Sortland

Klikk for stort bildeKNyredigert etter «Håløygminne» 3-1997

Av Finn Myrvang

År 1997 kom tidend om at heile Sortland kommune var blitt by, og at det skulle bli feira 19. juni 1997. Du store tid! Kanskje skal vi seie som Augustinus Sellevold, i visa frå 1854 om ein annan nykomling blant norske byar: "Thi sandelig vender sig Lykkens Hjul". Verdsleg var sortlandssundingane berre langenesfjerdingar! heilt til 1617, så det var ikkje nytt at øksnes-, bø-, kallsnes- eller ulvøyfjerdingane finta dei med klengenamnet bakfjerding eller rett og slett "bak" når det høvde. Kyrkjeleg var det på ein annan måte, for vel hadde Sortland ei míkjálskirkja i seinmellomalderen, men var anneks under Hadsel seinare, heilt til 1852, då det vart eige prestegjeld.

Gamle skriveformer

Kva ligg i namnet? Før vi prøver svare på det, må vi finne dei eldste skriveformene. Blant øynamn i Snorre-Edda er nemnt Sortuland, men i heimenorsk arkivmateriale er det alltid ein v-lyd med:

Swortuland, Suortaland 1370, Suortulands kirkja 1381, og tilsvarande Ecclesia de Suartalandh 1408 (påteikna Suortoland), af Swartalande kring 1440, Swartalandz sokn 1500, og eit par tiår seinare: in annexa Swartelandh. I 1647 heiter det derimot Soertlantz fieringh, utan v. På samisk var det Suorta om sjølve garden men Suørtak om sokna (Qvigstad 1938: 202 og 1893: 328), begge fleirtalsformer, og kunnig folk opplyser at det kan vere to klart skilde former.

I alle fall, soknenamnet og sikkert nok også gardsnamnet vart skrive med framlyd Sv- gjennom hundrevis av år. Så når bleiksfolket på Andøya til dels sa «Svartland» endå på siste halvdel av 1800-talet, stod dei på trygg historisk grunn, enten dei no sa det på flik eller i alvor. Når dei eldste formene så lenge hadde Sv-, spørst det om Sortuland hos Snorre må sjåast som ei gammalnorsk normering. Det er usannsynleg at eit opprinneleg Sort- seinare skulle endre seg til Svort-, men etter gammalnorske uttale- og skrivevanar ville derimot Svort- med v + o føre til nettopp Sort- (Iversen 1961: 60f), og nettopp den forma kom jo – men seinare.

Gjennomsnittsnordmannen kjenner i dag berre eitt Sortland, men fleire finst. Det næraste er Sortland i Lofoten, i Borge sokn. Kåre Elstad kunne opplyse at ein uttale Svort- var fullt levande endå på første halvdel av 1800-talet, mens Svartland meir vart sagt på skjemt. Judith Sørensen oppvaksen på garden nemner 1997 at ho gamle Regina, gift med han Hertvik, alltid brukte å seie Svortland. Namnet finst òg skrive Suarttland i 1567 og 1610, mot Suortland 1612. I skrift synest Sort- å vere nokså einerådande seinare (Norske Gaardnavne).

Sortland i Vesterålen har altså dei eldste skriveformene å bere føre seg, men skal vi finne ei truverdig forklaring, bør denne passe ikkje berre for den eine garden, men for begge, eller endå betre: for alle gardar med tilsvarande namn - så langt ei sams historisk opphavsform er sannsynleg.

Med litt kjennskap til gammalnorsk ser vi fort at skriveformene som gjeld Sortland i Vesterålen nærmast vinglar mellom han- og hokjønnsform. Denne uvissa er kommentert av Rygh i samband med tilsvarande sprik i skriveformene for Svortevika i det gamle Kinn hd.:

"Hvorledes Navne, som nu begynde med Svort-, Sort-, egentlig ere at forklare, er det undertiden vanskeligt at afgjøre, om man end har gamle Former, da man selv i den senere Middelalder øiensynlig ikke har havt Rede paa den rette Form; af Ø- og Herredsnavnet Sortland findes der saaledes flg. Former: Swortuland, Suortaland, Sortuland, Swartaland".

