Utmarkslåttene i stadnamntradisjonen på Andøya

Dette er ein omarbeidd, utvida versjon av ein artikkel i landbrukstidsskriftet “Norden” i 1981.
 Av Finn Myrvang.

Klikk for stort bildeBjerkelia, Bukselia, Frammerlia, Gjota, Hankelia, Heimstelia, Humpelia, Johan Andreas-lia, Litjelvlia, Ol'Olsa-lia, Rasmussen-lia, Rottmuen, Rubben, Rubbeguten, Rørlia, Seljelia, Sidflogan, Skoglia, Stor-lia, 1., 2. og 3. Åsletta – alt i hop er slåtter på Å omtalt i 1936 som det held hardt å få plassert på kartet 70-75 år seinare. Ein god del av desse slåttene var vel i Åaksla, som vi ser på dette fotoet. 

Denne artikkelen vedkjem i hovudsak namnebruk knytt til utslåttene på Andøya. Den tid levde endå mange andværingar som hadde vore deltakarar i denne typen slått-onn, men no 2017 er det ingen slik førstehandskunnskap å hente, og ikkje nok med det, det er så få husdyr på beite at fjella gror over med skog fortare enn nokon før kunne ane, og eldre folk som prøver å peike på sin barndoms lier og sletter blir i mange tilfelle nøydd til å resignere og seie «det var engang».

 

Utslåttene skulle skaffe vinterfôret

At slåttebruken i Andøy-fjella er eldgammal treng vi ikkje tvile på: Den skikken heldt seg forunderleg lenge at store delar av heimejorda låg for fefot, mens det var utslåttene som skulle skaffe folk det vinterfôret som trongst. At husdyra måtte vere under oppsyn pga. rovdyr (bjørn) var viktig, manglande hjelpemiddel, metodar og kunnskap kva jorddyrking gjaldt det same. Noka systematisk gransking er likevel ikkje utført på dette området, og det ligg også utanfor ramma for denne populærframstillinga. Men så mykje er sikkert, dei låge, graskledde Andøy-fjella byr på førsteklasses beite, og dei fleste Nordlands-bygder må vel fire seg litt attføre i så måte.

Namnebruken vitnar om høg utnyttingsgrad

I framstillinga som føl er hovudsaka sjølve namnebruken, mens andre sider av denne gamle utmarknæringa kjem i bakgrunnen. Så er det då også eit ope spørsmål kor mykje eller lite som som finst skrive eller notert om slåttebruken på Andøya. Men iallfall er "namneverket" i ein del tilfelle svært finmaska og vitnar om ein høg utnyttingsgrad. Frå Andenes på slutten av 1700-talet kan nemnast fin-inndeling i t.d. Heimerramnan og Mellomramnan og Storramnen (med Storramnkråa), så vel som Innermøskje, Mellommøskje, Nermøskje og Våtmøskje. - Men elles er det ofte med slåttenamna som med namn på tilrorar, dei kan vere så “kryptisk enkle” at du kjenner deg like slu, med mindre du har førstehandskunnskap frå før. Gode eksempel er Bekken på Skogvoll, Elvene og Elvekroken (dvs. Merkes- og Rambergselva) på Andenes, "kring Elva" og "Hammaren i lia" på Nøss, Hågen og Myra på Skogvoll, Kjerrteigen på Åse, Nakken på Ramsa og mange andre.

Klikk for stort bildeSlåttefjellet på Åse sett frå Lovika. Også her held skogen på å ta over, ser vi. 

