600-talet pga. det rike laksefisket (NG 17: 104). Hasvik kom tidleg med på karta deira, og Hollendarbakken fekk namn etter eit forlist skipsmannskap som budde der ei kortare tid (NG 18: 118). Eit ungt tilskott til  tradisjonen blir då Hollendarpallen på Bjørnøya i Rødøy: Ein hollandsk lekter grunn­støytte på Bjørnøyodden seinhaustes 1943 eller 1944. Mannskapet kom seg i land og søkte livd under denne bergpallen.

På kartet til Abraham Ortelius frå Antwerpen år 1570 syner innerleia seg i namn som Lokhelle (Laukhella sør for Gisundet), Ostafiord[9] (Asta-), Rollen, Foten[10] (Ofoten), Steg. Lødingen vantar, men det er berre eit unnatak, jf. Londingia (Münster 1540), Lõdĩgia (Gastaldi 1548), Londingia (Ruscelli 1561), Lõdinga (de Jode 1578), Londinga (M. Quad 1596), Londigia (B. Langenes 1598). G. Mercators kart frå 1595 har også Tiallsund med – kloss opp til malstraumen (Moskestraumen)! Mykje meir usikkert er det om «Tiallis lund» hos Olaus Magnus 1567 har noko som helst med Tjeldsundet å gjere.

Noko gåtefullt er Rodhelle plassert nord for Rolla hos både Münster (Basel), Gastaldi og Ruscelli (begge Venezia), hos andre i nærleiken av Laukhella eller også Malangen,  like fullt plassert mellom Westerhol og Moskestroom hos Linschoten så seint som år 1595! Kan stå for *raud- eller *rødhella, men lyder Rohell hos Barent Langenes 1598 og Rohel hos W. Barents 1599 (som derimot har Lockhelle = Laukhella) – noko meir utydeleg Rohem? hos de Bry same år. Guillaume Sanson har òg eit utydeleg Rollhela eller Rolihela avsett i Finnmark innland så seint som 1668! Fantomnamn vil vi helst tenke, for Rødskjer i Tjeldsundet passar dårleg, men helst står Rohel(l) for Rorholet i Storstraumen i Ullsfjorden. Altså var hollendarane mange stader og nasa, det finn vi eit anna døme på: På eit populært Waeghener-kart frå 1596, der Rollen, Lockstelle(!), Rodhel og Malangar kjem på rad, har Finnmark-kysten også eit eksotisk Foswonas: Er neppe anna enn Vuotkevuotna = Uhcavuonaš, «lillefjorden» i Måsøy. 

M.o.t. landemerke i ytterleia stemmer fleirtalet av karta nokonlunde. Zieglers år 1532 er alt nemnt, og hos A. Ortelius 1570 blir namna fleire: Domshaf[11], Wardhuÿs, Motka prom. (Makkaurhalvøya),  Bomgang[12](!), Skittunsberg (Skjøtnings-), Stappen, Hielso, Trums, Rodsholm (Røss-), Balstad, Oiford, Medfiord, Berger, Grillefiord (desse siste fem på Sanion), Andanes, Trondarnes, Quedefior, Vastral, Langanas, Varo (Værøy) og Rust. Det at Langanes lenge vart plassert for langt sør kan gje mistanke om at namnet vart kopla til Lofotodden, men avskriving frå eldre kart var i alle tilfelle hovudårsaka.