Kategorien -land.

Det kan lønne seg å sjå nærmare på kva Rygh meir allment seier om kategorien på -land: "1ste Led i Sammensætningerne med land er oftest Ord, der hentyde til Beliggenheden, Grundens Beskaffenhet osv. (meget almindeligt Ord af Adjektiv-form, f. Ex. Haaland, Holand, Breiland, Langeland); dernæst hyppigst Personers Navn og Tilnavne. Jevnlig forekomme ogsaa Elvenavne og Træ- eller Plantenavne" (NG, Forord og Indledning: 64).

Her bør det straks seiast at tankar om personnamn ofte er vanskeleg å vurdere og er mykje diskutert blant namnegranskarar: Blant gardsnamn på -land frå Nordland og Troms finn vi ingen sikre døme. Så finst her 1-2 Forsland, men av eigentlege elvenamn har vi berre Drevland og kanskje Dunderland å vise til, etter det oversyn som Norske Gaardnavne sjølv gir. Så i denne saka er det Rygh mot Rygh når han ymtar om eit elvenamn på Sortland! Med omsyn til trenamn nemner han elles at det berre er nokre få treslag som går att i namn på -land, og heller ikkje i denne kategorien er Nord-Noreg representert.

Namn på -land som fortel korleis garden ligg til er det derimot lett å finne døme på, med Brattland, Breiland og Holand, Meland og Øverland. Men overgangen til landskapstype er glidande: Liland, Moland, Myrland, Skånland, så vel som til jordkynd: Grøtland, Leirland, Stein(s)land.

Namnelagingar på -land kan som kjent gjelde store område (Hålogaland osv.), men i fleirtalet av tilfelle er det tale om gardsnamn, og berre innafor Sortland kommune er slike vel representert. Namn som ikkje gjeld matrikkelgardar må vi i den samanhengen berre la ligge, så som Nattland og Øverland i Sortland, øydegardane Liland og Litleland i Andøy m.fl.

Samiske moment?

Ser vi Vesterålen under eitt, skal vi derimot merke oss at det fanst ein samisk uttalevariant på -lāddē for både Jørland og Møkland så vel som for Liland i Sortland; i tillegg kom Healgalāddē som samisk namn på Helgenes i Hadsel. Vi kan undrast på korfor garden Sortland då heitte Suorta og Frøskeland berre Froskā, men vi har no i det minste Qvigstads eigne ord for at slike avkortingar ikkje er uvanlege (Qvigstad 1938: 266).

Det er elles på sin plass å understreke at våre nordlandske matrikkelgardnamn med hovudledd -land er mindre einsarta enn kva vi kan komme til å tru. Rygh er inne på tilsvarande i sin omtale av land-namn frå Island og vesterhavsøyane og føyer til "at der utvivlsomt ogsaa blandt de norske Navne af denne Klasse er endel forholdsvis nye".

Når samisk form av Jørland og Jørnfjorden var Jur-lāddē, Juren-fier'da (Qv 1938: 201), vil eg helst oppfatte det som *Jaur-lāddē og *Jauren-fier'da (med genitivs-n-). På Ringstad i Bø langt frå Jørland ligg Jørlandsmyran mellom sjø og vatn (fjord og innsjø). Eit terrengkarakteriserande *jaurlāddē tolka som "innsjø-land(skap)" høver framifrå, her som på Jørland.

Om Frøskeland som gardsnamn sa Rygh: "Jeg kjender intet andet Navn som kunde antages at indeholde samme Stamme som dette Navns 1ste Led. Hvis ikke dette allerede i den ældste kjendte Skriftform har undergaaet nogen væsentlig Forandring, synes der ikke at være noget andet Ord, hvoraf det kan afledes, end froskr m Frosk" (NG 16: 367). Og ja, *frøskeland om eit landskap der det er mykje frosk er vel fullt tenkeleg, men ingen lokal tradisjon peikar i den lei. Derimot er det vél kjent for alle vegfarande i våre dagar at dei registrerer eit temperaturfall når dei passerer området når frost- eller kaldskodda ligg over inste fjordbotnen. Det er visst meir sannsynleg at det opphavleg heitte *Frysjuland (sml. Frysja som gammalt namn på Akerselva i Oslo), og at ei nyare form *Frøsjeland er blitt «feilretta» til Frøskeland med hard k i falsk analogi med verba ryskja > røske og og þreskja > trøske, o.l.

