Vikkje

Klikk for stort bildeNyredigert etter «Håløygminne» 3-1961. 

Av Finn Myrvang

Risøyrenna er velkjend i samband med hurtigruta, og i Wikipedia kan vi lese at «Risøyrenna er en utgravd del av Risøysundet ... Før mudringen som var fullført i 1922, var det mulig å ri over sundet, eller 'Risøyvikkje' som det ble kalt, ved fjære sjø» (Wikipedia). Det kan vi samanlikne med Amund Hellands omtale i «Norges Land og Folk» (s. 364):

«Fra Sortlandssundet gaar Risøsundet i nordøst mellem Andøen og Hinnø, og her ligger, nær indløbet til Risøsundet, Risøhavn. Risøsundet ligger mellem halvøen Risøen paa Andøen samt Korsholmen og Sandøren ved den nordvestlige del af Hinnøen. Det fører fra Sortlandssund ud i Andsfjorden. Førend det ved mudring blev uddybet, var det ved laveste vandstand paa en længde af omtrent 400 fod, kun 3 fod dybt; dybden tiltog meget langsomt paa begge sider, idet det paa vestre eller sydvestre side først paa en længde af 1400 fod blev 12 fod dybt under lavvande og paa østre side først paa en længde af 3500 fod....»

Klikk for stort bildeVikkje eller Risevikkje (Risøy-) var namnet på det grunne området der dei grov Risøyrenna (Renna) kring 1920, men Risøysundet blir tradisjonelt rekna rekna frå Risøyhamn og vestover, og ikkje austover som her. Kartverket. 

Detaljar frå mudringa treng vi ikkje ta med, det arbeidet pågår så å seie utan stans, men Andsfjorden er sjølvsagt feil for Andfjorden, og Risøysundet strekker seg etter tradisjonell reknemåte frå Risøya og sørvestover til Gavlen og Sortlandssundet. Grunnområdet der dei grov ut renna, det var Vikkje – eller med Antonius Nordengs ord i siste verset av hans Andøy-song: «Og når så i sør gjennom Vitje du går, snart neset ved Gavlen du når», det vil då seie med båt. – Klart misvisande er det når sjøkart kallar utfjæra ved Breineset i Lovika for «Risøyvika», det er nok Vikkje |'viᶄe| det då er tenkt på.

Ein kan diskutere om Vikkje i sin gamle tilstand var eit sund eller ein fløval, ja tilmed stavemåten er diskutabel, men at folk kunne ri over på fjæra sjø var eit faktum. Korkje bjørn eller andre dyr hadde vanskar med å finne faret til Anda. Etter at Risøyrenna var ferdig, gjekk det tradisjonelle namnet av bruk, men det var velkjent før den tid. Såleis seier Hans Eidnes (f. 1887): «I min barndom heime på Bjarkøy sa dei alltid Risøyvikkje – om leia mellom Hinnøya og Andøya. Det var den faste Lofot-leia både vest og aust», og like eins: "Klårar han over Risøyvitjet, blir det godver" (Håløygminne 1926: 241 og 1961: 583).

Namnet er ikkje eineståande: Utfor nordenden av Raftsundet ligg Sandøya og Raftsundholmen, og Vikkje |'viᶄe| er sjøstrekninga derifrå og nordover mot Brottøya og Helgenes: «ut på Vikkje» heiter det der. Men i vestre kant av same området ligg Vikkjeøya (sagt Vikkjholmen òg) med Skipøya tett nordvestafor og ei god hamn for småfarkostar kalla Skipøyosen. Nordvestover frå Vikkjeøya går eit sund som òg blir kalla Vikkje: først «inn i Vikkje» mellom Skipøya og Veøya – og så «ut i Vikkje» mellom Veøya og Ersholman nordafor. Ikkje nok med det, tett austom Vikkjeøya ligg Brattholmen, og der står ei lykt kalla Hanøyvekka. Den namnevarianten må kystverket svare for, akkurat som når det gjeld Anda fyr – men her i nordkant av Brattholmen er hovudleia. Samtidig går det i sørkant av Vikkjeøya ei djup, men trong lei kalla Jektleia inn til Skipøyosen. Ho blir òg rekna med til Vikkje, og der går fløstraumen nordover frå Raftsundet strid, så vel som mellom Vikkjeøya og Brattholmen, altså på begge sidene av Vikkjeøya. Det er såleis klart at Vikkje i dette tilfellet òg har med straumfar (straumrenna) å gjere. Elles er å seie at du kan høyre namneformene Hanøyvikkje og Brottøyvikkje, men lokalt heiter det ikkje anna enn berre Vikkje.

Klikk for stort bilde Utfor nordenden av Raftsundet ligg Sandøya og Raftsundholmen, og Vikkje |'viᶄe| er sjøstrekninga derifrå og nordover mot Brottøya og Helgenes. 

Vikkje |'viᶄe| har dei også i Rødøy, der som namn på ein passasje mellom Verholmen ved Rosøya og holmen Hemmingen like austafor. Floa skyt opp i ei djuprenne frå nord og over eit temmeleg grunt parti mellom dei to holmane til djupare og meir ope farvatn på innersida.

Vikkje |''viƫe| har likeins sør i Herøy, der floa pressar seg inn mellom norde enden av Sør-Herøya og Gottolsøya ved Finnvika på lag og inn på eit lite bai mellom dei to øyane, og så vidare austover og inn på Herøysundet via den tronge opningen ved Karsvika (Kalvsvika?)

Vikkje |'viᶄe| er overraskande nok også namn på ei eng på Myre i Andøy, nord i gården nær utmarka. Ein bekk fell ut i Myraelva der, og attmed låg Vikkjebrua. Det verkar nokså opplagt at namnet også i det tilfellet må ha med eit visst straumfar å gjere, opphavleg, men at samanhengen for lenge sidan er fordunkla.

Namnet Vikkje motsetter seg all rettskriving. Uttalen liknar på ord som ikkje og bikkje, men dei har tostavings tonelag. Saktens kan vi skrive Vikkjet eller Vitjet, men rimeleg meining gir korkje å vitje (sjå til, sjå innom hos, ettersjå noko) eller eit (lite) vik el. vek til sides. Tostavings tonelag har også eit ord som likkje = leke n. «lekkasje», men Vikkje i varianten *Vekke finst ikkje. Uttalen |''viƫe| frå Herøy er i denne samanhengen noko heilt for seg.

Det mest sannsynlege synest vere at Vikkje er ei ovgammal norsk tilpassing av vikket = vakket «stri straum» (Lindahl og Öhrling). jf. nordsam. vahkat,-is «stri» (om straum i elv) – som verb også: «bli striare, auke farta». Verd å merke seg i den samanheng er òg seiemåten «i dag e han våken på råsa» (om Bergsråsa i Senja o.a.), eit uttrykk brukt om farvatn der det vankar tung vind og mykje sjø.