Spjutvika

"Håløygminne" 2-2014

Av Finn Myrvang

I aller inste delen er Sigerfjorden trong og delt av det krokute Vangpollneset, frå først av sannsynlegvis med samisk namn Vagŋe "krok, bøyg" – det passar for så vidt også for eine fjordarmen, Austpollen. I botnen av sjølve Sigerfjorden, når vi held Austpollen og Vangpollen ifrå, ligg på sørsida matrikkelgarden Spjutvika. Gamle former av gardsnamnet er Spiutvig og Spiudtuig 1567, Spiuduigen 1610, Spiuduig 1613, Spydvigen 1614, lite overraskande former jamført med dagens offisielle skriveform.

Meir avvikande er dei namneformene vi finn i husmanns-, leiglendings- og leidangslister: Spituig 1618, Spøtuig 1619, Spøtuog! Spittuogh, Spøtteuigh 1620, Spyduogen 1623, Spiuduigen + Spudsuig 1624, Spytuigh 1647, endeleg også Spiudwich 1661 og Spiutviigen 1723. Mange av desse formene vart helst kopierte på det viset at den som skreiv nye skattelister, henta gards- og person-namn frå dei tidlegare, så det tok lang tid før gamle feilskrivingar var retta opp.

Avsporinga Spøt- o.l. må ha ei anna konkret årsak, medan skrivemåten Spjut- har fått enkelte til å sjå etter eit spjut-liknande innslag i landskapet lik Spjutneset i Hamarøy, men utan overtydande funn. No kunne Spjut- vere omtolking av noko så nærliggande som «sput» om blekksprut, akkar, men den karen er lite stasjonær og går ikkje oftare i stim i Spjutvika enn andre stader.

Her er det jo på tide å røpe at norddelen av Spjutvika både heiter Nordvika og Spøttvika. Tett ved er ei «gagneleg» kjelde like over flomålet, i Hundholmsundet mellom Spøttvika og Husvika. Ho var vel viktigast for dei som budde nær og hadde dårlegare tilgang på vatn enn naboane, men i tørrsomrar var heile grenda der for å ta klevask og hente matvatn. Grunnen i området er fjell og morene, det er tungt å grave brynnar der.

Spøttvika går utan nemnande tvil tilbake på eit gammalt spøtta, forventa målførerett uttale av ei spyta i tydinga "kjelde, vassåre». Samisk uttale kunne nok bli Spiht- el.l. (sml. formene på Spit- og Spitte-) el. også Spuht-. Jf. samiske uttalevariantar av bytta = bøtte (Lehnw. s. 109), så vel som It’ter-staddē for Ytterstad i Lødingen, osv.

Aasen fører opp ordet med lang y, frå Mo i Telemark, også i forma uppspyta «kildespring»; Spytten i Tinn er ei typisk myrkjelde. Ordet er også kjent frå elvenamn, som Spøtta i Steinkjer (Norske Elvenamn: 244), og mange andre stader har det sikkert nok gjennomgått same omforming som i Sortland, jf. Spjutnesodden i Brønnøy og Spjutøya i Rødøy: Begge stader er innslag av vasspyttar langt meir karakteristisk enn spjutform.