Ylfi - Ulpi - Olvi

Klikk for stort bildeUlvøya (Olvi )= Hadseløya, sedd frå Værøya i Bø. Merk den skrånande fjellkanten ved Rørvika. Lengst til h. Nyken."Håløygminne" 1-1998

av Finn Myrvang

Dei fleste har sans for bunader, utan at dei kan sy ein, for det krev kunnskap og handlag, men dei som har dette, har også namn på dei ulike delane av bunaden. Slik er det også med den samiske bunaden: nordsamisk holbi er koftekanten eller ein jare nedst på han, og koftekantmaterialet heiter holbbis; kantane innom har sine namn. I lulesamisk heiter det tilsvarande ålpe eller hålpe om saum, både på klede og huve så vel som kant eller kantband på eit klesplagg. Det tilsvarande sørsamiske ulpie er bord (på klesplagg), især brem på kanten av kvinneklede.

Denne ornamentalske detaljen heiter i eldre ordbøker holbbe, olbbe, olpe, ulbe, rettskrivingsfinesser som vi trygt kan la ligge. Det har større interesse at dette spesielle ordet for kant, brem, bord kan hende også finst som landskapsterm på line med norsk jar(e), kant, list(e), rø(y)r o.l.

I sitt store arbeid "Nordische Lehnwörter im Lappischen" frå 1893 fører J. Qvigstad opp Ul'bé, gen. Ulpé "eine Insel in Westerålen" og viser til gammalnorsk Ylfi, i dansketida "Ulvø", særleg kjent via det administrative Ulvø fierding, på samisk truleg *Ul'bé fírtug om Ulvøy fjerding, då på line med Bievai fírtug om distriktet Bø fjerding. Men parallelt med øynamnet Ul'be, modernisert form Ulpi, nemner han også garden Ulpégieddé i Tysfjord, norsk Ulvika (Ulvvika), visstnok sagt både oll- og ullvika. Lulesamisk namn på sjølve vika er elles i flg. dagens kart Ulbbeluokta. Qvigstad forklarer ikkje dei to namna frå Hadsel og Tysfjord nærmare.

Klikk for stort bildeGrenda Ulbegiedde ved Olvika = Ulbbeluokta i Tysfjord, med Kjølen som ein lang, smal kant austafor. Statkart 

Særmerket for garden Ulbegiedde er at ein krum og temmeleg skarp fjellkant strekker seg austover frå bnr. 1, lengst nord i grenda. På norsk heiter han Kjølen, samisk namn er ikkje overlevert. Kartet viser tydeleg nok at det kunne vere like naturleg å tale om ein kant, bord eller brem.

Kva så med Ulvøya lik Hadseløya, har ho eit tilsvarande landemerke? Kjenner du ikkje deg sjølv, så spør grannen, seier ordtaket, og der ulvøyfjerdingane sjølve truleg nøler, kunne dei få ljomande "ja" frå bøfjerdingar som ser for seg fjellkanten frå Tanipa og Finnsæterkollen ned til Rørvika (Røyrvika). Blant Hadseløy-fjella kan vi seie at Nyken stikk seg mest ut, men i særpreg må han fire seg attom den nemnde fjellformasjonen: At han også er «skilsettande», framgår av det enkle faktum at når Hadsels matrikkel i og med Grunnførfjorden har gjort seg ferdig med Strandlandet, jumpar han over til Hadseløya med landhøgg just i Rørvika. Velkjent frå mange stadnamn i Nordland er røyr eller rør, brukt om lang kant eller rand i fjell eller havbotn, så vi tør rekne med at denne landskapstermen samsvarar nokså greitt med samisk ulbbe, ulpi.

Klikk for stort bildeUlvøya (Olvi )= Hadseløya, sedd frå Værøya i Bø. Merk den skrånande fjellkanten ved Rørvika. Lengst til h. Nyken. 

Det tør også vere velkjent at liksom Ulvika i Tysfjorden tidt går for Olvika, heitte Hadseløya tradisjonelt "Ulvøen". Denne tilføyinga av eit forklarande dansk -ø må ha vore eit administrativt påfunn, dei eldste bøfjerdingane og olvøyfjerdingane seier jo ikkje «Ulvøyholman» og «Ulvøyværan» (d.e. nord for Hadseløya), dei seier Olviholman og Olviværan med trong o. Her er kjem eit usamansett øynamn Olvi = Ulvi uventa til synes. Det korresponderer både med eit norrønt Ulfi så vel som med samisk Ulbbe eller Ulpi, med u uttalt som o. Merk at samsvaret mellom samisk lb (lp) og norrøn lf og nynorsk lv (eller omvendt) er regelrett, slik som i gálbi/gálbbe "kalv", silba/silbba "sølv", osv.