At utposten Auvær manglar på tidlege kart overraskar lite, men «Auer» er avmerkt ved ein fjordhop eller innsjø i Vest-Finnmark hos de Jode 1578 og like merkeleg hos tyskeren Matthias Quad 1596 – med Senja avsett like ved! Like påfallande er at endå Lofoten kom tidleg med på hollandske kart, finn vi ikkje Vågan eller Kabelvåg, vel av di andre hadde etablerte interesser der. Dei langvegsfarande hollendarane gjorde seg helst kjent med ytterleia. Ved første augnekast kan det det sjå ut som om Skrova er med i forvanska form Skafen hos Ziegler 1532 medan de Jode og M. Quad legg inn Scaffe mellom Lofoten og Vesterålen. Og Mercator plasserer, i lag med Lofoten og Lødingen, noko som liknar «Skaffinien», visst rettare Skaffuuen eller Skaffwen, i tråd med dei to eldre kartformene Skafen og Scaffe. Det er nok[13] Skagan i Vesterålen, kal­la Schauffuen i ei skatteliste 1664-65, sml. Wennie Schagen og Winnij Skagen 1667. Då ikkje pga. naboskap til futegarden Vinje, for Skagan var ein del av Vinje på den tid, men med Vinje som fjerdingsnamn brukt til å skilje Skagan frå Skagen i Kalsnes fjerding lengst sør i Sortlandssundet, i dag med flyplass.

Karta er punktuelt interessante, dvs. namna gir best orientering medan «oppmålinga» skal forbigåast: «Rollen» ligg innpå «Muscenes»! «Traenooch» (Tranøy) blir mykje rettare kopla til «Vestucort» (Vestfjorden). Det siste òg hos Linschoten 1601: «Traen ooch» og «Westervoort». Hos sistnemnde er Vesterålen derimot blitt til «Westerhol».

På Ortelius kart svingar Trondheimsfjorden nordover på innersida av Steg, Salten og Rodho (Rødøy)! Gastaldi har òg Brynnia aller lengst sør på odden[14]. Hos G. de Jode 1575 ser vi Foetet (Ofoten, evt. Folda?), Stege, Salten, Gÿllescal, Rodno, Astholms, Brimia, lett forbetra hos Mercator 1593: Steg, Salten, Gillescall, Rodho, Alstahug og Brinnia, altså Brynnøya.

Hålogaland slik det er avmerkt på italienaren Nicolo Zenos kart år 1558 over farvatn i nord tyder på at Europas landkunne om oss er skral: I nord skimtar vi utydeleg Trons (truleg Troms), Langanes og Engal (vel Engeløy) – så utvida til Trondo, Engal, Lunga (Lyngen) og Trons i Ruscellis nyutg. av Zeno 1561. Ei forbetring av dekninga i nord finn vi på Olaus Magnus' kart frå 1567, frå nord Waerdhuÿs, Stappen, Hÿelso (Hilles­øy), Rodesholm og Saniam; meir tvilsamt namna er Nordlands-kysten.

Willem Barents kart år 1599 er derimot rikeleg namna frå Nova Zembla og Kvitsjøen og vestover, og Linschotens praktkart år 1601 viser ikkje berre overgangen til eit nytt hundreår, men at hollendarane har reist og lært ved sjølvsyn også i nord. Fantasifulle illustrasjonar av antikkens sjøuhyre og havsvelg er tona ned, vi får på landsida smått om senn illustrasjonar av korleis dei meinte lappar og andre eksotiske folkeslag i nord kledde og tedde seg. Med litt velvilje må vi kalle det ei form for folkeopplysning.

To av øynamna har særleg interesse for oss: Alt år 1532 kjem Saniam alias Senja med hos Ziegler, hos Olaus Magnus 1539 tilsvarande Rollen, ei kartform som så fortsetter punktuelt utan at vi alltid ser klart at dette er ei øy, medan Senja er skilta Sanyam (S. Münster 1540), Sanya (G. Gastaldi 1548), Sanyan (G. Ruscelli 1561), Saniam (Olaus Magnus 1567), Sanion (Abraham Ortelius 1570), Saniam (Mercator 1595) og Sangen (Linschoten 1601)! At Senja er ei ruvande øy er tydeleg nok frå 1532, dei andre store øyane blir nærmast ignorerte heile hundreåret ut[15]. På karta til Mercator og de Jode er «Malangar» = «Malanger» med, men Andørja, Gryta og Andøya er unemnde, endå vi aller oftast finn sjølve Andenes avsett. Kanskje aner vi ei forskriven form av Andørja på J. Blaeus kart frå 1662, men Gryta «går under radaren» i lang tid etter det. Øya var visst – i slåande kontrast til Rolla – uviktig som landemerke for langvegsfarande, og like lite ser vi på dei eldste karta til den om lag jamstore Ulvøya (Hadseløya). Og når ikkje eingong den høge Skogsøya på yttersida av Vesterålen var «nemneverdig», var det lite å vente at sjøfolka enste den låglendte Sandsøya. – Andørja og Andøya var det sannsynlegvis berre lokalkjent folk som greidde å halde frå einannan, då som no.

