OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Språkveileder

4 Vi skriv til andre på det skriftspråket dei har valt

  • I dokument som er retta mot personar og verksemder brukar vi skriftspråket (bokmål, nynorsk, lule-, sør- eller nordsamisk) som dei sjølve har brukt i kommunikasjonen med oss, eller har meldt frå at dei ønskjer.
  • Dersom vi ikkje kjenner språkønsket til vedkomande, står vi fritt i bruk av nynorsk eller bokmål. 
  • I SMS-tenester, for eksempel i samband med pasientinnkalling i tannhelsetenesta, er det ikkje krav om eit visst skriftspråk. Heller ikkje dokument som er retta mot ein person, men som er automatisk generert til mange på same tid, er omfatta.
  • Vi skriv også til ein enkeltkommune på skriftspråket kommunen har gjort vedtak om. 
  • Ei oppdatert liste over språkvedtak (nynorsk, bokmål eller nøytralt) står i språkvedtaksforskrifta.
  • Dersom Nordland fylkeskommune skriv til fleire kommunar som har ulikt skriftspråk, så kan vi sjølv velje kva for skriftspråk vi vil bruke (jf. § 15. Bruk av bokmål og nynorsk til private rettssubjekt og enkeltkommunar).
  • Dersom målgruppene har anna morsmål enn dei som er nemnt over, vurder å bruke tolk.