Til same namnekategori med svært allment preg kan vi rekne Breiteigan på Bø, Stykkan på Åknes og Elvestykkan på Skarstein, så vel som Slåtta i Lovika og på Saura, Slåtten(e) på Åknes, Akselslåtta og Brattslåtta på Bø, Elveslåttene på Haugnes, Rundslåtta på Haugen, Skogslåtta i Middagsfjellet, Steinslåtta på Bø, og Vasslåtta som kom Risøya til. Nokså allmenne er også namn som Slåttefjellet, Slåttelia(n) og Slåtterøya, likså vel som Slåtteberget (med lier ovanfor) på Storsandnes, Slåttemyra på Nøss, Slåtthågen i Svandalen og Slåttvika i Gavlen - men desse siste er iallfall berre i bruk éin stad på øya, så vidt kjent. Du må likevel også her vere lokalkjent for at namna skal seie deg noko, det gjeld òg for namn som Bjørnslåtta (Storsandnes), Bjørnlislåtta (Forfjorden), Bonbakkteigan (Bleik), Breitindslåtta (Skarstein), Lauvhólslåtta (Skogvoll), Lemnakkslåtta (Åse), Litjevasslåtta (Lovika), Smislåtta (Myre) og Tverrfjellslåtta (Åse). Orienteringverdien i slåttenamnet blir ein heilt annan der ein kjent lokalitet med eineståande namn er brukt til "utmerking": Einletslåtta (Fiskenes), Einletteigen (Skarstein). Men særmerke ved slåtta kan gje meir individuelt utforma namn som Hegge-kjerren på Sellevoll, Høytuva i Svindalen - Kåvskogen på Åse - Laskogen i Forfjorden (pga. vedlad) - Seljestuven på Bø, Skruvsletta i Breivika (“skruv” om liten høystakk?) og Skittenvika på Andenes (nemnd 1782 og 1791).

Folk hadde kort sagt auga med seg der dei fór, på ein annan måte enn i dag. Det gjaldt ikkje minst i samband med gjeting og markeslått. I den lei peikar bl.a. dei mange namna på Grøn-, så som Grønbakkan, Grønflekkan, Grønjorda (mellom Lovika og Kinn), Grønlian og Grønneset (mellom Å og Sellevoll), merk også Grasvika på Nøss. Det finst også døme på at namnet - iallfall tilsynelatande - fortel kor mykje slåtte kasta av seg. Her kan vi nemne Smalhans og Jammerdalen (sjå framføre), eventuelt også Kommogen og Storraks(t)bakken - det siste frå Bø. Mest presist er likevel slåttenamnet Tobørringen på Skogvoll: Ei slik høybørda bar dei med børband og såkalla hella (hogold). Det er derfor ikkje heilt sikkert om slåttenamnet Hella her og der treng ha med steinheller å gjere.

Stadnamna som fortel om beite

skil seg ikkje alltid klart frå dei som går på slåttebruk, som er å vente, jfr. Grøn-namna. Eit namn som Bulia frå Svindalen fortel nok om beite opphavleg: 'buet' er nemleg eit eldre ord for sjølve buskapen, jamfør Bulistranda i Bø og liknande namn. Sørom Nordmela finst Buslåtta, med Buslætthågen nedunder. I fall lesaren stussar på skrivemåten, så er her inga slette. Derimot er eit slætte eit anna, no utdøydd ord for slåtte. Lat oss sitere gamle Ivar: «Engstykke, Græs-mark hvor man slaar Hø; især i Fjeldene. Fjellslætte. Skogslætte -». Enda ordet slætte er ukjent i talemålet no, men ei lita slette på Litjesandnes og ein strandteig i Svindalen heiter beintfram Slættet. Meir usikkert er om Dalslett-hågen på Bø høyrer til same kategori, for også dalslette “slette i botnen av ein dal” passar der.

Namnekategorien "jord"

Temmeleg mangetydig er namnekategorien "jord", og då ser eg bort frå dei offisielle og talemålsfjerne dokumentnamn av typen "Nedrejorden", "Øvrejorden", "Nordjorden", "Sørjorden", "Indrejorden" og "Ytrejorden" knytt til bruk og gardpartar. Halvpundjorda på Nygård og det historiske Sjøveg-jorda i Breivika er også gardpart-namn. Vi skal heller ikkje oversjå at at eit par slike jorder har fått status som eigne matrikkelgardar, nemleg Åbergsjorda og Prestjorda, mens "Rannebiergh jord" (Ramnbergsjorda) nemnd 1567 eller det langt yngre "Kiiljorda" ute på sjølve Andenes aldri kom så langt.

Klikk for stort bildeArthur Pettersen i Forfjorden som kjentmann på Finn Jonsa-jorda ca. 1970. 

