OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Språkveileder

3 Bruk av bokmål, nynorsk og dei tre samiske språka

Bokmål og nynorsk:

  • Vi skal veksle på å bruke nynorsk og bokmål. 
  • Dette gjeld dokumenttypar som typisk er tenkte for ei «uavgrensa mengd mottakarar».
    • Eks. planar, stillingsutlysingar, brosjyrer eller nyheitstekstar som er retta mot eit allment publikum og som ikkje er stila til enkeltadressatar.
  • Veksling vil seie at vi skriv nokre tekstar på bokmål og enkelte på nynorsk. Regelen om veksling inneber ikkje at same tekst treng å vere i to språkversjonar. 
  • Omgrepet «Rimeleg samhøve» i Språkloven betyr at bruken av nynorsk og bokmål skal vere i samsvar med det som er det faktiske språkgrunnlaget i fylket. Praktiseringa er ei skjønnsmessig vurdering. Omsynet til nynorsk som mindretalsspråk vil likevel seie at det ikkje skal vere eit ein-til-ein-forhold (jf. § 13. Veksling mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument).

Lulesamisk, sørsamisk og nordsamisk: 

I Nordland fylkeskommune gjeld følgande krav:

  • Kunngjeringar frå offentlege organ, som særleg rettar seg mot heile eller delar av befolkninga i forvaltingsområdet, skal skje både på samisk og norsk (§3-2).
  • Skjema for eit breidt publikum skal vere både på samisk og norsk (§ 3-2).
  • Lokale føreskrifter av særleg interesse for heile eller delar av den samiske befolkninga, skal oversettast til det eller dei aktuelle samiske språka (§3-2).
  • Fylkeskommunen skal drøfte utfordringar og fastsette mål for å styrke samisk språk i det regionale planarbeidet (§ 3-13).
  • Tilsette i offentlege organ har rett til permisjon med løn for å skaffe seg kunnskap i samisk dersom organet har behov for slik kompetanse (§ 3-7).
  • Den som tek skriftleg kontakt på samisk har rett til skriftleg svar på samisk (§ 3-3). 
     

Opplæringslova og stadnamnlova stiller også særlege krav:

  • Alle elevar i språkutviklingskommunar og språkvitaliseringskommunar har rett til opplæring på og i samisk (opplæringslova § 3-2).
  • Ved vegskilting der fleirspråklege stadnamn vert nytta, skal det samiske namnet stå først i samiske forvaltningskommuner - ellers skal det norske navnet stå først (forskrift om stedsnavn § 7).