Vesterålen – korleis oppstod namnet?

Klikk for stort bilde"Bøfjerding" 1999, nyredigert

Av Finn Myrvang

 

Namnet Vesterålen gjer seig motstand mot sikker tyding, kunne vi godt seie, og derfor er det eit engasjerande emne. Vi kjenner også det gamle samiske namnet på Vesterålen. Det er lånt frå nordisk og er derfor tatt med i J. Qvig­stads arbeid frå 1893, «Nordische Lehnwörter im Lappischen», som handlar om slike lån. Eigentleg finst det i to variantar, Víestterálas og -allas. Denne Vesteråls-samiske dialektforma kan forresten sjå litt avstikkande ut, saman­likna med nordsam. oalli «djupå1; hovudretning», som også er lånt frå nor­disk, jamfør norrønt áll «djup renne i botnen av elv eller sund» (i islandsk òg om elvegrein). Merk likeins færøysk álur «smalt straumfar». I skaldespråket var áll dessutan nytta i tydinga «havstraum, hav», vi kan vel også seie «sjø, sjøvatn», for kva Vesteråls-fiskar har ikkje høyrt om grønål og straumål

Drøftinga vår har eit greitt utgangspunkt: På kart kan vi drage ein tverrstrek mellom Dragneset på Hadseløya og Ramberg i Bø. Vesterålsfjorden strekker seg etter tradisjonell reknemåte nærmast frå denne lina og ut til Dråtten ved Litløya. At det rimar å tenke på hav og havstraum i samband med den vid­opne Vesterålsfjorden skal vere visst, men er Vesterålsfjorden og Vesterålen opphavleg det same, eller er Vesterålsfjorden noko ganske anna enn det som eingong heitte Vesterålen?

Vesterålsfjorden er greitt nok ei renne (jf. samisk oalli), og det er heller ikkje stor tvil om kva hovudretninga er. Men når sant skal seiast, blir vel Høla (frå Vesterålsfjorden og nordover til Hovden på lag) også ei markert eller velde­finert renne? Skulle Høla vere den opphavlege Vesterålen, er det lett å tenke seg at Vesteråls-namnet med tida kom til å gjelde gardane og fiskeværa som låg mest strategisk til ved havkanten. Vi kan rekne dei opp: Hovden, Nyke, Sandvika, Åsand, Vikan, Skorvågan, Søberg, Været, Nakling, Vågen, Skjer­dingstad, Litløya – gardane frå Føre og langt innover Bygda ikkje så mykje ulikare. Gjett om bøfjerdingane visste om fiskerikdommane innom og utom Høla!

Då heiter kanskje Vesterålsfjorden som han gjer etter Vesterålen som namn på bygdelaget, men like snart er samanhengen den at Vesterålsfjorden fører ut mot og ender just i møte med sørenden av Høla? Andre oppfattar namnet Vesterålen så, at Eidsfjorden, med sitt naturlege framhald Vesterålsfjorden vidare sørvestover, er den vestre ålen, sml. med Sortlandssundet + Hadsel­fjorden på austre sida? Å leite etter den *austerålen som liksom skulle vere motstykke til Vesterålen kan likevel vere litt misforstått og hyperlogisk, for Vesterålen oppfatta som «ålen i vester» (evt. «ålen mot vest») blir ikkje ei namnelaging som utan vidare krev motstykke i aust, men gjennomtenkinga skadar ikkje.

Mang ein fjord i det vide øyriket er gjennomgåande sund, ikkje innskjeringar som er stengde i botnen – noko Eidsfjorden nettopp er. Kva tid vart vel inste Eidsfjorden ein verkeleg fjordbotn? Her kan Økonomisk Kartverk kombinert med data om landheving komme oss til hjelp: Dei tider sjøen stod ca. 20 m høgare enn no, gjekk det eit sund mellom Eidsfjorden og Romsetfjorden = Prestfjorden, men då går vi så langt tilbake i tid at all namneforsking misser fotfestet. 