Attover til Rímbegla

Med så mykje sagt om 1500-talet skal vi gå ca. 400 år lenger att i tid, til Rímbegla og avsnittet om «eyar fyrer Halogalande» – tilsvarande samiske øynamn etter Qvigstad er innskotne i klammer: «Næst er bygd af Christnum nönnum Ey su er Salar Ey heitir [Sallir],  önnur Þydings Ey [Dudha],  þá er fiördur er Malangur heitir,  hann skilur Finnmörk vid Bumenn, fyrer sunnan Málangur stendur kirkia er heitir í Leingiuvyk, er menn hyggia nordustu kirkia í heiminum, þá er Ey er Senniab heitir [Saddsja], þá Trukney el. Trakney [Rānak el. Rānaid suolu], Durex[16] Ey  [Divrak], Andyria [Addir], Roölld [Ralli], Brimilsey, Biarkey, Sónesta, Qvidiney [Unna-sul'luš], hun er mest þá er í Kvidufyrde [Gietta-vuodna], þá Þrandarnes [Rū-našše]».

Rímbegla er sett i hop av fleire kjelder, og det nyttar lite å spørje kvifor vi ikkje også høyrer om øyane i Lofoten og Vesterålen. Slåande er like fullt samanstillinga av den store Salarey = Kvaløya og den langt mindre Tussøya, likeins at den store øya Senja og den «småfalne» Tranøya etter alt å dømme blir nemnt i same andedrag.

Dyrøya og Andørja og Rolla var store og sentrale nok til å forsvare liste-plassen reint geografisk, småøyane må vere medrekna av di dei var knutepunkt. Det gjeld sjølvsagt  for Bjarkøya med. Unemnt er Sandey = Sandøya [Saddiid-suolo] og Grýta = Grytøya, i 1567 skrive Grote = Grotønn [Rivtek pl = Rivtiid-suolu][17]: Noneksistensen til desse på 1500-talskart, som vel å merke endå ikkje var i vanleg bruk blant sjøfolk, viser kva navigatørane frå eldgammalt la seg på minne og kva som var av underordna interesse.

Den dunkle Sónesta

Trondenes og Bjarkøy hadde nok frå gammalt kvar sin halvdel av Gryta som naturleg interessesfære, geografisk sett. Øya hadde ingen eigentlege sentra i form av fiskevær eller hamner, og heller ikkje på andre måtar var ho tilstrekkeleg «profilert» til å feste seg i minnet til dei langvegsfarande, ei heller den endå mindre og lågare Sandøya: At ei av dei heitte Sónesta har vi ikkje haldepunkt for. Derimot har vi, som drøfta, gode grunnar  til å tru at Sonnistein og Sónesta er same lokaliteten, Steina(r) = Steinavær.