Bødalsjorda eller berre Bødalen (under Svandalen) har i det minste vore buplass, som også Gammjorda i Middagsfjellet og Grønjorda under Lovika skal ha vore, vidare Finn Jonsa-jorda i Forfjorden, mens det er meir uvisst med Mæritjorda der og med Mikkjeljorda i Bjørnskinn. Men bruk av personnamn i slike sms. er sjølvsagt ingen garanti for at der noka tid har vore buplass, det er vel heller slik at fleirtalet av jord-namn går på lokalitetar som kunne brukast som slåtter frå tid til anna, men som elles berre var til beite for stor- eller småfe.

Eg kan i fleng nemne Jorden (nær Finngamman på Åse), Breitindsjorda (Svandalen), Elvebakkjorda, Elvenesjorda, Heimerjorda, Larshóljorda, Myrhóljorda, Pålrabbjorda, Slettjorda (<Åbergsletta?), Småjorden og Vesterjorda (alle Ånes), Mølnebekkjorda (Svandalen), Gammjorda, Innerjorda, Mellomjorda og Sel(je)jorda (Middagsfjellet), Hallarjorda, Rørjorda og Steinteigjorda (på Åbergsjorda), Nilsnabbjorda (under Skogvoll), Jærjorda (Gjerd-?), Lajorda og Storjorda (Bjørnskinn), Nyjorda og Storjorda (Bø).

At “jord”-namna er så talrike på fjellgårdane, med Ånes i særklasse, tyder nok på at det primært er tale om utmarkstykke rydda til slåttebruk, men utafor sentralområdet sprikar tydingsinnhaldet meir. Brakhammarjorda nær Brakhammarhola i dalen på Bø var iallfall neppe meir enn beite noka tid.

Klikk for stort bildeNamnet Tekndalen (i bakgrunnen) går nok tilbake på gno. tekja f “taking, henting”, det vere seg av bær, ved og never, bær, fisk eller evt. andre ressursar. 

Kven har retten til denne slåtta?

At det frå tid til anna oppstod kiv og ufred om kven som hadde retten til denne eller hi slåtta, det gjer vi ikkje tvile på. Typisk nok finn vi Trettlia like ved skilet mellom Bø og Nøss, og liknande bakgrunn hadde vel namnet Trettvollen på Bleik. På Skogvoll var namnet Tretta brukt om både ei slåtte ved vatnet og som kortform for Tretteklakken, der andre andre interesser kom inn, som eggrekking og rakleiting. Eit 'trettestykke' (omtvista jordstykke) er eit godt kjent ord frå både norsk og færøysk, ja truleg frå andre nordiske land med. I Bø kommune finst namnet Trettstykkjet to―tre plassar. Som nemnt kan slikt ha med fleire slags interesser å gjere: Det er temmeleg opplagt at Trettmyran mellom Bø og Sørmela heiter så på grunn av gammal strid om bærrett. Litt annleis med Trettemyra oppmed Gaphågen på Nordmela: Folk gav seg til å torve der eit tak i tida, men gjorde det så planlaust og skjemmande at det blei både misnøye og kiv av den grunn. - I somme bygder her nord finst namn som Trettendalen, Trettenelva, Trettenmyra, Trettensletta osv. Desse har ingenting med talet 13 å gjere - sjølvsagt - dei er eit minne om norrøn fleirtals-form genitiv þrætna av det same grunnordet som alt er omtalt, nemleg þræta 'trette'.

Klikk for stort bildeDet er ikkje sikkert at desse høystakkane nord ved elva på Skogvoll på siste halvdel av 1960-åra inneheld høy frå utmarkslåtter, men motivet har likevel mykje meir med framgangsmåten under utmarkslåtta å gjere enn noko motiv vi kan knipse under moderne fôrhausting.  

Rog- og Samnung-

Rogsmyra ligg nedom Fugltjønna mellom Nordmela og Skogvoll, på Melasida. Der har vore slåtter - også Skogvoll-karane hadde teigar der i gamle dagar. I nyare tid er grensene fastlagde ved utskifte, og saka såleis avgjord. Men namnet kjem utan tvil av norrønt róg (også rógr) 'trette, kiv, ufred, baktale' osv. Det har òg vore ein del ugreie med både skogteigar, torvmark, bærrett og slåttebruk i den såkalla Rogsdalen på Andøya: det vil seie det dalføret - med små sidedalar - som for ein stor del er oppfylt av Ånesvatnet. - Det er truleg at garden Rogsøya (offisielt Roksøy) nordst i Sortland har fått namn av liknande årsaker: Her kan det ha vore usemje mellom Sortland og Dverberg, eller kanskje rettare mellom Vesterålens og Andenes len, om kor garden retteleg høyrde til. Han vender då også ganske naturleg mot Anda.

