Stakk, skinnstakk og stokk

Klikk for stort bilde"Håløygminne" 1-2001

Av Finn Myrvang

Utmerkinga Skinnstakk- (sjeldnare berre Skinnstakken) finst i namn på bøar, skjer, holmar mm nokså mange stader, men anno 2000 er det ganske uklart kva som ligg i slike namn. Merk elles kva som står i Knud Leems målsamling: "Ein Skind-stak - Een Skind-kiole giort næsten, som een Skiorte, som Fiskerne bruuger udenom sine andre Klæder, naar de fisker, for at holde Vandet ude". Ivar Aasen ordlegg seg meir presist, slik han brukar: "Skinnstakk m. Fisker-Kufte, en sid Trøie af barket Skind, formet som en Skjorte eller Bluse med knap Aabning oventil. Nordenfjelds".

Skinnstakkvika på Hjellsandøya i Øksnes er delt av eit lite bergnes og liknar derfor ei bukse, i flg. folketradisjonen. Kartet viser at dette kan stemme, men viser også at der er liten avstand mellom dette neset og Ørntuva litt lenger sør på øya.

Sjeldnare har vel slike namn ein omskrivande funksjon, slik tilfellet synest å vere for Skinnstakkdalen med Skinnstakkelva i Evenes (heiter vel å merke også Sprutelva). Vi kan her drage parallellen til ei barnsleg gåta som kanskje ein og annan enno dreg kjensel på: "Børsa var av skinn, kula var av vind, sikta på hælen og trefte nasen". I desse tilfella er «skinnstakk» resp. "skinn" omskriving for ein kroppsdel som i sender ei ladning i veg – for å seie det slik.

Når det gjeld Skinnstakkbøen ved gnr. 19 Helle i Vågan og Skinnstakkholmen gnr. 8 i Lødingen kan det likevel vere av større interesse at "skinnbuksa" var ei kjend omskriving for (hav)ørn, ikkje minst nordpå (Svale Solheim 1940: 86, 88 og 147). Skinnbuksskjæret finst då og, under gnr. 119, Nordfold sokn i Steigen. Leirfjord har for sin del Skinnbrokskjæret, medan nærmare opplysningar om Skinnbrokskardet gnr. 53 i Dønna manglar. – Sjølve ordlagingsmåten kan vi samanlikne med «svartstakkur» som eit færøysk namn på ramnen.

Å isolere "stakk" (eller eventuelt: brok, bukse) som hovudledd i namnelagingar som desse kan lite nytte: Det er sjølve samansettinga som er meiningsberande. Jf. gno. skinnstakkr nytta om kjortel eller kufte av skinn, eventuelt nærmare spesifisert: selog vargskinns-stakkr. Samanlikningane kunne vere bokstavlege: "På Rødøy var tidligere en aker som het Skinnstakken på grund av likheten med den gamle skindstakk som brugtes av fiskerne", fortel Edvard Havnø (Håløygminne 1937: 36). Resten av teigen var mara ut, så her kan også ei førestilling om slitasje og redusert verdi ha lege under.

Tilbake til det usamansette stakk, gno. stakkr nytta om kleplagg: I samansettinga skinnstakk(r) ligg kan hende eit grann meir enn det vi oppdagar i første omgang. Det fanst nemleg eit gammalnorsk hokjønnsord staka i tydinga "skinn", noko som også kan minne om at stahkké var eitt av mange namn på ulven i lulesamisk (Grundström) – varg måtte ikkje seiast beint fram, må vite, jf. svensk "gråfot" lik norsk "gråbein" så vel som sunnmørsk "svarten" eller "svartekaren" om bjørnen. I Nordland gjekk den noko upopulære geita ofte under dekknamnet "skinn" (eller òg «sag»), blant fiskarar som var redde for utur!