Andre ål-alternativ har meir for seg: Det er velkjent at avstanden er kort frå Skjærfjorden i Øksnes og til inste Bjørndalsfjorden (Bjørndalspollen), delvis i Øksnes den og. Her strekker 10-meterskoten seg sørvestover frå Bjørndals­fjorden og til Gammelsætra, med tjønn på tjønn i rad – Dragarvatnet, Kjørar­vatnet, Senvatnet og Rundvatnet, namn som minner om den forgreina fjord­armen der eingong var, men der endte og sistnemnde: Du må over eit skard for å komme frå Rundvatnet og over til Skjelbugen.

Mest interessant er låglandet på det eigentlege Skjærfjordeidet, på begge sid­er av beinaste vegen frå inste Skjærfjorden og 500-600 m innover mot Ra­holman i Bjønndalsfjorden. Myra på dette eidet må ha vore eit jambreitt og jamgrunt sund om lag samtidig med at strekninga frå Rundvatnet til Dragar­vatnet endå var ein fjordarm. 

Enkelte lesarar vil ha merka seg at det her blir skrive Skjærfjorden i samsvar med lokal uttale, ikkje Skjell- eller Skjelfjorden. Det er ikkje på slump, men det er no alt anna enn enkelt å påvise kva skjer som må ha gitt fjorden namn. Derimot får vi ei handfast (for ikkje å seie landfast) namnetolking dersom vi her tenker oss Skjær- tillempa av eit vesterålssamisk Skair- = samisk skáidi, som ikkje berre kan tyde «landtunge mellom to elvar som renn i hop», men også «smalt stykke land mellom to innsjøar» mm. I alle fall sørsamisk har ei dialektform skaire av dette ordet. 

Men vi må òg sjå nærare på det tverrsambandet som eingong var til mellom Eidsfjorden og det som i dag heiter Vikbotn, i Vik i Sortland: Ved l0 m høg­are havnivå blir heile Vikeidet (før kalla Breivikeidet) overflødd. Slik var då stoda for om lag 10.000 år sidan, men så seig landet ei tid, før det atter heva seg så mykje at havet på ny nådde dagens 10 meters-kote: Dette skjedde for «berre» ca 5.000 år sidan. Men dette er middelverdiar, og vi nok må rekne med at storflør, som hopar opp store vassmengder inst i fjordane, fekk både Vikeidet og Skjærfjordeidet til å «renne over» inntil halvanna årtusen etter den tid. Under eit slikt perspektiv er det lett å sjå at Eidsfjorden kan vere eit yngre namn enn Vesterålen.

Klikk for stort bildeKartutsnitt med Sortlandssundet – Hadselfjorden i høgre halvdel, og raud markør på det låge Vikeidet, deretter den lange Eidsfjorden sørvestover med overgang til den djupare Vesterålsfjorden, som på ein måte svingar nordover når Litløya er passert. Kartverket  

Då Vikeidet nordom Sortland var ein vâl, hadde dei ei alternativ farlei mot vest som fortsette i det som no er Eidsfjorden, den vestre ålen ganske enkelt, med ope samband over eit lite eid også til det som no er Vestbygda i Øksnes. Samisk namn på Eidsfjorden er Nuorevuotna, «sund-fjorden». Det faktum at Sortland er rekna med blant øynamn i Snorre-Edda får fornya interesse i ein slik samanheng. 

Vart så Vesterålen etter kvart namn på busettinga òg, på begge sider av den same farleia vestetter til fjordgapet mellom Taneset på Hadseløya og Skagan i Bø – eller i praksis endå lenger ut, slik namneskikken for fjordar gjerne er? I dag reknar ein Vesterålsfjorden eller Fjorden heilt ut til Litløya er passert, endå den naturlege avgrensinga på hi sida ikkje er heilt innlysande for den som berre reknar etter kartet. Eit liknande døme kan vere at sjøfarande fram­leis reknar seg for å vere på Grunnfjorden når dei er sør ved Brakset i Raft­sundet, for alt at kjeften i Grunnfjorden eigentleg er nord ved Svartsund. 

