2 Klart og korrekt språk tilpassa målgruppa
Språket vi brukar skal vere klart og korrekt, og godt tilpassa målgruppa det er skrive for.
- «Klart», betyr at det er god struktur og samanheng i teksten, og at vanskelege ord er forklarte.
- «Korrekt», betyr at vi rettar oss etter den offisielle rettskrivinga. Den finn du i desse ordlistene for nynorsk og bokmål, og i desse ordlistene for lulesamisk, nordsamisk og sørsamisk.
- At språket skal vere «tilpassa målgruppa», betyr at vi ordlegg oss annleis når vi vender oss til privatpersonar enn når vi skriv til andre saksbehandlarar (jf. § 9. Klart språk).
- «Pliktreglane» i språklova (§§ 12 til 18) gjeld for fylkeskommunen inkludert tannklinikkane og administrasjonen ved dei vidaregåande skulane. Unntaket er «opplæringsfeltet» ved skulane, som er regulert i opplæringslova.
- For de som jobber i WebSak og WebSak+er det vedtatt enkelte spesielle skriveregler. Se mer om det på denne linken
- Tegnspråktolk eller skrivetolk: Dersom deltakarane i møter, kurs og konferanser som vi står bak treng tegn- eller skrivetolk, så er det vi som har ansvaret for å skaffe tolk. Tolkeloven (LOV-2021-06-11-79) slår fast at offentlege organ har ansvar for å nytte kvalifisert tolk når personar ikje kan kommunisere forsvarlig uten tolk. Dette gjeld også ved offentlege arrangementer, møter og aktivitetar der innbyggarane tek del. Det er avdelingen som står bak arrangementet som må dekke kostnaden. Det kan være lurt lurt å ta med eit eget felt om slike behov i påmeldinga til arrangement.