Med så mykje nemnt, om enn ikkje utgreidd på alle vis, tar vi med eit par stadnamn der det er uklart om vi skal tenke på ei bokstavleg samanlikning med den forma klesplagget har, eller på ei friare namnelaging: Randotstakken i Rødøy (gnr. 55) er ein stor stein med lyse render i, mens Rødstakkan i Andøy (gnr. 2) er eit lite område i fjellet som held seg naturleg raudleta av mose og lyng, på haustparten især. Med allment kjente gjeremål som det å stakke høy, stakke torv (sml. rauke torv) til utgangspunkt kan jo stakk ha vore nytta om formasjonar i landskapet, på same vis som som rauk(a) og røyk. På den andre sida skal vi ha i tankane at stakk (i flg. Friis også innlånt i samiske dialektar) har ei meir allmenn tyding "skjørt", og skinnstak-ken er berre ein variant av same plagget. Ellles er jo «skjørt» brukt i overført meining – om noko som heng sidt ned – stadig eit produktivt ord i moderne arbeidsliv, og slik var kanskje også «stakk» meint, i enkelte stadnamn?

At "skinnstakk" må ha vore ei omskriving for havørna er det alt gjort greie for. Men frå eldre årgangar av Håløygminne skal vi også ta med oss litt meir om skinnstakk som tradisjonelt nordnorsk arbeidsplagg.

Ein stad heiter det, som ordtak: «Det blir ikkje ny skinnstakk kvar dag» (1929: 76). Likeins i eit barnerim:

«Dænge - dænge dala mann,
ha' du sett nokk te kjæringa mi?
Jau, sa han, langt op i skoga:
skjinnan hatt å skjinnan stakk,
tobakkshus i lommen, støtt stakk,
knepplengshatt,
urlit va' ho låghaljt» (1928: 429).

Her har kjerringa både skinnstakk og skinnhatt – og kniplingshatt attpå til. Kom ikkje der! Ein liknande kulturkollisjon er det når skinnstakken blir brukt i gåta om noko så moderne som paraplyen:

"Som ein skjerding på lag,
som eit reklings-rø,
som eit toskillings-brød,
som ein låve vid,
som ein skinnstakk sid" (1924: 23).

Mindre uventa er det at skinnstakken overlever i ymse ordtak, så som dette frå Grytlandet om mannfolka som står i slogdungen på været og ikkje berre trivest: "Di fekk skinnstakksotta", forklart som kjerring-hugen, det at fiskarkallane må heim til kjerringane sine (1932: 431). Dette blir eit nytt døme på omskriving (eufemisme). Velkjent nok, her frå Senja, er ordtaket «han er fattig som lusa i skinnstakken» (1928: 419). Eller som det heitte på Andøya: «han eig ikkje lusa i skjorta».

Til avrunding skal vi nemne ei underfundig vending Petter Dass brukar i Nordlands Trompet – når han slett ikkje er innstilt å på "fire" (gje etter for) uvillige skysskarar:

"Du sætter kun Luus i Skindstacken dermed". Det vil då seie at visse griller kan dei få av seg sjø1ve, du treng ikkje stikke det i dei.

Lus er forresten ikkje heilt ukjent i datasamanheng heller, mens skinnstakken nok går ei meir uviss framtid i møte, kanskje med unnatak for bunadbruk visse stader i landet.

Klikk for stort bildeStokken ved Tranesvågen sør på Andøya liknar i utgangspunkt ikkje så mykje på ein stokk, med mindre det kunne vere tale om enden av ein stokk, tilhogd på ein særskilt måte, jfr. foto av Stokken midt på øya. Stokken på Sør-Anda minner snarare om ein meir eller mindre skeiv pyramide eller om ei vid kjegle, alt etter synsvinkel, så stakk(e) ville passe betre. Så er det då heller ikkje lett å sjå forskjell på høgder og forhøgingar som heiter Stakken og Stokken, landet rundt, for begge delar er nytta om haugar, åsar, fjell så vel som nes, holmar, skjer og grunnar. Heller ikkje er det nokon tydeleg forskjell på bruken av stadnamna Stocken og Stacken i Sverige. – Stacks brukt om knattar i sjøen i Nord-Skottland skal òg ha nordisk opphav. 

Klikk for stort bildeStokken heiter fremste enden av Skavdalsheia på Andøya. Ras-kjegla i v. halvdel av fronten kan saktens likne ein høystakk, men heile framsida av fjellet kan vel også minne om enden av ein (kliven) stokk? Den avrunda forma – som på ein stakk – er også synberr. Landet rundt finst det mange haugar og åsar så vel som gardsbruk nær slike høgder som heiter nettopp Stokken.