Vi skal inn på eit tilsynelatande sidespor: Frå Sverige veit vi at namn som Åsele, Sor­sele o.fl. står i samband med sv. sel «(ofta bred, stundom sjöliknande del av älv med) lugnt flytande vatten (mellan forsar), lugnvatten, spakvatten». Same ordet er gno. sil n "stiltrennande vatn i elv eller bekk», «elv som renn stilt» o.l.  Her blir like eins den korte i-en til e, jf. Sel i Oppland, Selbu i Trøndelag o.m.a.  innlandsvassfar. Vi er ikkje fri for slike namn her nord heller, t.d. Selnes (m. open e) på Sortland og i Eidsfjorden, begge ved stiltflytande åer, men kjenner namnet først og fremst frå sjøsida: Øya Sel­vær i Træna er gjennomskoren av elveliknande beine sund. Det er i mindre skala òg tilfelle for Selsholmen i same kommune. Selsøya i Lødingen er full av tronge små sund.

Særmerkt for Selsøya i Hamarøy og Rødøy er derimot saltvasstjønner og -pyttar der sjøen silar inn og ut - ved flo og fjære. Selfjorden i Tranøy og i Bindal har ein jamn­smal, elveliknande indre del, medan Selfjorden i Flakstad har den strie «saltvasselva» Nesstraumen i sør, mellom Flakstadøya og Moskenesøya, og i nord Røssøystraumen. Om Selnes i mange fjordar og sund i Troms vil eg ikkje uttale meg, men det er likt til at sel n ganske ofte står for elveliknande straum(far) i salt vatn og at skrivemåten Sel- naturleg fører fram til ein uttale med open e.

Til norsk og svensk sel svarar, noko forenkla, nords. savon og sørs. sovvene (trong o), men ei rad mellomformer finst og gir seg til kjenne både på svensk og norsk side, så avgrensinga er ikkje skarp. Eitt døme: Bogøya i Fusa i Hordaland heitte før Samnøya (no namn på bygda), skild frå fastlandet av eit ovtrongt sund som vel pga. landheving no er stengt av eit lågt, lite eid i ytterenden. Ein teori er at Samnøya før heitte *Sǫmn, eldre *Sǫfn (NG 11: 186), men den forma kan beinveges vere s. savvun, dvs. vere eit opphavleg namn på det tronge sundet.

Forma sovvene kjenner vi frå dei sørsamiske områda nordover til søre Helgeland, det nordlegare savon når iallfall sør til Balsfjord og Nordreisa, men det mellomliggande området veit vi minimalt om. Merk at sovvene (til dels skrive suvvune) er forkorta til både sovon og soon, soven og sovn (soon markerer to stavingar): Balsfjord har ein ås Sonsaren eller Sonaren (<*son-várri?), med elvar ikring. Det minner om Sonfjället i Herjedalen, men dei tilsvarande vassfara der sør er likevel mykje større.

Det vi kan kalle heimlandet eller heimeøya i Steinavær heiter Styrmannsholmen, med Tjuvholmen i nord og Kråkøya i sør. Imellom desse tre er fører tverrgåande sund aust - vest. «Hamna» Storkeila er ein lomme på nordsida av Styrmannsholmen, inn frå det norde sundet (som seinare er stengt av ein molo, mura i austerenden). Her snakkar vi om matrikkelgarden Indre Steine, men typisk for heile Steinavær-arkipelet med alle dei skjer, steinar, grunnar og bøar som karta viser er talrike, ovtronge leier sørvest-nordaust. Frå naturen si side ligg det ikkje så naturleg til rettes for ferdsel frå garden utover til holmane og skjer på Ytre Steine, for der ute òg går leiene sørvest-nordaust.

Tenker vi oss at meir av Steinavær steig pga. landheving, eller at Selsøya i Lødingen seig litt, ville dei to områda likne mykje. Samiske namnelagingar med -stahke tyder både «område med - », «område som minner om - », «område som ser ut som -» og «samling av - », så namnet kan forståast som s. *suvvenestahke (sovvene-) > *sovne­stahhk > Sonesta, mynta på dei omtalte sunda og leiene, sml også Selvær. Sonesta var truleg ei namneform tilpassa norrønt, plent som *Gimista, or Gimistu = Gimsøy. Går vi ut frå at Sónesta er eit eldre namn på Steinaværan, er det i beste orden at Rímbegla nemner Sónesta rett etter Bjarkey.

