Stjore, Stjøre

Klikk for stort bilde Av Finn Myrvang

Eit særmerkt namnelement som litt oftare enn venta ser ut til å dukke opp i stadnamn er stjor |ᶊōr| om «stubb (stilk, kvist eller lita stamme) som står att etter ei avskjering», «tjukk bladlaus ende» (Norsk Ordbok), vanlegare linn form stjore m |''ᶊōre|. Tilsvarande verb er å stjora: «stå stivt og framstikkande». Det høver framifrå for Stjordalen alias Stjørdalen i Vefsn, som ligg tett opp mot ein lang og bein, svært smal åsrygg. Kart viser ein liknande formasjon ved Stjørdalen i Melhus, ei knivskarp aksel nærmast, men her vil dei fleste straks tenke på eit anna Stjørdal, med Værnes flyplass som går tvert over den såkalla Langøra: Ho ligg heilt på tverra framfor dalmynnet og ter seg klart som ein s(t)jore i landskapet. Tolkinga er i grammatisk samsvar med at gno. skriveform av bygdenamnet var Stjóradalr (No. Stleks.) Ein stjore av same form har Askøy kommune i den strake Berlandsøya, som ligg framfor Stjorstølen (øya kan nok ha hatt anna namn opphavleg). Ved Skjørvoll på Ringerike har dei 4-5 smale rabbar som «stjorar» ut i Steinsfjorden, Skjørvika i Lenvik har derimot berre ein.

I eit par tilfelle er det som om eit avlagt sjønamn gir seg til kjenne i sekundære namn: Garden Sjøren i Sarpsborg og myra Sjørenlandet ligg for nordenden av det jambreie og beine Tunevannet, med klar stjore-form. Det gjeld òg for Hukusjøen i Grue-Åsnes, med Sjørbotn i nordenden.

Namn og lende fleire andre stader i landet tyder på at stjore, stjøre hadde ei sideform stjære, iallfall har vi frå Vest-Agder s(t)jare m «lang stiv pind», også om dertil «lang stiv ustøtt gaaende person», frå Hardanger og Telemark stare (Torp 718): Topografisk gir det god meining for Stærnes i Rollag, St(j)ernestangen og St(j)erneset i Selbu, og for Skjervika ved Gjervalen i Rødøy, ei open «skjerlaus» vik mellom to stjoreforma lange oddar som no begge har sekundære namn. Stjoreform har og Skjærneset i Pasvikelva i Sør-Varanger. – Oftare er Skjerneset eit heilt ordinært namn, iblant pga. eit skjer like ved, eller pga. variantar av landfast berg: Skjernes ved Skårnes i Tysfjord har slik form at både det og stjore kan komme på tale.

Klikk for stort bildeSkjervika utom Gjervalen i Rødøy ligg mellom Kvalvikodden og «Stjernesvåghaug», opphavleg vel *Stjerneset.