Svarte fuglar?

At Sortland (før Svort-) i Lofoten og Vesterålen har fått namn av fuglen svartand er lite truleg. Ingen av gardane hadde eller var eggvær å nemne. Det er då heller ikkje vanleg at gardsnamn på -land har fuglenamn til utmerking: Rygh uttalar seg ganske tvilande i samband med Haukland, mens han for Gåsland i Bø derimot reknar med eit gno. mannsnamn Gási, noko den lokale bygdeboka kommenterer såleis: "Skal tru om ikkje den lærde prof. her har gått over bekken etter vatn. På Gåsland har det alltid vore mykje gjæsser, og det ligg nært å tru at namnet kjem av fuglenamnet gås" (Rolv Straume 1964: 220).

Meir interessant "i fugleperspektiv" er gnr. 109 i det gamle Finnås, no Bømlo, sagt Svortland med lang o. Skriveformer frå tidleg 1500-tal er Swrtland, seinare Suarteland(t) 1567 og 1610, derpå overgang til Sort-. Merkverdige især er skriveformene Swswrtland 1519, Susorttlandt 1563, Susuortlannd 1567, Siøesurt-lannd 1590, enn vidare Siusuortland 1597, Susortland mm. 1612: I flg. Rygh har vi her med "Folkesprogets" sysvorta å gjere, som er ein trosteart (jf. Aasen, sysvorta).

Farging av klede?

Tar vi så fugleteorien for god fisk i dette tilfellet? Bømlo bygdebok gir klar skepsis til kjenne: "Føreleden er heller subst. svorta, som er eit sterkt jarnhaldigt jord-slag som dei fann mellom leirlaget og fjellet, og som dei brukte til å farga ty svart med. Jens Svortland (1865-) fortalde at i gamle dagar grov Svortlandsfolket "svorta" i Leirdalen" (Steinsbø: 19).

Framgangsmåten under farging er ikkje omtalt nærmare der, men vi kan sjå på kva Gustav Indrebø fortel frå Førde i Sunnfjord i samband med namna Svorthamrane, og ein annan stad Svortingsmyrane, som var "myrar der dei henta svorte, eit slag farge-emne, som dei lita klæde med den tid daa bonden greidde seg sjølv. Til for ca. 40 aar sidan brukte dei svorte til lit i Haukedalen. Dei brukte jamne (eit slag gras) til litfeste. Naar dei skulde lita, koka dei klædi i jamnen ein time, og so i svorta ein time. Daa var klædi svarte. Men dei leid ilt; hiten vart hosta sterk av den lange kokingi" (Indrebø 1921: 170).

Aasen fører opp både svorta, surta "Sværtevand, Sværtejord" så vel som svortemyr ”Sump som indeholder Sværtejord". Likeins svortedepel eller svortedya"Sumpjord, som kan bruges til Sværtning". Frå same tydingssfære tar han også med surtefen lik svartfen "Sump med sort Jord uden Græs". Interessant er å samanlikne det brunlege Sortediket på Bleik med fær. sortudíki, som ikkje berre tyder "morads, hvoraf sorta (farvejord) tages", men og står for "morads, mudderpøl" meir allment (Jacobsen og Matras).

Det er ikkje naturleg å tru at Sortland alias Svortland beinveges har med farging av klede å gjere, når slike tradisjonar er ukjente. Rett nok kan vi vektlegge annleis og sjå namnet som uttrykk for ressursar på staden, men forklaringa blir lite tilfredsstillande så lenge vi ikkje har vitnemål om aktiviteten klesfarging på desse stadene.