Kva så med Gapøya?

Meir problematisk er Brimilsey, nemnd i Rímbegla mellom Roǫld og Bjarkey. Vi vil i første omgang sjå bort frå dette og i staden sitere Carl Bertheussen (Hm. 1935-417): «Blandt de navngitte øyer i Rymbegla er Gapøya ikke nevnt. Dette er litt påfallende. Især da Kvæøya er tatt med. Men isteden for navnet Gapøya er det et navn Brimilsey. Jeg vil gjette på at denne Brimilsøy er den nuværende Gapøy .... Som bekjendt ligger Gapøya utfor Bremneset og i gapet av Kvæfjorden. Bremneset kan jo engang i tiden ha været kaldt Brimil(d)snes. Det kan ha gået under navn av Brimilen».

Til det er å seie at brim n «bårebrot mot land» går att i namnet Brem- eller Brømneset mange stader, eit opphavleg namn Brimilen i akkurat det eine tilfellet er usannsynleg. I tillegg kjem at det er Kassholmen og ikkje Gapøya som ligg beint utfor Bremneset, Gapøya ligg dobbelt så langt frå Bremneset som frå Finnsæter på vestre landet. Dess­utan er det slik at Kvæfjorden etter manges meining i flg. Tore Ruud rekk nordover til ei line mellom Elgsnes og Kinneset; overgangen Toppsundet – Andfjorden er litt meir utydeleg. Ein kan oppfatte det slik  at det Kinnholmen og grunnen Mefjordingen ligg ute i gapet av Kvæfjorden, Gapøya kjem mykje lenger inn og er bolkeskilet mellom ytste del av Godfjorden og inste del av Kvæfjorden.

Det er då heller ikkje sikkert at Gapøya har stort med fjordgap å gjere. I Kjelvik har dei Gāpe-suolo og Gāpe-vuodna, også skrive Gāppe-. Det minner i utgangspunkt om Gapøya, men er Kamøya og Kamøyfjorden (NG 18: 169 og Qv. 1938: 59). Forlenga a-lyd kom her inn i samisken pga. lån av eldre norske former kām- <gno. kambr, dvs. med «erstatningsforlenging» då b fall bort, ja -kāmen er framleis rådande i stadnamn i Bø og Hadsel. Taggut er Gapøya ikkje, men frå Finnsæter-sida liknar ho ein lang båt­kjøl. Namnet Gapøya er neppe heilnorsk, Kåppusdalen, Lappeskogneset, Finnhamn-berget og -fjellet og fleire namn frå same område gir grunn til tvitenking.

brimill om sel?

I fall Brimilsey er det gamle og «heilnorske» namnet på Gapøya, er det naturleg først å tenke på gno. brimill m brukt om stor sel, i islandsk og færøysk han-sel, for midt på austsida av øya ligg Låterskjeret (látr: liggestad). Det minner om Låtran i Lovika, eit unikt namn i ein kommune som elles har både Kobbøya og tylfta av «kobbesteinar».  

Om tilsvarande lokale tilhøve fortel Tore Ruud frå Elgsnes at farfar hans fanga kobbe i garn ved Sandskjeret mellom Ytre Aun og Ytre Elgsnes, og på Kobbeskjeret utom Ytre Elgsnes ligg framleis kobbe frå tid til anna. Noko selveide ved Grytøya kjenner han ikkje, anna enn Kobbevika-Kobbeneset i Dypingen. Grunnen til namnet Selvika mellom Indre Elgsnes og Kasfjord på Hinnøya er meir usikkert. Vi har ordet sellátr i norrønt, men ikkje *kobbalátr. Var det då berre storsel som leita seg látr, flokkvis?