Samanlikningsvis kan vi vise til namneparet Rogøya (-øyno) og Samnungsøya frå Bremnes i Hordaland: Rog- er alt forklart, og det diametralt motsette Samnung- er neppe anna enn ei sideform til norrønt samningr 'semje'. Merk også færøysk semingsstykki 'stykke udmark, som de interesserede parter i en grænsetrætte enes om at udnytte i fællesskab', motsett det for nemnte trætustykki. På Andøya kan vi neppe vise til slåttenamn el.l. som fortel om slik semje (etter føregåande trette), men gammal fellesskap kjem iallfall til uttrykk i eit par namn: På Ånes finst ei gammal slåtte som heiter Hopenga. Eigentleg er det ein omtolka og lett forenkla uttale av «hopængna», det vil seie Hopeigna. I Lussfjellet på Nøss hadde dei Hopengern', tilsvarande. (Kva uttaleendringa eign > eng gjeld, kan vi jamføre med det eingong så vanlege uttrykket «være i barnænga» om kvinner som enno kan få barn, som enno er i barneigna.) Overgangen eller omtolkinga frå 'eign' til 'eng' er altså ikkje eineståande. Namn på -enga nytta om natureng-slåtter i utmarka er elles høgst vanleg allstad i landet. Meir særmerkt for Andøya er Haugnesenga, oftare med gammal uttale -einna enn med nyare uttale -ænga. Tvitydig verkar namnet Mikkjelsenga frå Åknes: ei oppløysing Mikkjel-senga minner om gulrotseng el.l. mens ei oppløysing Mikkjels-enga minner om Mikkjel <Mikael, jfr. Mikkjelsmess.

No vil jo trette og ufred om grenser for bruks- eller eigedomsrett komme til endes før eller seinare. Namn som beinveges går på det det kjenner eg ikkje frå Anda, bortsett frå den rett vanlege namnetypen Skiftet, Skiftebekken o.l. Dei er såmenn semje-minne gode nok. Men gardsnamnet Sama i noverande Harstad kommune kjem utan tvil av norrønt sami m. (underform sama), som både tyder «rett som kjem einkvan til» og «semje, forlik». Ja, sjølve ordet semja har fleire interessante tydingar, så som «Grænseskjel mellem Gaarde eller Marker», og «Dokument om Grændseskjel», i flg. Ivar Aasen. På dette punkt i denne populærframstillinga er det naturleg å nemne namneminne som har med øvrigheita å gjere: To slåtter nemnd 1782 og 1791 under gnr. 48 Leiet på Andenes heitte Futen og Skrivaren, ei anna omtalt samtidig under gnr. 50 Brattbakken var Juska (vel Jutska = juten si slåtte), altså etter ein innflytta danske, og Prestaksla med Prestakselstakkan kan vi rekne til same kategori. Meir uvisst er om Prestlatberget på Ramsa går tilbake på ei lokal *prestslåtta. Individuell skyldsetting av slåtter var neppe vanleg, derfor er det merkeleg at Pundsleiet nemnd 1782 og 1791 under gnr. 52 Austersalberget på Andenes synest å vere ei slåtte.

Kvardagslege slåttenamn

Fleirtalet av slåttenamna er kvardagslege og nøytrale, så som Glunteslåtta nær Vesteraksla i Bjørnskinn og det meir tvitydige slåttenamnet Rubbeglunten tett austom Mulelva på Åse (“glunt” = “unge” om eit vedheng?) - og Kallia, Kjerringlia og Brurpien' i fjellet på Bø. Kva som ligg i det siste finn vi kanskje aldri ut av - ei tilfeldig hending?