Resonnerer vi slik, kan det historisk sett yngre namnet Eidsjorden «ha lagt under seg» om lag halvparten av det Vesteråls-namnet opphavleg stod for, men her – som for Høla – saknar vi ål-namn eller anna som kan bygge opp under teorien. Bortsett frå Vesterålsfjorden då, som passar i begge tilfelle.

Teorien med Vesterålen og Høla har likevel den fordelen at dei er djupe nok til at vi slepp ty til landhevinga for å få brikkane til å falle på plass. Dagens bruk av namnet Vesterålsfjorden i forlenging av Eidsfjorden kan kor som er minne om at namnet Prestfjorden på kart i våre dagar er «forvist» heilt ut til Romsetfjord-kjeften.

 Litt meir må seiast om den historiske bruk av namnet Vesterålen. 1349 er eit mørkt år i vår soge. Stoda i landet var ille lenge før svartedauden kom, men no vart det katastrofe: «Etter manndauden vart tusenvis av gardar liggjande øyde i lang tid, og mange grodde meir eller mindre til av skort på folkehjelp. Landskylda av leigebruka minka til halvparten, sume stader heilt til fjerde­parten, og gardprisane minka i same mål» (Norsk Allkunnebok).

Erkebísp Aslak Bolts jordbok frå 1430-40 skulle ettervise kva gardar kyrkja åtte, etter jordbøker og andre kjelder frå før manndauden især. Der finst ein eigen bolk med overskrifta «I Ylfue syslo oc Hofdasegls profastdøme» som nemner gardar spreidd over det noverande Hadsel, Bø og Øksnes, og her er det interessant at skrivaren ikkje brukar nærare plassfestingar i samband med gamle innkomstar «af Murasunde[!], Bø, Lækøy, Nykæ, Nywkæ waagha», medan det derimot er nytta seiemåtane «af Sudryggia – vid Manesholma», af Grimastadom – vid Manesholman", «af Eidhe ligger widh Malnes» (seinare tilføying) og meir slikt.

Merkeleg nok er namnet Vesterålen kun nemnt i samband med inntekter «af Norduiniom [Kleppelva]... j Westral» og «af Skala brekko j Westralom». Vi må sjølvsagt vere merksame på at det som kom med i Aslak Bolts jordbok er sanka frå eldre kjelder av ymist opphav og med ulike formuleringar, men når Vesteråls-namnet er brukt slik som her, er det vanskeleg å forstå det annleis enn at det så nokolunde har omfatta noverande Bø kommune, då Kleppelva høyrer Bø til, medan Skålbrekka ligg i Malnes. Det samsvarar bra med både tradisjonell reknemåte og med det vi veit om folketyngda i gammal tid.

Heller ikkje skal vi oversjå det faktum at det i Vesterålen av i dag finst tre BØ, men berre eitt Bø i Vesterålen. Dei to andre var kalla Sortlands-Bø og And-Bø, i dei tilfelle då presisering trongst. Slike punktobservasjonar høver upåklageleg med det som er skissert framfor, med Vesterålen som namn på eit bygdelag med eldgammal busetnad og då med både Bø og Bøholmen og Bøværøya alias Gaukværøya som kjende stoppestader.

Framfor er det skissert to tenkelege topografiske utgangspunkt for Vesteråls-namnet. Sentralt i begge står namnet Vesterålsfjorden, som er farvatnet frå Eidsfjorden og ut til sørenden av Høla. Kan hende kjøper lesarane ingen av teoriane, utan vidare. Men vil minne om at også namnet Lofoten synest å ha med straumfar å gjere, det vil seie 'fot' nytta om utfallselva eller -elvane frå dei store låglandsvatna på Vestvågøya (med området ikring), det eldgamle Lófót. Her får vi då på den eine sida ein interessant parallell, på den andre sida også ein litt artig forskjell: Same kva forklaring vi landar på, må vatnet som rann i Vesterál nødvendigvis ha vore saltare enn det som rann i Lófót!