Det er kanskje er det ikkje tilfeldig at nettopp Svortland i Bømlo med sine særprega utmerkingsformer er eit unnatak, ettersom Sjø- og Sju- minner om sjoda i meininga "å koke (noko)" mens Susvort-, Susurt- kunne komme av eit eldre *sursvorta.

Småkongar, vassfar eller skodde?

Om Sortland i Borge i noverande Vestvågøy seier Rygh: "Her er intet Vandløb, saa at der ikke er Adgang til at opfatte 1ste Led som Elvenavn. Det kunde mulig være *Svartaland, sms. med Adj. svartr, snarest gjennem dette Ords Brug som Persontilnavn, maaaske ogsaa *Sortaland, af sorti m., tyk tæt Taage. Gaarden ligger nær ud mod Havet i Vest" (NG 16: 323).

Tja, sant nok finst det stader som er meir utsette for skodde enn andre medan det er klårver rundt om, især i sommarhalvåret. Samanlikn det norrøne sorti med det tilsvarande i færøysk "hann setti ein sorta" - vi kunne seie: sette opp så svart ein bak uti havet. Ordet finst i islandsk med, nytta om kolmørker, svart skybak, humbakke osv. Det problematiske er berre at gardsnamn som fortel om skodde og den slags er mildt sagt sjeldne, så det skal tydeligvis mykje til før mørkeskodda blir så brysam at ho set spor etter seg i gardsnamn. Det normale er som kjent å gje dei ulike stader namn etter dei mest særmerkte drag i landskapet og dei kjem no eingong tydelegast fram i klårver. Det ville dessutan vere merkeleg om mørkeskodda var meir plagsam på Sortland enn på andre gardar nær ved, det vere seg i Lofoten eller Vesterålen.

Når personnamn kjem på tale, er det ikkje i Lofoten, men i Vesterålen der er spunne ein tått om at garden har namn etter ein viss kong Svarte. Uventa nok, her lar Rygh både eit persontilnamn så vel som mørkeskodda ligge og seier kort at gardsnamnet "maaske indeholder et Elvenavn Svorta af Stammen svart-" (NG 16: 393).

Namnet Rygh har stor og fortent autoritet i norsk namnegransking, men lat det like vel vere sagt: Det ville ha vore enklast om Ryghs typiske "elvenamnsøk" i samband med uklare gardsnamn hadde vore avgrensa til fastlands-Noreg! Tilnærmingsmåten fungerer vanlegvis veldig dårleg ute i øyane, og nettopp av di namnet Rygh har slik autoritet, går det så altfor ofte slik at det som frå hans side var ein varsam hypotese, i ettertid «veks» til fastslått kjensgjerning. – Vassføringa i Sortlandsbekken var lite imponerande (han er no lagd i røyr), og meir myrsverta enn andre bekkar førte han slett ikkje.

Jordarten?

Vi bør likevel ikkje tru at det før nemnte svorta (med lang o) er definitivt unnagjort: "1) sort Farve til Klæder; Sværtevand hvori Tøiet nedlægges ... 2) Sværtejord, jernholdig Sumpjord som bruges til Farvestof. Bergens Stift. Afvigende Surta (Surte), Sætesdal. Telemark. Hallingdal ... 3) et Slags Ender; Sort-and. Østerdalen. Jf. ogsaa Sysvorta". Så langt Ivar Aasen.

Aasens ettermann Ross har utvida oppslagsordet svorta, surta med ei fjerde tyding, den i brynesurta og heinsvort' (det siste trøndsk). To borgfjerdingar nemner likeins både myrsvorta og brynsvorta. I ein større samanheng er dette interessant, endå det siste "råstoffet" iallfall ikkje forklarer gardsnamnet. Men at vi heile vegen har med tydingskategorien 'noko svart' å gjere er klart.

Klikk for stort bildeSortland i Lofoten med Mærvoll til h. Store delar av innmarka har ein brunleg fargetone. Kartverket. 