Tore Ruud fortel også:  «Når det gjeld kobben på Gapøyholman, har eg kontakta ein seljeger. Han seier at det er mest steinkobbe der, i kastingstida kan det vere over 100 individ. I tillegg kan det vere ein og annan havert der. Dette området er freda, men eg veit ikkje om det er mange kobbar der av di området er freda, eller om det har vore slik frå arilds tid. Med unnantak for Gapøyholman har øya inga vern mot storhavet... Elles seier seljegeren at Krøttøya har vore kjend som eit godt kobbeområde». – Ruud refererer også Amund Helland, som seier at «sæl fangedes før i Bjarkø, saaledes ved Froholmen».

Carl Bertheussen fann det påfallande at Rímbegla nemner Kveøya men ikkje Gapøya. Kanskje likevel ikkje, når vi veit at Kveøya var eit nokså folkerikt knutepunkt på line med Tranøya. Meir naturleg hamna Gapøya alias Brimilsey i klasse med Steinar alias Sónesta med ressursar som fugl, fisk og sjødyr og fekk plass i øyremsa av den grunn?

Dårlege er ikkje argumenta for at Brimilsey var Gapøya. Likevel er det problematisk når Rímbegla plasserer Brimilsey mellom Rolla og Bjarkøy. Grýta er eit gammalt og sjølvstendig øynamn, ho har neppe heitt noko anna. Sandsøya er derimot sekundært til gardsnamnet Sand (Nord- og Sør-Sand). Kan ho ha heitt noko anna frå førstan av? 

I norske dialektar og nynorsk skriftspråk er brem m «kant(ing)» oppfatta som eit seint innlånt kulturord, nytta om kant på hatt og andre klesplagg, og elles kjent frå litterære uttrykk som „fonnenes brem“ (Bjørnsson): kanten av isbreane. Stadnamngranskarane her til lands nemner sjeldan brem m, dei viser oftast til brim n «det at bårene bryt mot land», t.d. ved bygdenamnet Bremanger. Svenska Akademiens Ordbok, derimot, fører opp geologiske og geografiske døme: jökelbräm, moränbräm, strandbräm, vassbräm.

Etter mitt syn er brem som tolkingsalternativ litt underestimert i norsk, og av alle øy­ane er det faktisk Gapøya som har den aller mest markerte strandbremmen, som ven­der mot aust: brem m (kanting på hovudplagg) svarar til da. bræmme, bremme og sv. bräm, ty. bräm(e), vidare til eng. brim „kant, rand“, ags. brymme – visst alle av ei rot som tyder „skyte ut el. opp, danne kant“. Ei ordlaging *bremill eller *brimill må i så fall stå i samband med verbet å bremme i sistnemnde tyding, så vi nøydest heilgard­ere i tolkinga av namnet Brimilsey.

Begge måtane å tolke namnet Brimilsey på kan altså passe for Gapøya. Likevel er og blir det problematisk at Rímbegla nemner Brimilsey mellom Rolla og Bjarkøy. Grýta er eit gammalt og sjølvstendig øynamn, ho har vel ikkje heitt noko anna? Vel nok har denne øya faktisk ein markert og litt høgtliggande strandbrem, eller ei strandhylle, frå Fenes og til Lundenes, men der er visst ingen teikn til at denne har hatt eit eige namn.

På Sandsøya kan berre Slagstadfjellet kallast ein „brem“. Det går tvers over øya og er smalt, beint og bratt mot nord, i meir enn halve lengda. Frå sjøen i nord og aust er det venteleg ganske synbert. I dette tilfellet er øynamnet sekundært til gardsnamnet Sand. Kan øya ha heitt noko anna frå førstan av?

