Vidrak, Vidrek eller Vidræk?

Klikk for stort bilde Rønnaug Indregard Eit norsk eller samisk naturnamn?

«Håløygminne» 1-1991

Av Finn Myrvang

Magnus Røger har i Håløygminne 1943 (bind 6: 449) ein liten historikk om garden Vidrek i dåverande Ankenes hd. Denne blir innleidd med eit oversyn over gamle skriveformer, i hovudsak henta frå Ryghs "Norske Gaardnavne", men supplerte med enkelte former frå tida etter 1723: Vi kan seie, forenkla, at blant dei eldste formene dominerer -rek, -reck, men vi finn óg Wirach i 1612 så vel som Wirack 1610, 1614, 1647 og 1661.

Om uttalen fortel Magnus Røger:
"Navnet uttales, som bygdens dialekt er, med stum d og æ-lyd, altså "Viræk", og man må vel gå ut fra at denne uttale, som har gått i arv fra slekt til slekt, er den riktige. Å anvende den nuværende skriveform "Vidrek" uten å benytte bygdens dialekt er uriktig. Navnet skal under alle omstendigheter uttales "Viræk"." Så langt Røger.

Det er kjent nok at Rygh ville tolke namnet som ei samansetting av gn. viðr m. "skog, ved" og gn. reki m. "stad der ting plar reke i land". Her gir Røger sin skepsis klart til kjenne:

"Hvad angår O. Ryghs tydning av navnet, så vil jeg ikke bestride riktigheten, men tilføie følgende bemerkning: I en skogrik bygd som Ofoten har drivved ingen betydning hatt, i den utstrekning at en gård kunde ha fått navn deretter. Og dessuten forekommer der ikke drivved i fjorden, da denne er en lukket fjord som ikke har store elver som kan føre med sig skog og ved. Tydningen av navnet høres derfor unaturlig ut for bygdens folk".

Røgers eiga tolking er at Vidrek inst i Ofoten eingong var ein "vidrekkende" gard som femnde om dei vide områda innanfor som endå ikkje var busett, og det er sikkert rett i sak, men den språklege sida av dette er så problematisk at det må vere rett å kalle det for ein folkeetymologi. Derimot blir Røgers reale innvending mot tolkinga i NG blir ståande, med full tilslutning frå alle lokalkjende, i samtid så vel som seinare.

Sjølv har eg hatt høve til å kjøre langs strendene på Vidrek på ein godversdag, innstilt på å finne ut noko meir om drivved-teorien. Og sant nok, han er lite tilforlatelig. Som andværing og vesteråling er eg vél van med å legge merke til korleis landskapet er på dei stadene der det vil samle seg rak, t.d. Rekvika mellom Stave og Bleik på Andøya. Men Vidrek har eit heilt anna landskap: Det som framfor alt dominerer synsinntrykket når du fer frammed landet fram, er særs vide utgrynne eller leirer som fell tørre på fjære sjø. Eg såg ingen ting som kunne tyde på at der var drivved-plass. Vel å merke, først seinare vart eg merksam på kva Røger hadde å seie om saka.

Klikk for stort bildeVidrekleira med Risøya og Vidrekøyan. Rønnaug Indregard  

Ei heilt anna forklaring byr seg fram, nemlig at sisteleddet -rek eller rettare sagt -ræk (med lang æ) går tilbake på eit terrengnemne som svarar til nordsam. rækča (variant ræjča), som tyder "utleire" eller rettare berre "utgrynne", ettersom det både kan vere tale om laira-rækča (dvs av leire) og saddo-rækča (av sand), kalt sattie-lairie òg . Det sentrale blir då utleire som landskapstype og ikkje leire som materiale. Det er tydelegvis den digre Vidrekleira som har gitt garden namn!