Etter kva eg har spurt meg fram til, er det på Sortland i Lofoten små myrdrag innimellom haugar og humpar, og berggrunn under. Jordarten er av ein mørk type som også strekker seg innover mot Mærvoll. Der skal ikkje vere sand – trass i at det er sand på nabogarden Bjørnsand, så vel som kring Bjønnarøya tett sør for Sortland.

På Sortland i Vesterålen fanst det god og til dels djup åkerjord i eit belte langsmed sundet om lag frå kyrkja og sørover til Nattland, ikkje minst der rådhuset og bussterminalen no ligg. Toppskiktet var mørkt og formolda, ofte med fine sandlag nedover, fortalde Walter Starheim som utførte mykje gravearbeid på Sortland i si tid.

Klikk for stort bildeKornstaurar på Sortland i Vesterålen 1923. Foto utlånt av Georg Ellingsen. 

Svortland i Bømlo har i all hovudsak myrjord på berggrunn (ikkje morene), vel å merke sterkt omdanna myrjord, vél tenleg til landbruksformål, eller som det står i 1723-matrikkelen: "temelig god Jord og let Wunden". Og nær husa på Surteland i Marnardal låg den såkalla Storåkeren på ca. 2 mål. Det var den viktigaste og eldste delen av heimejorda med svart og fin fastmark, rett nok litt steinut, men ikkje myr: Teigen låg og ligg høgare enn myrlendet omkring.

Svartjord og svartland, svorteland?

Det er unekteleg interessant å samanlikne dei omtalte gardsnamna med det norrøne hankjønnsordet sorti "noko svart", kjent frå islandsk og færøysk med, av di sorti i færøysk m.a. står for "(sort) stykke indmark om foråret, når det er blevet bearbejdet med spade" (Jacobsen og Matras).

Vi kan ikkje gå inn på alle stadnamn på Svort-, Sort-, men det å sette gardsnamnet Svortland i bås med tilsynelatande minusord som svortedepel, -dya og -myr så vel som surtefen, svartfen fortonar seg tvilsamt. Vel kunne magre husmannsplassar få nedsettande namn, men ikkje noko tyder på at vanlege gardsnamn er nedsettande å forstå, ut over reine fakta: Stein-, Sand-, Myr-. På garden Sortland i Vesterålen var det ikkje myrlendt, det er på nabogardane myr kjem til.

Psykologisk har vi jo for vane å legge noko negativt i ordlagingar på svart-: svarte- daude, svartsjuke og svart arbeid så vel som svartskog og svartår. At svartkveita for ikkje så lenge sidan mest over natta vart til blåkveita hadde sikkert med marknadspsykologi å gjere! Men slike samansettingar kan òg fortone seg nøytrale, enten det no er utmark-namn som Svarttjønna eller talemålsord som svartbak og svartstilla. I samband med det færøyske ordet bør vi heller ikkje oversjå det faktum at (russisk) «svartjord» er høgt verdsett!

Det gno. sorti, eigentleg "noko som er svart", er òg overlevert i ei litterær sideform svorti (sjå Fritzner). Og tilsvarande: Trass i litterær norrøn form sorta "sverte, svart farge" heitte det altså svorta (og surta) i dialektane.

Formrikdommen har halde seg nokså stor fram til våre dagar: På Haugnes i Andøy finst Sortebekken, men mine eldste og beste informantar sa Svorte-. Det heiter myrsvorta i Borge, på Sortland og Anda myrsverta, men i dei to siste bygdene derimot "ei god svorta" om ein fadese, ei gjerning du gjerne skulle sett ugjort. Begge stader med sideform svørta i tilsvarande meining, jamfør kraftadjektivet "din førsvørta - !"

Kva bonitet (jordgjøde) gjeld, har som sagt fleirtalet av samansettingar med svorta (surta) negativt forteikn. Men som omtalen framfor også skulle vise, treng ikkje det same vere tilfelle for eit boniterande *svortuland (alias *surtu-land) i veksling med *svorta- alias *sortaland, ikkje å gløyme *svartaland laga beinveges til adjektivet. Formrikdommen forvirrar, det er ikkje å undrast at "man selv i den senere Middelalder øiensynlig ikke har havt Rede paa den rette Form".