Personlege slåttenamn

Meir personlege er slåttenamn som Antonlia på Ramsa, Evenslåtta (Evenrapa) på Bleik, Faltinhola (ei myrgjote som var slåtte) på Åse, Foldinlia austom elva på Å, Gurimyra (sevslåtte på Skogvoll), Hanselia på Nordmela, Hans Olsa-lia under Geita på Nøss, Hans Persa-myra på Åse, Hartviklia og Hartvikteigen (strandslåtte) på Å, Helmerslåtta (Helmer Torbergsa) på Åse, Henrikkufôret under Andenes (nemnt 1782 og 1791), kanskje identisk med Hemmingkufôret under gnr. 48), Hemminghytta (alias Himmel-hytta) over Storlia på Bleik, Inger Eriksde-lia (dårleg slåtte) på Åbergsjorda, Iverlia på Ramsa, Jakoblia (skrapslåtte) på Åbergsjorda, Janlian på Bleik, Jenslia på Meby, Johan Andreas-lia på Å? Johan Berglia (-slåtta) på Nøss, Johanneslia på Ramsa (nær Kvalnes-skilet), Jolia på Bø og på Nøss (òg kalla han Jo eller Stor-Jo der), Karen Persde-lia på Ånes, enn vidare han Lars i Bjørnskinn og han Litje-Lars på Bø, der også Nilslia (raste ut kring 1850), vidare han LitjeLars der og Kolbeinta på Åknes, Magnillbakken (nemnd 1791, kanskje identisk med Magnillstakken nemnd 1782) på Andenes, vidare Marenbekkslåtta på Nygård, Martalia på Ramsa, Martines-holene (der slo han Ola Starheim) og Mikkelineslåtta (-lia) på Bø, Nilseslåtta på Saura, Nils Andersa-hólen på Åse, Olaslåtta (nær Sælebota) på Saura, Olelia på Å (etter Ole Enoksen) og strandslåtta Oleteigen etter same mann, Ol'Andreas-lia (Buksnes), Ol'Ivarsaslåtta på Skarstein, Ol'Mensa-lian vel på Åse, Ol'Olsa-lia austom Smålian på Å, Ol'Persa-teigen på Meby, Peder Tossensa-slåtta (= Lemnakkslåtta) på Åse, Rasmus-slåttene nordaust-om Petterhågen i Bjørnskinn, Sigvaldslian ovanfor kjerkegården på Ånes, Taraldslåtta i Bjørnskinn, Tobiaslia ovanfor kjerkegården på Ånes? og Åneslåtta (samisk mannsnamn) i Lovika.

Klikk for stort bildeDette biletet frå Nøss har innslag frå både den gamle og den nye tid, kva fôrhausting gjeld 

Slåttenamn som ho Elen og han Lars under Sølitinden nær Kobbedalen treng ikkje vere særskilt gamle, Rasmussenlia (= Rottmuen) under Å er det sjølvsagt ikkje, ei heller Stoltenbergslåtta på vestersida av nedste Nupvatnet: Det var ein mann frå Hamn (Risøyhamn) som heitte så, og som slo der. Derimot synest Lambertslia på Bø å vere eit gammalt namn, ettersom vi må att til 1567 for å finne ein mann med dette namnet på garden. Somme tider er det litt vanskeleg å avgjere om det er tale om beite- eller slåttebruk, bærrettar eller berre ei spesiell hending, ved namn som Øyelsbakkan (også Ågjels-) sørom Åknes, Gurimyra på Skogvoll og sistpå Mannelbekken (Magnhild-?) på Stave.

