Tjøtta og Kjøtta

Klikk for stort bildeNyredigert i høve til Håløygminne 1-1989

Av Finn Myrvang

Tjøtta, gn. Þjótta, er eit sentralt namn i nordnorsk historie, og mange er dei som har leita etter ei overtydande tolking av namnet. Sophus Bugge tenkte seg ein samanheng med gno. þjó «tjukklår», som i så fall kunne ha med ein høgdeprofil å gjere. På Tjøtta på Jæren meinte Th. Tjøtta å sjå ein haug forma som eit «menneskelår fra hoften til kneet» (jfr Norsk Stadnamnleksikon). Litt spesiell kan vel ei slik forklaring kallast.

Andre har prøvd å tolke namnet på grunnlag av steinbunden jord, jfr. islandsk þjótta «hardbakke». Det skal visstnok stemme for garden i Klepp. No kan vi i utgangspunkt ikkje ta det for gitt at gardsnamnet på Jæren har same bakgrunn som dei nordnorske øynamna. Iallfall må vi på grunn av landbruket gå ut frå at endringane i landskapet er større kring garden i Klepp enn på dei nordnorske øyane.

Klikk for stort bildeTjøtta i Alstahaug i lag med Offersøya nordafor skaper ein sterkt forgreina våg med to opningar, den største i nordaust.  

Þjótta om hard og steinut mark blir totalt meiningslaust i samband med dei grøderike havavleiringane på premiegarden på Helgeland. Ei herming knytt til dette Gosen går om lag så: «Da kann kje alle bu på Tjøtt'n, da må nokker va mæ Kulstadsyæ og». Når det gjeld Kjøtta ved Harstad kunne vi derimot i første omgang ane som ein motsetnad i at øya heiter så, for Åkerøya ligg like nordafor. Men Kjøtta sjølv synest slett ikkje å ha vore dårleg stelt med omsyn til jordveg, etter omtalen i bygdebøker o.l. å dømme, og flyfoto viser eit veldyrka strandbelte i nord. Ut over det har begge dei to siste øy­ane steinut terreng nok, og ikkje nemnande lågland av det slag Tjøtta-garden i Alsta­haug er så rik på.

Þjótta om hard og steinut mark blir totalt meiningslaust i samband med dei grøderike havavleiringane på premiegarden på Helgeland. Ei herming knytt til dette Gosen går om lag så: «Da kann kje alle bu på Tjøtt'n, da må nokker va mæ Kulstadsyæ og». Når det gjeld Kjøtta ved Harstad kunne vi derimot i første omgang ane som ein motsetnad i at øya heiter så, for Åkerøya ligg like nordafor. Men Kjøtta sjølv synest slett ikkje å ha vore dårleg stelt med omsyn til jordveg, etter omtalen i bygdebøker o.l. å dømme, og flyfoto viser eit veldyrka strandbelte i nord. Ut over det har begge dei to siste øy­ane steinut terreng nok, og ikkje nemnande lågland av det slag Tjøtta-garden i Alsta­haug er så rik på.

Klikk for stort bildeMellom Kjøtta i Sør og Kjøttakalven i nord er det ein «snøgg» liten våg med opning til begge sider. I så måte er likskapen med Tjøtta påfallande. I øvre venstre hjørne ser vi litt av Åkerøya. Her er òg likskap med farvatnet mellom Lilla og Stora Köttö i Båhuslen. 

Ei namnetyding bygd på gno. þjó «tjukklår» el. nyisl. þjótta «hardbakke» («harðvelli, þurt mosa- og sinuland»), gir altså inga aha-oppleving, på nokon av stadene. Vel har både Tjøtta og Kjøtta spreidde humpar og haugar, men Tjøtta har òg nøgda av myrar. Det kan dessutan vere vågalt å drage inn det nyislandske ordet þjótta, ordfugen begge stader talar imot: Ikkje Kjøtte-, men Kjøttakalven, -skaget, -tuva. Tilsvarande heiter det i flg. kartet Tjøttaramnåsen der sør, og naturlegvis Tjøtta-gården, men der er elles hovudregelen forkorting: Tjøttmyran, Tjøttvågen, Tjøttfjorden og tjøttfjerding. Dei i Troms bur på |''ᶄøtta| – dei i sør på |''ᶄøtt˜n|, i nominativ |''ᶄøtto|. Framlyd skriven med Kj- i nord og Tj- i sør kjem derimot ikkje av uttaleskilnad, men går på større historisk skriftleg pietet i det siste tilfellet.