Øya Sortland?

Snorre reknar Sortuland blant øyar. "Det er vanskeligt at forstaa, at det har kunnet være Ønavn", meiner Rygh, og namnegranskarar flest vil nok vere samde i det, av årsaker som langt på veg er omtala. Men ikkje minst her i øyriket har vi gode døme på hårfine overgangar: Heimlandet alias Røstlandet er så avgjort ei øy, men vi oppfattar Nordland i Værøy som eit udiskutabelt gardsnamn. På andre sida av Værøya ligg Sørland, òg kalla Sø(r)landet til langt ut på 1900-talet og ofte nok skrive Sundland for *Sunnland i dei eldste kjeldene (vel uttalt y for u, jfr. Sunnlandsfjorden i Vågan, tilsvarande). Sørlandet som namn på ei gard – og berre det – er vanskeleg å forklare tilfredsstillande, med mindre Sørlandet og *Nordlandet frå først var kyststrekninga på begge sider av øya og ikkje gardsvaldet slik som i dag.

Austlandet og Vestlandet i Raftsundet er sjølvforklarande, ettersom sundet er langt og beint. – Andlandet kan, for andværingane sjølve og mange andre, vere heile øya eller kystlina på begge sider av øya, alt etter samanhengen. Når folket på Sør-Anda snakkar om Vestlandet og vestlendingane, tenker dei på desse som bur på vestsida av Gavlfjorden, men med noko uskarp avgrensing overfor resten av Langenes sokn. Innlandet og Strandlandet i Hadsel er heller ikkje på alle måtar veldefinert.

Så – dersom Svortuland også har vore brukt eller oppfatta som øynamn, vi vågar ikkje utelukke det – skal vi ikkje gløyme at i forhistorisk tid var Vikeidet ein fjord og landområdet derifrå sør til Langøysundet ei veldefinert øy, mot nordvest skarpt avgrensa av Eidsfjorden og mot søraust av Sortlandssundet i si vidaste utstrekning.

At samiske namn laga til norske namn på -øya får fleirtalsform er velkjent, og som nemnt heitte Sortland sokn Suørtak på samisk. I dag oppfattar vi rett nok Sortland som landskapet på begge sider av Sortlandssundet, når det er snakk om bygdelaget, sjølv om vi veit at det beste jordbrukslandskapet låg og ligg på Langøya. Når no alt dette i dag har fått status som by, ligg det i historisk perspektiv iallfall ei utfordring i å prøve å forstå den (for)historiske status også som «øy», endå hamskiftet i begge tilfelle krev at konvensjonell tenkemåte må vike.

Litteratur

  • Blöndal Magnússon, Á. 1989: Íslensk Orðsifjabók. Reykjavík.
  • de Vries, J. 1977: Altnordisches etymologisches Wörterbuch. Leiden.
  • Friis, J. A. 1887: Ordbog over Det lappiske Sprog. Christiania.
  • Indrebø, G. 1921: Stadnamni i ei fjellbygd (Haukedalen, Fyrde i Sunnfjord). Maal og Minne 1921.
  • Iversen, R. 1961: Norrøn grammatikk. Oslo.
  • Jacobsen, M. A. og Matras, C. 1961: Føroysk-donsk orðabók. Tórshavn.
  • Qvigstad, J. 1893: Nordische Lehnwörter im Lappischen. Christiania.
  • Qvigstad, J. 1938: De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker. Oslo.
  • Ross, H. 1971: Norsk Ordbog. Tillæg til "Norsk Ordbog" af Ivar Aasen.
  • Rygh, O. 1966: Norske Gaardnavne. Forord og Indledning. Oslo.
  • Rygh, O. 1970: Norske Gardnavne b. 16. Nordlands Amt. Oslo.
  • Steinsbø, S.: Bømlo bygdebok b. 1.
  • Straume, R. 1964: Bø Bygdebok b. 3. Tromsø.
  • Aasen, I. 1983: Norsk Ordbog med dansk Forklaring. Oslo.