Karakteriserande namn

Namn på slåtter og beiteplassar kan vere rosande, så som Godlia (Bø), Godbakkan (Buksnes) og kanskje Vakkerjordlian (Skjolda), vidare også Fagerbakkan (Åknes) og Fagersletta (Nøss). Fjellgleda i Bøfjellet var Nestus og Paul si slåtte: Som namn på ein fugl er fjellgleda eit velkjent ord, men her er vel "-gleda" å forstå i vanleg meining. Dunklare er det historiske (1782 og 1791) slåttenamnet Ørkonlia under gnr. 46 på Andenes: Nærliggande er å tenke på ei lett dissimilert form av *ølkonlia, for gno. ǫlkona var ei kona som selte øl, og derfor kunne t.d. ei kald og god kjelde bli heitande ølkona. - Litt 'halvhjerta' er i alle tilfelle Vona som namn på ei slåtte - og kan hende ei bærmyr - nordom Kjerkeelva på Skogvoll. Namn av motsatt slag er sikkert nok vanlegare, så som Blautmannen og Måneskinet (-sjenne) på Skogvoll, Maskelia (Sørmela), Kakstangen (*kakstonga = "gapestokken"?) under gnr. 50, Skarpstranda under gnr. 54, Skrumpen under gnr. 43 - alle nemnt 1782- 1791 frå Andenes, Jammerdalen og Smalhans (der det er trongt) og Trollrapa på Bø, Smiten på Skogvoll, Våtmøskje (ført opp under gnr. 47 på Andenes 1782 og 1791). Avkastninga var kanskje heller ikkje stort å skryte av i den sevslåtta i Sellevollfjellet som heiter Kommogen – med mindre ei særskilt hending ligg bak. Litt spesielt er namnet Farlia på Nøss, som neppe har med «fader» å gjere - derimot var det ein farleg plass der det hendte at det gjekk alvorlege ras. Namnet blir uttalt med lang a og kan derfor ikkje komme av (skrede)far, som ville lyde som «farr» i målforet: Snarare viser det til norrønt far n. 'fare, skade'. Uvanleg er Kregdelian (Bø): Namnet kan minne om kragg 'krongletre', kjent frå somme norske dalføre, men like gjerne om norrønt kregð 'kryp, stakkar', i nyislandsk også 'vantrivning'. Beite eller slåtte, namnet må i alle fall vere av den nedsettande typen, sjå framfor.

Ein heil del li- og slåttenemningar er meir nøytrale, eller nøkternt karakteriserande om vi vil, såleis skakke om små sidelier (mykje brukt på Bø og Nøss) og rumpa om smale «tarmar», t.d. Rumpelia og Skarperumpen' på Bø: «skarp» vil her seie mager, steinfull. På Bø finst ogsa Mjølia, «den mjå lia». Heile tre liar i fjella kring Bø heiter Røllia, likeins ei fjerde nordom Sandnes: Det ligg i namnet at der går ein rygg, ein røl (rǫðull) nedetter desse liane. For øvrig er ordet røl i slekt med stadnamn som Ra og Røa.

Ei namnegruppe for seg er li- og slåtte-namna på 'skinn': Ei kjend slåtte var Bukkeskinnet på Bø, og same namnet finst i fjellet vestom Myre og sørom Andenes (på den siste staden visst berre brukt om berg-flog i Skreda). Men ovom Geitbakken sorom Andenes hadde dei iallfall Geitskinnet, for ikkje å gløyme gards- og soknenamnet Bjørnskinn: Dette gjaldt nok opphavleg ein større eller mindre del av det graskledde og slette Bjørnskinnfjellet. (Merk også gardsnamnet Bukkskinn i Lenvik.) Å avgjere om 'skinn' i kvart tilfelle er ei bokstavleg samanlikning som har med form å gjere eller om “skinn” er eit utbreidd samanlikningsord for lier av ei viss form - det er ikkje så enkelt. Men det siste kan ha noko for seg, iallfall er Skinnan li-namn i Bjarkøy. Om slike 'skinn' opphavleg var beiteplassar som slåtter er også eit ope spørsmål.

Klikk for stort bildeI Bjørnskinnfjellet er namnet på alle liene (slåttene) kjent. 