Kva er sams for dei to øyane elles? Slåande lik i hovudsak er vågen mellom Tjøtta og Offersøya, samanlikna med den innelukte Vågen mellom Kjøtta og Kjøttakalven, jf. også namnet Hamnåsan i siste tilfellet. På begge stadene går det inn tronge opningar – eller for å snu på uttrykksmåten, der er minst to utvegar frå hamna.

Her er det på sin plass å sitere Karl-Dag Vorrens arbeid «Høfdingjahusar» 1988, der han seier om dei kjente håløygske høvdingesentra Bjarkøy, Steigen, Tjøtta og Torget: «Dessuten ligger de ofte utpreget militærtaktisk til. Dette siste momentet understrekes gjerne av konsentrasjoner av kystartillerianlegg fra "Festung Norwegen" under 2. ver-denskrig. Fra høvdingegårdene ..... og de tilhørende tunanleggene har man gjerne di-rekte oppsyn med viktige seilingsleier og steder der slike leier snevres inn eller krys-ser hverandre» (s. 12). 

Uttalen av begge øynamna har tonelag 2, så vi forventar ei norsk namnetolking, men dette blir problematisk med utgangspunkt i kjent norrønt ordtilfang på þj-, noko vi alt har sett[1]. Det er derfor vanskeleg å ignorere eit samisk ord som i Friis' gamle ordbok lyder čodda (Konrad Nielsen: čoddâ), i normert nordsam. čotta «hals, strupe». Lule­sam. čåddå (Korhonen), normert tjåttå tyder både «matstrupe», «svalg, hals», då også innvendig opning eller smotthol på sekk, skjorte m.m. (Grundström), medan sørsam. tjodte vil seie «kjeft på rovdyr». At dette passar upåklageleg for dei to hamnene kan vi raskt å slå fast. Tolka slik minner øynamna også om Svelgen som namn på ei noko innelukt, rund bukt i Bremanger.

har det tilsvarande tjo n. “(bøygd) ende av ljå” o.l. i formene tjøtt og tjytt frå Sunnfjord og Nordland. Men slike former på -tt (så vel som -d) skal eigentleg ha oppstått av bunden form tjoet og kan vanskeleg inngå i desse gamle øynamna, sjølv om Tjøtta har ein i og for seg interessant formasjon i så måte, den bøygde tangen som dannar overgang til Offersøya .

Vi har inga samisk etymologisk ordbok som hjelper oss med ordet, som merkeleg nok ikkje synest å vere representert i samiske stadnamn elles. På norsk side har vi derimot fullt av dunkle stadnamn på Kjøtt-, som neppe har einsarta opphav. Eitt av dei norske namna er så likt at det bør nemnast: Det er Tjotta som namn på ei li i Kvinnherad. Ho ligg tett inntil eit djupt og trongt skard, ein retteleg strupe. 

Klikk for stort bildeGrunnen Tjøtta vestom Horsvær i Sømna. Statkart. 

Klikk for stort bildeGravstein med Tjøtta  

 

Fotnoter:

  1. Når øynamnet Tjøtta blir sett I samband med gno. þjó «tjukklår», kjem det truleg av at Ross har det tilsvarande tjo n. “(bøygd) ende av ljå” o.l. i formene tjøtt og tjytt frå Sunnfjord og Nordland. Men slike former på -tt (så vel som -d) skal eigentleg ha oppstått av bunden form tjoet og kan vanskeleg inngå i desse gamle øynamna, sjølv om Tjøtta har ein i og for seg interessant formasjon i så måte, den bøygde tangen som dannar overgang til Offersøya .