Korleis kunne eit opphavleg samisk naturnamn bli til norsk Vidræk, Vidrek? I flg. Qvigstad var jo samisk form av namnet rett og slett Virek (lang i og e), genitiv Virega (Qvigstad). Men eit avgjerande argument mot forklaringa eg vil skissere er neppe det, for i nordlandske gardsnamn synest ei utvikling a) samisk namneform b) norsk innlån og tilpassing av det samiske namnet c) samisk tilbakelån + tilpassing av det «norske» namnet å ha skjedd ofte nok.

Det nordiske adj. "vid" finst som innlån i både nordsamisk (viidis) og lulesamisk, jfr. også lulesamisk viita adj. "vid, med stor utstrekning". Kva alder innlånet har, veit vel ingen, og eg kjenner ikkje noko døme på at det er brukt som førsteledd i andre samiske stadnamn. Som førsteledd i sørsamiske stadnamn mm. opptrer ordet med former som vir-, viri-, virisch-, viris-, virisj-. I samansetting med eit sisteledd som -rækča gjorde det vel ingen skilnad.

Også førsteleddet Vi(d)- vart vel oppfatta som samisk, lat så vere at det må vere eit opphavleg innlån frå nordisk. Elles må det vere rett å påpeike at vår kunnskap om gamle nordlandsk sjøfinn-dialektar er fragmentarisk. I dag blir Ofoten (fjorden) iallfall rekna som vestgrense for nordsamisk språk på norsk side.

No er rækt(s)ja kun ein annan stavemåte for rækča (reakča), og norsktalande høyrde vel ei ordform *rækja. I ein epoke då uttaleformer som sak-ja, vik-ja, brok-ja var einerådande i ofotdialekten må ei norsk tilpassing ræk-ja av sam. rækča ha glidd inn i same kategorien, endå ordet slett ikkje er eit einstavings norsk hokjønnsord.

Gåtefullt – eller kanskje ikkje? – er at falsk bunden form *Vidrekja, som vel eingong fanst, ikkje heldt seg med endinga -a, slik som namn på -vika, -øya osv. Årsaka var truleg at det ikkje finst noko norsk ord (ei) *rek, b.f. -reka. Skriveforma "af Widrekom" hos Aslak Bolt så vel som varianten Vigerecke frå ca. 1520 tyder likevel på at namnet eingong fanst i trestavingsform – som skrivarane søkte å normere så godt dei forstod, enten dei tydde til norsk eller dansk skriveskikk. At hevdvunnen uttale Viræk med lang, brei æ også kunne forståast som Vidrak på godt dansk er i denne samanhengen ikkje det minste overraskande.

Tidlig på 1900-talet - årstalet skal eg la vere usagt - vart Vidrek postadresse. Seinare er denne atter rasjonalisert bort, som så mange andre i grisne norske grender. Detaljane i dette ordskiftet kjenner eg ikkje, og isolert ville dei nok ha avgrensa interesse. Fleire gonger har eg nemleg fått høyre, utan i det heile å ha spurt om den sida av namnesaka, at strid om stavemåten mykje godt var eit spørsmål om kven folk ætta frå, innflyttarar eller folk som var ofotingar i alle kjente ledd, altså i større grad eit sosiologisk enn eit filologisk spørsmål. Det har sekundær interesse for den som berre vil finne ut kva namnet tyder.

Framleis er det visst ein del kjensler knytt til dette gamle namnespørsmålet: Det er neppe meir enn 1-2 år sidan NRK i Bodø (lokal-sendinga) meldte at privat initiativ (ↄ: sprayboks) var tatt i bruk for å "rette" Vidrek til Vi(d?)rak. Kor ironisk blir det ikkje då, vel å merke dersom mi namnetyding er rett, at begge partar får like mykje/like lite rett: Sisteleddet med nedarva uttale -ræk kjem frå samisk rækča, som med moderne nordsamisk stavemåte skulle bli - reakča.

Er så Vidræk alias Vidrek/Vidrak i dag eit norsk eller samisk namn? Det kunne òg bli eit interessant ordskifte.