På sørsida av Breiviknakken finn vi slette- og slåttenamnet Finnperrelen: Det er ikkje så avgjort at namnet gjaldt ei dårleg slåtte - det kan like gjerna ha vore ein finnebuplass med svært liten jordflekk: Jamfør perel (peril, piril) om slikt som er tynt, veikt eller lite tess. Eit par liar i Kobbedalen ber eit reint samisk namn - begge heiter dei Bære -eller Bæra-rii'da: Førsteleddet er enten noko så enkelt som samisk Bera for Peder, eller også eit langt eldre lån frå norsk, jamfør det tyske og engelske ordet for 'bjørn' og likeins norrønt bera 'binne, hobjørn'. Sisteleddet er eigentleg same ord som vårt «skreda», norrønt skriða, som i samisk låneform ride eller rii'da tyder «en steil og afsondret Græsflek i Fjeld ved Kysten, hvor man hensætter Faar og Geder om Sommeren» (Friis), «isolert, temmelig bratt gressli» o.l. (Qvigstad). Ei li i fjellet sørom Bø heiter Aktelia, og å 'akte' var å passe på: jamfør «banaktar», «reinaktar» og liknande ord. Lia låg truleg høveleg til for dei som sat og akta krettura for rovdyr og trong ein god utkiksplass. Mindre sannsynleg er at dei her måtte akte seg for snøskred vinters tid, el.l. Avgjort negativt er namnet Kvesmesletta innom Bø: Enten det no var slåttefolk eller ein skarve gjetarpilt som la namnet – kvesma stakk like ilt.

Klikk for stort bildeKufôret sørom Børrvågen, nedom Bukkekjerka. I bakgrunnen Vausskjæran 

Folk snakka om 'ungsmalhøy', det vil seie høy åt ungsmalen (lamma især), og såleis er Ungsmaløyra på Åse å forstå. Namnet har med tidleg beiting om våren å gjere, for det blei først avbera der, jamfør Ungsmaløya i Nyksund og i Raftsundet. Vanlege er også gamle utslåttnamn av typen Kufôret, Kufôran (også Kufôrhola, Kufôrmyra). Rabbekufôret under gnr. 47 på Andenes og Storkufôret under gnr. 58 er omtalte år 1782 og 1791. Om sjølve grasslaget fortel Røyrlia i Forfjorden og Sevslåttene ved Møskjevatnet på Andenes.

Stadnamn om arbeidet med høyet

Graset blei tørka på marka, og konkrete minne om arbeidet med å prekevere høyet etterpå er namn som Høystakkholmen (Nordmela), Høystakkhågen (Skogvoll), Stakkan og Høystakklia også kalla Stakkelia (Ånes), Høystakkmyra (Bø, Buksnesfjorden og Fornes), Høystakkneset (Lovika, Tranes og Stave), Høystakkslettene (Buksnesfjorden), Høysætlia (Bjørnskinn) og Høytuva (Svindalen). Bø har Småhøystakkmyran mens Forfjorden har to stader som heiter Storhøystakkmyra. Nordmela hadde nokre slåtter som enkelt nok heitte 'Storhøystakken', 'Mellahøystakken' og 'Litjehøy-stakken', jfr. Austerhøystakken i Forfjorden, likeins Larshøystakkan på nordsida av Einleten og Møskjestakkan ovanfor Møskjetjønna på Andenes.

Namneutviklinga har vore denne. a) 'namn' på sjølve høystakken. b) namn på høystakk-støet (den faste plassen for vedkommande høystakk der dei la ny vedstol kvart år). c) namn på slåtta kring vedkommande høystakkstong og -støe. Det er dette namneforskarane brukar å kalle 'namneekspansjon' og ekspansjonsnamn Av same type er eit merkverdig gammalt slåttenamn frå Åse, nemleg «Mannen på Buska»: Namnet synest å vise at den første høystakken på staden - eller dei første - hadde ein avkvista eller sjølvdaud buskestamme til høystakkstong. Dessutan er faktisk både Mannen (= Hinmannen) og Blautmannen (!) slåttenamn på Skogvoll. Det ser såleis ut til at 'mann' kan ha vore eit særskilt ord for høystakk eller stor høysåte. Meir tvitydig er slåttenamnet Urmannen på Nøss og Bø, ettersom «mannen» i det tilfellet kan vere ei omtolking av «manen», om ein kant som strekker seg nedover urda, eller så har det ein endå meir spesiell bakgrunn.

Forklaringa kan verke litt søkt, men også fjellformasjonen Mannen sørom Nordmela har utprega såte- eller høystakkform. Vi skal også legge merke til dei gamle segnene om svenske- eller russe-herjingar i Nord-Noreg i gammal tid. I fleire tilfelle høyrer vi om korleis den som er tvinga til å vere vegvisar for røvarane, narrar dei med ein bløff: Kornstaurane på markene nedmed fjorden ligg i halvskyming - det er «hæren» til nordmennene som står oppmarsjert, klar til forsvar.