Lenge var det siste berre eit akademisk spørsmål frå mi side, forventa ikkje å få svar på det noka tid. Stort var derfor «hakesleppet» då eg frå lokalhistorikar Johan Borgos for kort tid sidan fekk tilsendt kartskisser av m.a. dette øyområdet, gjort ca. 1690 av Trondhjems-kartografen Melchior Ramus - den første som gjekk inn for å kartlegge heile landet, detaljert. Han namngir både store og små øyar greitt: Grytøen, Birkøen også Bjarkøe, Heløen, Fladøen, Kritøen og Meløen. Den siste (relativt) store øya på hans skisse er påført gardsnamna Altvigen, Kollisland og Skagstad: Sands-gardane er utydelege, men i kartkanten er påført opplysning om distansen frå Sand til Østnes (på Bjarkøya), så vel som Sandsund. Med noko større skrift midt på står - ikkje Sandsøen - men Bremsøen. Rímbergla fekk dermed rett, punktum.

 

Klikk for stort bildeSandsøy  

 

Litteratur

  • Ginsberg, William B. and Inger G 2002:
  • Scandia: Important Early Maps of the Northern Regions & Maps and Charts of Norway. New York. ISBN 0-9719493-1-x.

 

Fotnoter

[1]Også lese Bossbostaa i nettutg.

[2]Rygh fører som forventa opp skrivemåten «Florwog» 1567 under gnr. 15 Frovåg. Aa er oppfatta som gnr. 104-105 Å i Ibestad? gnr. 12 Å i Tranøy er iallfall ikkje nemnd som alternativ.

[3]Grode i nettutgåva.

[4]I nettutgåva derimot lese «paa Kiotteno», altså Kiøtten-ø.

[5]Opplysande m.o.t. forvirring! er gnr. 38 Dalen alias Saltbergdalen i Øksnes: Selbergdallen 1567, Solbordall 1610, Salberdall 1611, Solberdall 1614, Solbergsdael 1626. Seinare Dallenn, Dahlen.

[6]I nettutg. Jeilgrimstad.

[7]Også lese Skilleffuig i nettutg.

[8]Kan vere så enkelt at Erland på Straume er eller har vore fast busett på ein gard Straume utanfor bygda og går under det tilnamnet. Jf. «Laueris Rostuering» [røstværing] ført under Slettenes i leidangen for Troms, og «Laueris Suenske y Skrouen» ført opp under Lødings fjerding og ikkje i sjølve leidangslista «aff Schrouuenn».

[9]Er også med på Mercators kart 1595.

[10]På kartet til de Jode 1578 kalla Foetet, derimot Lofoch!

[11]Kartmakarane kjende sine klassikarar, gno. Dumbshaf (knytt til fjellet Domen) var neppe eit levande namn så seint.

[12]Bõgan hos de Jode 1578, Mercator 1595 har både Omega og Bongan! Seinare Ommega (Linschoten), Ommagang (Sanson 1668), Ommegan (Th. Bowen 1791).

[13]Neppe Stave på Andøya (der har J. Blaeu 1662 Staaf), heller ikkje å forveksle med Skogn (neste fotnote).                             

[14]Skogn (+ Frosta mm.) går for Skõgen og Skongen hos respektive de Jode og Mercator, ulikt Scaffe resp. Skaffinien.

[15]Ei lita gåte: Tett på sørsida av Senja har Olaus Magnus 1567 noko som kan lesast Sigos land, medan Mercator 1595 i liknande posisjon har Sigos-sund. Har ikkje funne liknande hos andre.

[16]Sterkt forenkla: ein norsk y kan få både uttalen i og u i samisk. Går vi ut frå at tradisjonen i Rímbegla også kvilte på noko kunnskap om tradisjonelle samiske former, er *Du(v)rak, *Durek pl. påhengt norsk genitivs s ikkje utenkeleg. Den tvilsame lesemåten Trukney el. Trakney gjer det uvisst om noko liknande har skjedd med dette namnet: Sml. i alle tilfelle Rának pl. som samisk namn på Tranøya. – I skrivemåten Senniab aner vi ein denasalert -m?      

[17]    Jf. Rif'ta  el. Riftak om Grøttøya i Helgøy (Grytøenn 1567, Sodre Grittøø og Nordre Grittøø) – og Rivtag  el.    Ruftag(-vuodna) om Gratangen.