Det kan forvirre at øya heiter Ylfi i Fornmanna Sögur og i Flateyjarbók frå 1380-åra; i Aslak Bolts jordbok frå 1430-åra står "i Ylfue syslo" (som del av overskrift). Men fram til ca. 1250 (eller helst endå lenger) hadde y ein uttale som likna vår u; språkhistoria 1 fortel meir om dei lydendringar som oppstod etter rundinga av lang norrøn á til å. (Før den tid hadde u uttalen o, slik som i tysk så vel som i dagens lule- og nordsamisk.) Skriveforma Ylfi speglar nok eit norrønt ulfi, som svarar til det sørsamiske ulpie som alt er omtalt. At også Aslak Bolts jordbok har «i Ylfue syslo» likt med Ylfi i dei eldste kjeldene, må likevel kome av eldre førelegg, det var neppe samsvar mellom skriveform og uttale også på 1400-talet, for då burde det skjedd lydrett overgang til *ølve. (Ei anna tilnærming er å tenke seg at dei skrivande på eit visst tidspunkt valde å skrive Ulfi som Ylfi av di norrøn språkkjensle tilsa at U- fekk omlyd Y- pga. ståande -i sist i ordet). Vi finn i alle fall ikkje øynamnet skrive med Y- etter Aslak Bolts tid. Lensrekneskapen i 1567 talar derimot om Wldø fierdinng: Her må Wl- i alle tilfelle lesast som Ul-, medan -d- for v neppe er meir enn ein skrivarlapsus.

Ein kan spekulere på om den gamle Ylfi sysla var eit mykje større distrikt enn Ulvøy fjerding, slik eg sjølv har gjort i "Bygdene i Ylfi", Hofdasegl 1965. Faktagrunnlaget for slike spekulasjonar er tynt, anna enn at Ulbbe eller Ulpi er samisk namn på Olvi lik Hadseløya. Sysla Ylfi omfatta neppe meir enn den seinare Ulvøy-fjerdingen, stort meir er neppe å seie om det. – Uavhengig av dette skulle det ha vore interessant å ha visst meir om meklingsmannen Torvald Skiljandi, dvs. ein som skilde = gjekk imellom partar som var uforlikte. Han budde i Ylfi (Hofdasegl 1965: 262).

Hausten 2012 var det litt ordskifte i Hadsel kommunestyre, etter at samisk senter i Evenes gjorde framlegg om Ulpi Suohkan som samisk parallellnamn på kommunen: «Men det samiske navnet ble avvist av kommunestyret mot fire stemmer», heiter det til slutt, derfor flg. overskrift: «Hadsel blir ikke Ulpi». Referatet kan skape det inntrykk at kommunestyret har mandat til å avvise at Ulpi er det tradisjonsrette samiske namnet på Hadseløya, noko som er meiningslaust.

Er det elles råd å vise andre døme på at stadnamn-termen ulpi har vore i bruk? Sellevollvatnet på Anda er i aust avgrensa av det smale og nesten snorrette Olvera (trong o), ein uvanleg smal "saum" i myrkanten: Uttaletrykket er som i kvinnenamnet Barbara, og vi tør rekne med at at også øynamnet Olvi vart uttalt med alt trykket på første staving. Frå Olvika i Lurøy kan nemnast at der går ein markert, bratt kant langs vestsida av elva på same stad.

Klikk for stort bildeOlveskaret i Torsken (merk markøren) finn vi for austre enden av ein lang fjellkant. Norgeskart. 

Eit par andre helgelandske namn bør også nemnast: Ulvangen uttalt |''åłv-|, tydelegvis med gammal a-omlyd, er namnet på ein fjord og ein gard i Leirfjord. Den namneforståing at Ulv- der òg har med "kant, rand, jar" å gjere, samsvarar godt med lokal topografi, dvs. den langsmale Ulvangsøya, endå det ikkje er klarlagt korleis ein skal forstå tilhøvet mellom Ulvangen og den endå lengre og smalare Meisfjorden på sørsida, men -angen er sjølvsagt den vanlege norrøne fjordtermen -angr.

Klikk for stort bildeUlvangen i Leirfjord 

Tradisjonell forklaring er at fjorden fekk namn av dyret ulv. Dette skurrar, og dess meir for det siste namnet vi vil ta med, Ylvingen, ei øy i Vega kommune: Skriveforma med Y- ser vi hos Aslak Bolt, folket på øya seier øłv-, og Øluinngh er namnet skrive i 1567, medan vegværingane elles seier åłv-. For øvrig går dei historiske skriveformene stort sett ut på variantar av Ulv-. Her synest altså Ulving å ha fått i-omlyd pga. ståande i, meir usikkert er korleis det har seg med uttalen åłv-. Skråfoto syner ein markert strandkant på austsida av øya, men du treng ikkje sjå ho på skrå ovanfrå for å oppdage denne, like så lite som når det gjeld Hadseløya.

Her kan det jo sjå ut til at den samiske termen har gjennomgått ordinære norske omlydsendringar: Då må vi samtidig merke oss at ein liten ulpie heiter ålpetje på sørsamisk. Å tolke overgangen sørsam. ulpie > Ylvingen er dermed ikkje lett. Mindre tvilsam er heldigvis vår forståing av Ulpi > Ulfi > Olvi som namn på Ulvøya lik Hadseløya.

Klikk for stort bildeOlvera ved Sellevollvatnet på Andøya. Norgeskart.

Hadseløya lik Ulvøya, Ulpi er ei stor øy. I Raftsundet og mange andre stader i landet finst ei lang rekke mindre Ulvøya'r, men typisk for desse er snarare at dei er del av eit kompleks av øyar og holmar, og her har det si eiga interesse at norr. ulfr blir sett i samband med indoeurop. *ṷel «rive», men lite tyder på at termen ulpie har noko å gjere i det selskapet 

Fotnoter:

  1. Sjå Gustav Indrebø, "Norsk Målsoga" s. 116 og Vemund Skard, "Norsk Språkhistorie" b. I s. 88