Klikk for stort bildeFjellformasjonen Mannen nær Litjeland mellom Nordmela og Børrvågen. 

Men for å vise litt meir av sjølve miljøet knytt til fjell- og markeslåtta og korleis ein gutunge kunne oppleve dette i ei Andøy-grend (Bleik) på siste del av 1800-talet, saksar vi litt frå den gamle Andøya Avis (årgang ikkje notert). Han som fortel, er Andreas Olai Pedersen (1845 – 1932) på Andenes. Ole Madsen, Mikal Madsen og Mathias Madsen på Bleik var onklane hans mens Serine Jørgensdtr var tante hans, så han var saktens heimekjend på Bleik òg. Og slik er Andreas Olai Pedersen sine barndomsminne frå fjellet på Bleik:

«Øst i fjeldet er en slåtteli som heter Storlien, den hadde alle naboer fælles, og den blev ikke besøkt før al anden slåtte var undavgjort, da samledes alle på en dag og begav sig med sine ljåer til Storlien. Når det blev middag, sendte alle koner et barn med rømmegrøt til sine mænd, og de som ingen hadde at sænde, mødte selv op. Storlidagen betraktedes som en festdag til avslutning på slåtten, og der vanket megen spøk når kallerne skulde smake grøten hos hverandre, og hver skulde skryte av sin kone. Neste dag var det konernes tur at gå i Storlien og 'breie' høiet, og da hadde de han 'Kaffelars', samt sukker, fløte, lefser og andet smågodt med sig. Da fik småjenterne være med, og de hadde at hente vand fra en bek og koke kaffe borti stenuren. Når høiet blev tørt, samledes både koner og mænd i lien og raket høiet og bar det ned på sletten nedenfor, og så blev alt byttet i såter. Om kvelden samledes man gjerne til dans som avslutning på det hele, og da danset både gamle og unge. Og det er underlig at mindes, hvilken sving de hadde i sine bevægelser, disse 50-60 års mænd og kvinder...Når dansen var slut ved midnat, gik far og mor hjem; og var der sønner eller døtre, så fulgte de med hjem og gik til ro samtidig med forældrene, ingen svermen ute på egen hånd ut i de små timer».

Samarbeidet og fellesskapen var neppe sterkare nokon stad på øya enn just på Bleik og kunne sjølvsagt ikkje opplevast like sterkt på ein av dei meir fåbølte gardane. Men same kor på øya du budde, var no sjølve utslåttebruken ein viktig faktor fram til mellomkrigstida 1914 – 1940 eller så.

Innlysande nok var det å sanke fôr i utslåttene aller mest nødvendig for dei som var etableringsfasen og hadde lite å ty til elles. Eit godt døme i så måte kan vere Astrid og Knut Myrvang, bureisarar på Bø frå 1936 - 1937 og foreldre til artikkelforfattaren. Knut Myrvang (foto under) skriv på sine gamle dagar:

«Sommeren 1939 var varm og god, og vi hadde 20 lass høy stående i stakk fra Bukkeskinnet og til Røyrbakkan. Astrid var med og kåva og raka, det kan jeg skrive under på, og når jeg hadde fått lagt vedstol av busker og ris og plassert høstakkstonga i midten, var det ho som lempa alt høyet opp til meg, først med hendene og sia med gaffel. Det hadde aldri gått så bra uten hennes uvurderlige innsats. Georg Pettersen var enestående ved at han slipte småljåer til meg. Astrid tok med seg brukte ljåer heim og hadde de nyslipte med tilbake når ho kom med mat, så den mannen minnes jeg med takknemlighet».

Etter 1945 har få eller ingen umaka seg med å bruke utmarkslåttene, og ei fyldigare framstilling av slåttebruken før den tid burde vere på sin plass, men som nemnt er førstehandsskildringane sparsame. Fotoapparat var det få som åtte, det var iallfall ikkje noko du hadde med deg i slåttefjellet eller på torvmoa, nei det var reservert for festlege høve, derfor blir òg fotodokumentasjonen av den typen kvardagsslit i knappaste laget.

Klikk for stort bildeKnut Myrvang